Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 18.07.2018 00:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Historiske laivar eg har vore med på har auka bevisstheita mi rundt problemstillingane dei berørte, fortel Ane.

Improvisert teater utan publikum

Laiv er ein type improvisert teater. Det skal vere ei oppleving for deltakarane, som lev seg inn i fiktive roller. I motsetnad til vanleg teater, føregår laiv utan publikum.
Ordet laiv er ei fornorsking av “live” som står for “live role-playing”.

Frå ein western-laiv i 2013. Foto: Martin Lindelien

Ane Marie Anderson (29) starta med laiv då ho var 16 år. Etter 12 år er ho framleis ein aktiv laivar, og håpar fleire unge som er nysgjerrige hiv seg på.

– Ein laiv kan vere alt frå fire menneske i tre timar, til 200 menneske i tre dagar. Vi prøver å skape ei unik oppleving saman, som kan vere spennande, skummel, eller meiningsfull.

Laiv foregår utan manus, men med ein bestemt setting. Settinga kan til dømes vere historisk eller oppdikta.

Ein speler roller som lever og eksisterer innanfor dei rammene. Ei kjent setting er Harry Potter-laiv på Galtvort.

Læring for livet

– I tillegg til at det er veldig gøy, er det mykje læring i laiving. Den emosjonelle læringskomponenten er den sterkaste.

Ane føler at ho lærer mykje om korleis det er å vere menneske i mange ulike situasjonar når ho laivar.

Ho fortel at eit av spela som gjorde sterkast intrykk på ho var Just a little loving om AIDS-utbrotet i New York. Der spelte ho ei rolle i det homofile miljøet tidleg på åttitalet.

– Det var i utgangspunktet tung tematikk, men det som er så fantastisk med spelet er at det er utforma slik at ein kjem veldig tett på dei andre rollene, og får gått i djupna på både vennskap, kjærleik og død.

Underjordiske skapningar prøver å lokke menneske inn i holene sine. Frå laivfestivalen Light i Danmark 2018. Foto: Somon Petitt

Kan hoppe over eit år med smalltalk

– Ein må stole på kvarandre og gjere seg sårbar når ein er med på laiv. Du må rett og slett stole på at medspelarane dine er interesserte i å skape ei kul oppleving saman med deg, og flyte med på det som skjer undervegs.

– Miljøet er fantastisk, og fordi vi gjer oss så sårbare blir vi kjent på ein heilt anna måte enn vi blir i den vanlege kvardagen. Det er rett og slett som å hoppe over eit år med smalltalk.

Fordi vi gjer oss så sårbare, blir vi kjent på ein heilt anna måte enn vi blir i den vanlege kvardagen

Ane synst det er deilig at det oppstår så mange interessane situasjonar under laiv. – Det er meir rom for å gjere ting som er på kanten, og skjer meir spennande ting enn det ofte gjer i kvardagen.

– Mange historiske spel eg har vore med på har auka bevisstheita mi rundt problemstillingar spelet berørte. Det er så genuint. Fem år etter laiven 1942 med setting under andre verdskrig ber eg fortsatt med meg mykje lærdom.

Frå laiven Huntsville i 2013. Foto: Grethe Sofie Bulterud Strand / Flickr / CC BY-NC 2.0

Drar ofte på laiv i andre land

Sjølv om miljøet er av ein viss størrelse i Oslo, er det mykje større i Sverige og i Danmark enn i Noreg. Om ein er ein villeg til å reise litt, finst det alltid laivar ein kan melde seg på i resten av Europa.

– Det er vanleg å arrangere helgelaivar i forskjellige europeiske byar ein kan melde seg på. Så det er lett å få både reiseerfaring og venner frå alle kantar når ein speler laiv. Det er også laivfestivalar i Noreg eit par gonger i året.

Miljøet i seg sjølv er ein av grunnane til at ho har heldt fram med laiv.

– Eg håpar alle som er nysgjerrige på laiv hiv seg på.

Nysgjerrig? Sjekk ut denne Facebook-gruppa.
Grenselandet og Spillerom er to laivfestivalar som arrangerast i Oslo kvart år.

Fakta

  • Ordet laiv er ei fornorsking av “live” som står for “live role-playing”.
  • Det vert brukt som
    – substantiv: ein laiv
    – verb: å laive
  • Ein person som deltar på laiv kan kallast ein laivar