500 år sidan den store dansepesten i Strasbourg: Ein mellomaldersk «ravefest»?

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 24.07.2018 17:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

500 år sidan den store dansepesten i Strasbourg

Både kvinner, menn og born var med på å danse utan stogg i timevis og dagevis i Strasbourg sumaren 1518.

Dansen starta spontant den 14. juli for eit halvt tusen år sidan, då ei kvinne med etternamnet Troffea byrja å danse frenetisk i eit smau i Strasbourg. Ho heldt det gåande fleire dagar i strekk, og innan ho gav seg hadde 34 andre dansarar hengt seg på.

Les også: Bli dronninga på dansegolvet

Utvikla seg til å bli ein «dansepest»

Innan ein månad var omme skal 400 menneske i Strasbourg ha gjeve seg ut i ein sanselaus massedans. «Dansepesten» ebba ikkje ut før hausten var i emning, fyrst seks veker etter at fru Troffea hadde teke dei fyrste trinna.

Èin kronikør fortel at pesten på det meste kravde oppi femten menneskeliv kvar dag. Somme døydde av di dei vart tørka ut av sumarvarmen, andre fekk hjartestogg eller slag etter alle dei utmattande stega.

Dansen kunne halde fram i same frenetiske takt, med byks og hopp, sjølv når føtene vart såre og hovne og blodet sila. Samstundes hylte dansarane ut namn på djevlar og fortalde om vonde syner, som at dei drukna i ein raud sjø av blod.

Les også: Nettfilmar skal spreie folkedans til folket

NOTRE DAME DE STRASBOURG: Strasbourg er kjent for den vakre mellomalderkatedralen sin. Det grandiose byggverket vart ferdigstilt i 1439, då byen var ein fri, keisarleg by i det laust samansette tysk-romerske mellomalderriket. Mindre kjent er Strasbourg for den store dansegalskapen som rei byen i 1518. Foto: DAVID ILIFF/CC-BY-SA 3.0

Massedansen eit historisk faktum

Kvar for seg kan einskildskildringar om åtferda til dansarane takast med ei klype salt. Men det er heva over tvil at dansegalskapen verkeleg fann stad. Mange samtidige forfattarar både i Strasbourg og frå andre stader i nærleiken har skrive og fortalt om massegalskapen.

Somme vitneoverleveringar er særskilt tillitsvekkjande, som skildringane til Philuppus von Hohenheim, alias Paracelsus. Han var ein berømt, sveitsisk vitskapsmann som budde i byen og observerte dansarane dagleg. Han skildra mellom anna korleis dei vreid seg i smerte og ropa om hjelp og bad om nåde.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsgifte

VILLSKAP: I denne teikninga frå 1564 syner Pieter Brueghel «den eldre» fram dansemanien. Folket dansar hysterisk til ære for helgenane Vitus og Johannes. Folk samla seg og dansa i dagevis.

Attåt nedteikningane frå historieforteljarar, finst det òg andre kjelder. Døme er etterlatne kyrkjepreiker frå byen og notat frå både lækjarar og frå det lokale byrådet. Alle fortel dei om dei dansande massane som heldt det frenetisk gåande i dagevis.

Les også: 36 millionar kroner skal få unge til å danse

Mjølauke kunne gjere brødet til eit farleg narkotikum

Folket i og omkring Strasbourg hadde ikkje hatt det lett fyrste halvåret av 1518 eller dei siste åra innan. Innhaustingane hadde vore dårlege, og kornprisane hadde stige. Fleire fryktelege sykjer herja området. Blant desse var syfilis, koppar og lepra, samt eit pestutbrott med namn «engelsk sveittesykje». Dette var ein sjukdom som tok livet av folk berre få timar etter at dei vart smitta. Breie lag av samfunnet var soleis på randen av psykisk samanbrot denne sumaren.

MJØLAUKE: Ein forderva plante skil seg ut i denne rugåkeren. I staden for mogent korn, kjem det fram ein giftig svart utvekst som inneheld eit farleg stoff. Foto: Dominique Jacquin/Wikipedia/Public Domain

Men kvifor gå av skaftet i ein sanselaus massedans?

Ein teori er at folket kan ha fått i seg brød forpesta av mjølauke. Mjølauke er ein muggsopp som kan ta bu på stengelen til rugplanten. I sesongar der det er kaldt på forsumaren kan planten verte utsett for denne soppen.

Ein svart utvokster kjem fram der rugkornet skal veksa ut, og dette inneheld alkaloidar, eit LSD-liknande, farleg stoff.

Folk som får i seg stoffet kan oppleve skjelvingar, muskelkrampar og hallusinasjonar. Somme har spekulert i at det er rusen frå brødet som fekk folk til å strøyme til fellesdansen i Strasbourg.

Les også: Ni av ti dansa vekk bekymringane

HAR ETE INFISERT BRØD: Ein uheldig kar har kome til skade for å ete mjølauke-infisert brød. Den tyske renessansekunstnaren Mattias Gothart Grünewald måla dette biletet mellom 1512 og 1516, kort tid før dansepestutbrottet i Strasbourg. Grünewald heldt til ved eit hoff i Mainz då han måla biletet, ein annan by ved Rhinen som også opplevde uår.

