Fann planet som nesten er heilt lik Jorda

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Alle dei 20 nye planetane skal vere mogleg å bu på då atmosfæren rundt planetane liknar Jorda og alle sirklar rundt ei stjerne lik vår sol.

Ifølgje nettstaden New Scientist verkar særleg éin av planetane lovande, fordi den er nesten heilt lik vår egen.

Flytande vatn

Planeten bruker 395 dagar på å gå i bane rundt si sol og har noko kjølegare temperatur enn Jorda, blant anna fordi den ligg litt lenger unna stjerna den sirklar rundt. Den er likevel varm og stor nok til å innehalde mengda flytande vatn som trengs for å gje liv.

Planeten ligg 720 lysår frå oss og går førebels under det enkle namnet KOI-7923.01, melder TV 2.

Trenger fleire observasjonar

Det er analysar frå teleskopet Kepler som er årsaka til at dei nye planetane er funne. Gruppa som har analysert dataa seier dei er 70 til 80 prosent sikre på at planetane er solide kandidatar til stader der det kan vera liv, ifølgje New Scientist.

Det er likevel trong for fleire observasjonar før ein kan seie dette sikkert.

Det er ikkje første gong det er funne planetar som liknar på vår egen, blant anna oppdaga forskarar i fjor ein ny planet med fleire likskapstrekk.