Framtida.no fekk Målprisen
Hordaland mållag rettar ein stor takk til redaktør Svein Olav Langåker og redaksjonen for den viktige jobben dei gjer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Under årsmøtet til Hordaland Mållag på Stord i helga blei Målprisen delt ut.
– Denne gongen ynskte me å bruka han til å gje heider til nokon som gjer ein innsats for å fremja nynorsk for born og unge. Valet fall difor fort på Framtida.no, ei nettavis som rettar seg nettopp mot desse brukargruppene. I 2017 var heile 825.000 brukarar innom nettsida, så det seier seg sjølv at dei gjer ein unik innsats for å gjera nynorsken meir synleg i medielandskapet på nett, heiter det i grunngjevinga til mållaget.
Mållaget trekk også fram nylanseringa Framtida.no hadde i fjor.
– I fjor lanserte dei også ei ny nettavis, Framtidajunior.no, som rettar seg mot born i alderen 7 til 13 år. Denne redaksjonen gjev også ut ei papiravis for den same aldersgruppa som både skular og private kan tinga.
– Det er stor stas at redaksjonen blir heidra på denne måten, seier redaktør Svein Olav Langåker.