Fanatisk og gudfryktig helgendyrking

Det har òg vore spekulert i om folket gjennom dansen freista å kjøpe seg fritt frå ein straffedom dei tenkte kom frå Gud eller ein helgen som går under namnet St. Vitus.

Blant helgenane er det St. Vitus som skal hjelpe born og unge som lid av epilepsi og krampar. Ved Rhinen-området var helgenen òg kjent for å straffe menneske for syndene deira, og somme trudde han nytta seg av tvungen dans som straffemetode.

Det finst fleire krønikeoppteikningar frå 1400-talet som fortel om angstfylte og naudlidande folk som ulike stader langsmed Rhinen kjem saman og dansar for St. Vitus. Dei hadde med seg musikarar og dansa seg inn i transe.

Med seg hadde dei òg heilagdomar som var dedikerte til St. Vitus eller til St. Johannes. Sistnemnde helgen har òg vore populær i Noreg, noko Sankthansnatta vitnar om.

Danseakta vart som eit organisert, ekstatisk, religiøst rituale for å blidgjere helgenane og kome fri frå synder.

Les også: Dansar hip-hop i niqab

STYRESMAKTENE I STRASBOURG VARTA OPP MED MUSIKK: Styresmaktene i Strasbourg varta opp dansarane med musikk under den store dansepesten for 500 år sidan. Tanken var at dansarane skulle danse seg frie frå det som ein trudde rei dei. Målestykke av Hendrick Brueghel den yngre.

Styresmaktene rigga i stand til massedans

Styresmaktene i Strasbourg la faktisk til rette for at folket i byen skulle kunne danse seg fri frå det som rei dei. Innleiingsvis såg dei nemleg på dansen som ein slags åndeleg reinsingsprosess.

Dei fekk ei scene rigga i stand sentralt i Strasbourg, og dei dansande vart lokka opp på scena. I tillegg vart profesjonelle dansarar og musikarar hyra inn for å halde dansen i gong. Slik håpa dei at folket kunne danse seg friske.

Tiltaket førte til at mange fleir folk strøymde til. Resultatet vart ein ein manisk, psykotisk massedans som kom ut av kontroll.

Les også: Unge dansarar arresterte i Iran for usømeleg framferd

MASSEPSYKOSE: Hendrick Hondius den yngre skildrar korleis folk gjekk frå sans og samling under dansepesten. Teikninga er basert på eit eldre bilete.

Ut i august innsåg styresmaktene at dei laut finne på noko anna. Dei førte danseoffera fram til heilagstader der dei kunne seie fram ei vanleg bøn til St. Vitus, medan dei gjekk ikring ein Vitus-figur. Omfattande eksorsismeritual vart òg gjennomførte, og med det kom folk til seg sjølve og epidemien spakna.

Les også: Kubansk rumba får status som verdsarv

Trur helgenen, og ikkje brødet, har skulda

VAR DET PÅ GRUNN AV ST. VITUS?: Lenge før den store dansepesten slo ut Strasbourg, var det vanleg at folk langsmed elva Rhinen samla seg for å dansa i transe til ære for St. Vitus. Dei trudde at han dimed kunne fri dei frå djevelens klør. Portrett av helgenen frå Nürnbergkrønika, 1493.

Den amerikanske historikaren John Waller ser på det som usannsynleg at narkotiske stoff i det forderva brødet kunne få so mange folk til å reagere på same, merkelege viset.

Han trur difor det er den religiøse fanatismen og dyrkinga av helgenen Vitus som ligg til grunn for at det utvikla seg ein massepsykose.

Dansepesten i Strasbourg i 1518 var faktisk blant dei aller siste av ei lang rekkje dansepestar som heimsøkte Europa i mellomalderen. Den i Strasbourg er den best dokumenterte og kanskje den mest omfattande.

Waller legg vekt på at alle dei kjende dansepest-utbrotta i Europa hende langsmed elvene Rhinen og Mosel. Og ofte hende dei om og om igjen i dei same byane, går det fram av ei mengd krøniker.

Historikaren trur at det langsmed Rhinen hadde forma seg ei slags kulturell forståing i mellomalderen av at å danse seg inn i transe kunne vere eit religiøst botemiddel når intense motgangstider slo inn. Vitus påla folk å danse om dei hadde kalla på hans vreide.

Les også: Dansar seg gjennom gymtimane

Ei blanding av helgenkult og narkotikarus?

For alt me veit, kan kombinasjonen av tre faktorar til saman ha ført folket i Strasbourg ut i danseulykka.

Èin faktor er dei tynnslitne nervene mange sleit med etter å ha lide under svolt og sott i fleire år.

MJØLAUKE: Dei svarte korna er forderva grunna muggsoppen mjølauke. Dersom ein nyttar også desse forpesta korna til å laga mjøl av, vert mjølet (og brødet) giftig. Foto: Dominique Jacquin/Wikipedia/Public domain.

Den andre faktoren kan ha vore trua på at å danse seg inn i transe til ære for den strenge og tuktige St. Vitus var ei viktig botsøving for å fri seg frå synd.

Den tredje faktoren kan ha vore det forgifta, narkotiske brødet som folket kan ha fått i seg.

Men alt vert spekulasjonar. Kva som verkeleg fekk hundrevis av folk i Strasbourg til å verta råka av ein slik merkverdig, farleg psykose, veit me ikkje sikkert.

Les også: Er ballett berre for jenter?

Kjelder: