Extinction Rebellion meiner miljøorganisasjonane har feila

Natur og Ungdom-leiaren meiner nykomarane bør rette kritikken mot andre hald.

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er rart å skulde på miljøbevegelsen for at me ikkje har løyst klimakrisa. Dei bør heller halde dei som har skapt problemet ansvarlege, altså politikarar og selskap, ikkje oss som faktisk har prøvd.

Det seier leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord (23), om kritikken.

«Me treng eit opprør»

Den nyoppstarta miljøorganisasjonen Extinction Rebellion vart starta opp i Storbritannia i haust, og er mest kjend frå aksjonen der dei blokkerte fleire bruer i London sentrum. Organisasjonen har spreidd seg fort, og rett før jul vart også ein norsk seksjon starta. Denne veka har dei rekrutteringsmøte, og i invitasjonen til arrangementet skriv dei:

«Myndigheitene og miljøorganisasjonane har mislukkast. Me er nødt til å bygge ein grasrotbevegelse som er førebudd på å akseptere sanninga om det som skjer, og handle deretter. Me treng endring. Me treng eit opprør.»

Eiterjord meiner Extinction Rebelllion bør kunne vise til eigne resultat før dei kritiserer dei etablerte miljøvernarane.

– Eg synest det er ein litt rar strategi når ein skal mobiliserer mange: å rakke ned på dei som allereie har halde på i femti år.

Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ein aksjon mot gruvedrift. Foto: Thor Due Natur og Ungdom

– Det er jo litt sant

– Meiner du sjølv at de har lukkast? Kva har de fått til? 

– Det er jo litt sant det dei seier, for om me verkeleg hadde lukkast hadde me jo ikkje trengt å halde på endå, då kunne me berre lagt ned heile organisasjonen.

Han er likevel klar på at det ikkje er Natur og Ungdom sin feil at kloden kokar, og at den ferske gruppa burde har respekt for at miljøorganisasjonar jobbar på ulike måtar.

Eiterjord nemner gasskraftverk, atomkraftverk, bilfritt sentrum i Oslo og køprising i fleire andre byar blant sakene der Natur og Ungdom har fått til ei endring.

– På tross av at fleirtalet på Stortinget alltid har vore imot oljeboring i Lofoten, har det ikkje skjedd. Og det er på grunn av folkeleg mobilisering. Og no held me på med gruvesakene i Repparfjord og i Førdefjorden, der 2800 personar har sagt seg villig til å vere med på aksjonar med sivil ulydnad for å redde fjordane.

Les også: Leiaren i NU søker jobb i Nordic Mining

Har plass til fleire miljøorganisasjonar

Eiterjord ønskjer likevel Extinction Rebellion velkommen, og seier at det er plass til fleire miljøorganisasjonar i Norge.

– Det er veldig kult det dei har fått til i Storbritannia, og eg gler meg til å sjå kva dei får til her i Norge.

Han håpar også på godt samarbeid framover, og seier Natur og ungdom gjerne deler tips og erfaringa frå deira aksjonar.

– Me hadde eitt møte med dei før jul, men eg håpar dei vil prate med oss igjen.

Les også: Klimarisiko: – Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på