Ambjørnsen, Bono og titusenvis av skuleelevar hyllar Greta Thunberg

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 01.02.2019 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det står det på plaktaten ein svensk skuleelev held opp under ein skulestreik. Tusenvis av folk frå heile verda har vist si støtte til Greta Thunberg sin skulestreik.

https://www.instagram.com/p/BtOhnsFhSIP/?utm_source=ig_web_options_share_sheet

Forfattar Ingvar Ambjørnsen er éin av mange som har vist si støtte til opprøret.

– Det er ingen grunn til å tru at dette er et lite blaff av tilfeldig sinne, som dør ut om ei veke eller to, skriv han i ein kronikk på Cappelen Damm-bloggen Forlagsliv.

Han trekk parallellar til si eiga ungdomstid og sinnet han kjente på når vaksenpersonar brukte havet som søppelbøtte og ignorerte samanhengane mellom handling og konsekvensar.

– Det er no det skjer. Ikkje kanskje i morgon. Dei har all mogleg grunn til å frykte fremtida. Deira livskvalitet er i aller høgste grad truga.

Ambjørnsen er ikkje den einaste som hyllar handlekraften. Det gjer også MDG sin talsperson Une Bastholm, tidlegare Greenpeace-leiar Truls Gulowsen, filmstjerna Arnold Schwarzenegger og U2-vokalist Bono.

Les også innlegget: Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?

https://www.instagram.com/p/BsyQM4oBRP5/?utm_source=ig_web_options_share_sheet

Norsk skulestreik på trappene

Skulestreiken byrja med at svenske Greta Thunberg sat framfor Riksdagen med skiltet «skolstreik for klimatet» i vekene før valet i september. Det tok ikkje mange vekene før ungdommar frå heile verda gjorde det same i sine heimbyar. «Fridays for future» har blitt ein global bevegelse.

Dei siste vekene har 35.000 belgiske elevar skulka skulen for klimaet. Det same har meir enn 22.000 i Sveits og 30.000 i Tyskland gjort. 1. februar vert «Nordic Climate Strike» arrangert i meir enn femti nordiske byar og tettstader. Frå Norge er det berre Oslo og Gjerstad som står på lista.

Det har ikkje vore regelmessige streikar i Norge, men i september streika 1000 elevar på elleve ulike stadar. Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, varslar også at ein større streik 22. mars.

Les om opprøret i Australia: Tre australske ungdomar sin streik har vorte til nasjonal rørsle

Blir invitert til å snakke verda over – men nektar å fly dit

På Instagram har Thunberg fått meir enn 200.000 følgjarar. På tida det tok å skrive denne artikkelen hadde ho allereie fått ti tusen til. På Instagram skriv ho at ho har blitt invitert til å snakke i Panama, New York, San Francisco, Abu Dhabi, Vancouver og Dei britiske jomfruøyer. Ironien er stor.

– Karbonbudsjettet vårt tillet ingen slike reiser. Min generasjon vill ikkje kunne fly anna enn i nødstilfeller i framtida om me skal klare 1,5 graders målet. Kvifor? Fordi den vaksne generasjonen i land som mitt har brukt opp ressursane våre, skriv ho.

Om ho først seier ja til å snakke, tek ho den enten over Skype eller reiser med tog. Førre veke tok ho toget heile vegen til Davos i Sveits for å snakke på Verdens økonomiske forum. Der sette ho dei oppmøtte på plass.

– Eg vil ikkje at de skal vere håpefulle, eg vil at de skal få panikk. Og føle frykta eg kjenner kvar dag. Og så vil eg at de skal handle.

Les også: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje