«Skam»-stjerner i kvar sin norske haustfilm

Denne hausten filmdebuterer to «Skam»-skodespelarar. Lisa Teige i dansefilmen «Battle», mens Tarjei Sandvik Moe blir å sjå i stalkerthrilleren «En affære».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Skam»-stjerner i kvar sin norske haustfilm – Lisa dansar, Tarjei står i med eldre lærar

Interessa var stor då to «Skam»-skodespelarar dukka opp på presentasjonen til Filminstituttet av norske kinofilmar i haust.

Lisa Teige har hovudrolla i dansefilmen «Battle», medan Tarjei Sandvik Moe er ein av hovudrolleinnehavarane i den erotiske stalkerthrilleren «En affære».

«Battle»-regissør Katarina Launing tok for seg manuset som Maja Lunde i 2011 skreiv for film og vann ein pitchekonkurranse med – og deretter gjorde ungdomsbok av i 2014.

Den septemberklare filmen er lagt til hiphopmiljøet i dag. Berre to av skodespelarane har skodespelarbakgrunn, resten av rollene er besett av dansarar. Lisa Teige hadde allereie fått rolla som Amalie då ho overraska regissøren, røper Launing til NTB.

– Ho kunne dansa! Ho var faktisk ein av dei beste i sin aldersklasse! Det kom som ei overrasking på oss.

Les også: Lisa Teige debuterer med filmhovudrolle

Visa seg fram

«Battle» er historia om vestkantjenta Amalie som lever i ei verd der det ytre betyr mykje. Når faren går konkurs, rasar livet saman. Samtidig møter ho austkantguten Mikael, spelt av Fabian Svegaard Tapia. Filmen har premiere 28. september. Ifølgje regissøren det «Battle» meir enn ein dansefilm:

– Filmen seier også noko om korleis motgang kan gjera deg rikare som menneske.

Lisa Teige sa på pressemøtet at ho måtte læra seg hiphopdans før innspelinga.

– Eg fekk også vist ein stor del av meg sjølv, som dansar.

Les også: Skam-Isak kan bli ein stor inspirasjon

Gutedraumen

Tarjei Sandvik Moe vann mange hjarte då han spelte Isak i «Skam». 5. oktober blir han å sjå som eleven som blir besett av læraren sin, spelt av Andrea Bræin Hovig, og startar eit farleg spel.

Rolla i «En affære» er Sandvik Moes spelefilmdebut. I tida etter «Skam» har han både prøvd seg i «Grease» og i spel, men å entra det store lerretet er noko spesielt.

– Det er gutedraumen, sa Moe på Filmhaust-arrangementet.

«En affære» er den femte filmen til regissør Henrik Martin Dahlsbakken, og den andre filmen hans hittil i 2018. Denne gongen er det ein thriller. Han har også skrive manus, mens broren tek seg av foto. I andre roller møter Anneke von der Lippe, Agnes Kittelsen og Anders T. Andersen.

Les intervju med unge, lovande Henrik Martin Dahlsbakken i samband med langfilmdebuten, som vart kortlista til norsk Oscar-kandidat.