Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kult om klitoris

Dei fleste ser kanskje for seg klitoris som ein liten ‘tapp’ eller ‘kul’ på storleik med ei ert, plassert heilt føre mellom kjønnsleppene. Men visste du at denne synlege delen berre utgjer ein bitteliten del av heile klitoris?

Malin Bu Solgård

Malin Bu Solgård. Foto: Privat

Meir enn 90 prosent er nemleg å finne innvendig under kjønnsleppene. Organet deler seg i to ‘bein’ som strekk seg langs vagina-opninga i retning endetarmen. Samanliknar du klitoris med anatomien til ein penis, er den forbausande lik! Faktisk har desse to organa same opphav, og fram til fosteret er rundt ni veker gammalt er dei ytre kjønnsorgana hos jenter og gutar identiske.

På same måte som penis har også klitoris eitt hovud som er dekka av forhud og ein lengre del som tilsvarar penisskaftet hjå menn. Mesteparten av klitoris og penis består også av same type vev; ein svamp-aktig struktur av blodårar som fyller seg med blod ved seksuell opphissing og førar til ereksjon.

Sjølv om ereksjonen hos kvinner sjølvsagt ikkje er like synleg som hos menn, doblar faktisk klitoris seg i storleik ved seksuell opphissing. Klitoris-beina kan bli stimulert gjennom vaginaen, men dei er ikkje like sensitive som sjølve ‘tappen’.

Hovudet til penis og klitoris er de stadene på kroppen som inneheld mest nerve-endingar. Det er estimert at klitoris-‘tappen’ har dobbelt så mange nerve-endingar som penishovudet, noko som gjer det til det mest sensitive området på heile menneskekroppen!

Lurer du på noko om kroppen? Send mail til ragnhild[a]framtida.no og Malin Bu Solgård svarar deg på Framtida.no.  PS! Både legen og journalisten har teieplikt og alt er sjølvsagt heilt anonymt!

Doktor Malin Bu Solgård

Malin er 25 år gammal og kjem frå Stavanger. Ho er nyutdanna lege frå Slovakia og jobbar no som fastlege i heimbyen sin. I denne spalta ynskjer ho å dele noko av det mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.