Bokmelding: Atmosphere – ein kjærleik utan like
Taylor Jenkins Reid grip tak i deg og gir ikkje slepp med Atmosphere, ein historisk roman og ei kjærleikshistorie utanom det vanlege.

Taylor Jenkins Reid er ein av dei mest suksessrike forfattarane i USA i dag. Ho har skrive ni romanar, blant anna bestseljaren The Seven Husbands of Evelyn Hugo, som gjekk viralt på BookTok i 2021. Fleire av romanane hennar har vunne Goodreads Choice Awards for beste historiske roman, og er populære blant unge lesarar både på engelsk og i norsk omsetjing.
Den nyaste romanen hennar, Atmosphere, kom tidleg i juni og ligg allereie på førsteplass på New York Times si bestseljarliste.
Atmosphere
Forfattar: Taylor Jenkins Reid
Forlag: Ballantine Books
Utgjeven: 2025
Sjanger: Historisk roman
Romanen følgjer Joan, ein astronom som jobbar med å undervise universitetsstudentar, sjølv om ho er overkvalifisert og eigentleg burde vore forskar. Ein dag får ho vite av søstera at NASA er på utkikk etter kvinnelege astronautar, og bestemmer seg for å søkje. Ho kjem inn på andre forsøk, og blir ei av få kvinner som får ta del i NASAs romferjeprogram på 80-talet.
Me følgjer Joan frå intervju til første astronautoppdrag og vidare. Me blir kjende med ho, venane og familien hennar, og ikkje minst: ein av dei andre astronautkandidatane, som ho etter kvart utviklar eit spesielt forhold til.
Kjærleik og feminisme
Eitt av dei tydelegaste temaa er feminisme, som blir vist gjennom Joan og dei andre kvinnelege astronautkandidatane sin lidenskap for det dei driv med. Dei må bevise mykje meir enn mennene før dei får viktige oppgåver og blir tildelt oppdrag.
Skildringa av korleis det var å vere kvinne på 80-talet er så vel gjennomført at ein blir provosert av å lese det.
Hovudtemaet er likevel ikkje feminisme, men kjærleik. Ikkje berre romantisk kjærleik, men kjærleik til venar og det ein held på med. Joan sin kjærleik for stjernene strekker seg heilt tilbake til då ho var lita, og dei andre astronautkandidatane har òg ein enorm lidenskap for det dei gjer.
Komplisert forhold
Sist, men ikkje minst, tek romanen for seg LHBTQ+-tematikk og retten til å vere og elske den ein vil.
Me møter Vanessa, ein annan astronautkandidat Joan blir god ven med. Forholdet deira utviklar seg sakte, men sikkert til noko meir enn vennskap, og Joan slit med å akseptere det. Ho har ikkje hatt mange romantiske forhold, og har alltid tenkt at ho klarar seg betre åleine. Det endrar seg drastisk når ho og Vanessa begynner å date i all hemmelegheit, trass i at dei kan bli oppdaga.
Det er ikkje berre gjennom forholdet til Joan og Vanessa me ser tematikken, men òg på korleis dei som finn ut av det reagerer, og kor mykje det kan bety; i verste fall risikerer dei to kvinnene å aldri få dra ut i verdsrommet.
Varmt og nært
Romanen drar deg inn i historia frå første stund, og til tider var han heilt umogleg å leggje frå seg. Sjølv om det er ein historisk roman, er handlinga lett å følgje og han er ganske lettlesen trass i den sterke tematikken.
Reid skriv forteljande og beskrivande om karakterane og stadane, men det er likevel så nært at det kjennest ut som ein er der. Ho skriv varmt og ømt både om det daglegdagse og det store, og det forsterkar dei viktige augneblikka i romanen som du elles kanskje ikkje ville sett betydninga av.
Vakker og viktig bok
Denne romanen greip tak i meg og ville ikkje sleppe taket. Det er ein av dei beste romanane eg nokosinne har lese om kjærleik, og den trefte så hardt at eg sat og grein meg gjennom dei fem siste sidene.
Han passar perfekt for unge lesarar som interesserer seg for feminisme og LHBTQ+-rettar, men òg for dei som berre vil lese ei god kjærleikshistorie utan kliss.
Reid har igjen klart å skape eit heilt unikt univers som er lett å leve seg inn i.
Cappelen Damm planlegg å gi ut boka med den norske tittelen «Atmosfære». Boka er venta å vere i sal 19. august 2025.