Poesien gøymer seg i alle krikar og krokar, noko som gjer romanen perfekt for ein som elskar lyrik, skriv bokmeldar herman August Herman Søberg.

Herman August Søberg
Publisert

Irene Solà er ein nådelaus forfattar med ei grenselaus god hand for pennen.

I hennar tredje roman, Jeg ga deg øyne og du så mot mørket, går det døde og det levande hand i hand, for etter djevelen har lagt sine hender over deg, slepp han ikkje taket, og dei daude familiemedlemmene dreg ikkje dei heller.

Solà er ein vørd forfattar i Spania, og har vorte meir og meir kjend etter som åra har gått.

Jeg ga deg øyne og du så mot mørket

Forfattar: Irene Solà

Omsetjar: Kjersti Velsand

Forlag: Cappelen Damm

Sidetal: 160

Målform: Bokmål

Utgjevingsår: 2025

Sjanger: Magisk realisme

Originaltittel: Et vaig donar ulls i vas mirar les tenebres

 

Karrieren hennar starta med eit smell då ho lanserte sitt fyrste verk, Bèstia (udyr på norsk) som ho vann Amadeu Oller prisen for. Etter diktsamlinga Bèstia, har ho skrive to romanar: Canto jo i la muntanya balla (når eg syng, dansar fjella), og Et vaig donar ulls i vas mirar les tenebres (Jeg ga deg øyne og du så mot mørket). Den sistnemnde er den fyrste av hennar verk som har vorte omsett til norsk. Etter dette har ho vunne fleire og fleire prisar, og er verkeleg eit stjerneskott ifrå syd som me i Noreg må opne augo for!

Historia finn stad på Mas Clavell der ei heil ætte har budd i lag, og snart døydd. Sjølve handlinga skjer på berre ein dag, men før slutten av dagen utfoldar 200 år på Mas Clavell seg: fortida til ætta, korleis dei døydde, og korleis djevelen fyrst tok kvelartak om slekta så dei ikkje skulle få puste i fleire hundre år etter.

Og kven veit kva for nokre dyre dommar som står dei i vente?

«Hun skjønte at alt har sin pris. Og at prisen alltid er for høy.»

Fantastisk skrivarkunst

Romanen er skriven på ein måte som kjennest så ekte og rå ut, som om menneska er menneske som har levd eit liv, og ikkje berre er karakterar i ei forteljing. Måten forfattaren skapar djupne, i til og med huset, er så imponerande – ho beskriv det som om det er ein menneskekropp:

«Gangen i huset var fuktig og mørk, som et svelg. Veggene ru, som kjøttet på innsiden av kinnene. Bjelketaket var som en ruglete gane, og steingulvet som en slitt tunge etter mange års svelging.»

Berre fordi det er mykje fantasi involvert, er det ikkje «vas» Irene Solà har teke for seg. Det handlar om kvinnehat, skuld, og vondarta kjærleik; dessverre er dette framleis relevant for tida me lever i. Difor er det så viktig å snakke om!

Tungt stoff

På grunn av det poetiske språket og dei mektige orda, var det òg tungt å lese. Dette er ikkje nødvendigvis eit negativt aspekt, men det kan vere fint å vete viss ein lett sonar ut.

Ei heller er det nokon tydeleg peikepinn på fortid og notid, så ein må vere godt påskrutt for ikkje å falle av i handlinga.

Dette er det einaste «negative» eg har å seie.

Poetisk på eit anna nivå

Solà sparar ikkje på språket; ho brukar det for alt det er verd. Ho set ord på det som ikkje eigentleg hadde eit ord. For meg er det som om ho har tråkka inn i eit nytt landskap, og inviterer vesle meg til å følgje etter.

Det må òg seiast at eg er veldig imponert av omsetjaren, Kjersti Velsand, som har greidd å uttrykkje Irene Solà sin bodskap med ei sånn kraft når det ikkje eingong er på originalspråket! – applaus! No veit ikkje eg om Velsand har fått fram det same som den originale versjonen har, men visst har ho fått fram noko eg likar!

Poesien gøymer seg i alle krikar og krokar, noko som gjer romanen perfekt for ein som elskar lyrikk (sånn som meg!). Det er så mange språklege bilete som får deg til å tenkje over kva forfattaren eigentleg prøver å fremje.

«Noen ganger gråt Elisabet. Hun var full av vann. Uten å si noe, for Blanca spurte henne ikke. Hun la seg ved siden av henne og drakk tårene hennes.»

Det vert nesten som eit langt dikt!

Ein ny favoritt!

Dette er ei bok eg kjem til å anbefale alle bokormar eg kjenner.

Sjølv om det er ein relativt kort roman på berre 160 sider, er det ikkje noka tom bok – ho er fylt med så utruleg mykje bra i kvar scene!

Solà må vere ein av mine nye favorittforfattarar no. Blant dei andre favorittane mine er J.K. Rowling, Sally Rooney, og Jandy Nelson – ho passar fint i den gruppa. Eg får verkeleg lyst til å lese fleire av bøkene hennar, og håpar så inderleg at dei kjem ut på norsk også!