Heider til Framtida.no for song-avsløringar

Sakene til Framtida.no om song på veg ut av skulen fekk heiderleg omtale i kåringa av dei beste sakene i Haugesund journalistlag i 2017.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre kring halvparten av norske born syng kvar dag i barneskulen, og dei færraste kan syngja meir enn første verset av «Ja, vi elsker».

Det kunne Framtida.no fortelja 15. mai i fjor. Saka fekk stor merksemd, og blei sitert i totalt 70 aviser, debattert i alle dei store radiokanalane og utgangspunkt for fleire leiarartiklar og kronikkar.  Etter dette følgde Framtida.no opp med fleire saker, og var òg først til å melda om at song blei fjerna frå forslaget og i den endelege versjonen av den generelle delen av læreplanen i skulen. Dette førte til nye saker der Framtida.no igjen blei sitert i nyhendeartiklar og kronikkar.

«Framtida.no inspirerer med dette andre redaksjonar til å tenkja nytt og alternativt», skriv juryen og gav heiderleg omtale til Framtida.no under Vinterkonferansen til Haugesund Journalistlag på Karmøy laurdag kveld.

Førsteprisen vart delt mellom Haugesunds Avis og Kvinnheringen.

Sjå alle sakene til Framtida.no om song her!