Aldri før har lesarane til Framtida.no brukt så mykje tid på oss. Her er dei mest lesne sakene i 2018.
Svein Olav B. Langåker

Totalt var det 650.000 brukarar innom nettsidene til Framtida.no i 2018.

Me i Framtida.no-redaksjonen er glade for at de kjære lesarar bruker stadig lenger tid på Framtida.no. I snitt auka tida per brukarøkt med 30 prosent i 2018.

Her er sakene som er mest lesne i 2018. Og har du ikkje lese dei før, så håpar me du vil kosa deg med dei!

1. 12 kule ord du berre finn på nynorsk

2. Medelevar kopla av hjula på rullestolen hennar

3. Kva skjer med oss når songen forsvinn?

4. 500 år sidan den store dansepesten i Strasbourg

5. Liknar penis – berre meir sensitiv

6. Desse tre skreiv Noregs beste eksamen

7. Hobbyen som lar deg hoppe over eit år med smalltalk

8. Når gulrøtene blir dregne opp og kasta over gjerdet

9. Svalbard – ein plass for dei spesielt interesserte

10. Den sinte mannen er død

11. Fem ting du ikkje visste om penis

12. Ho har skrive «Lovleg»

13. «Skam»-stjerner i kvar sin haustfilm

14. Jenta som ville hjelpe

15. Iran arresterer tenåringar for å publisera videoar der dei dansar

16. Media gir ungdom dårleg sjølvbilde

17. Slik møter du nedsettande ytringar på nett

18. – Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

19. I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

20. Facebook-fenomenet Dangfart Tønnessen: – Gamle menneske slepp unna med alt

Og lurer du på kva folk las mest i 2017, så er det berre til å sjå her!

Oppdatert: tysdag 1. januar 2019 11.05

LES OGSÅ

ANNONSE