Når gulrøtene blir dregne opp og kasta over gjerdet

Geir Egil Eiksund
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Trygg, fast jobb og god pensjon har lenge vore gulrøter som skulle få folk til å velje jobb i stat og kommune. No står ein berre att med trygg jobb, so lenge det varer.

Det er særs mykje fint med læraryrket. Det er både sosialt, slitsomt og utfordrande, vanskeleg og moro. Å få arbeide med kunnskap er beint fram givande, og det å få sjå elevar lære gjer sjølv dei mest travle dagar fantastiske.

Men i dag skjedde det noko. Eit rungande fleirtal av dei tilsette i stat og kommune har svart ja til ein avtale eg trur langt dei færraste faktisk veit kva betyr. Om eg ser på min eigen arbeidsplass er eg viss på at eg kan telje på ei hand kor mange som faktisk har sett seg skikkeleg inn i avtalen det skulle bli stemt over. Pensjon er langt fram for særs mange. Og for dei som nærmar seg pensjonsalder og av den grunn er interesserte, så gjeld ikkje avtalen uansett. Langt dei fleste fulgte nok, forståeleg nok, råda frå sentralt hald i fagorganisasjonen ein er medlem om å stemme ja. I mine auge var ikkje det eit godt råd.

Vegskilje

Dagen i dag er rett og slett eit vegskilje. Frå og med no er ikkje lenger solidaritet ovanfor dei som ikkje klarer å stå lenge i jobb noko å bry seg med. Er du fødd etter 1970 og blir sjuk, eller ikkje klarer å stå til du er 70+ i klasserommet, så skal du straffast for det. Dei siste åra du har att å leve, etter ei lang karriere som lærar, skal bli magre. Og til tidlegare du må gje deg, til verre skal du ha det. 40 prosent av løna di skal halde langt, om du ynskjer å behalde hus og bil, og hytte om du har fått råd til det gjennom karrieren.

Jobbar du derimot i eit yrke der det ikkje er like vanskeleg å bli gamal, nei, då skal du få ein så rik alderdom som du berre ynskjer. Enkelte reknestykke syner at om du vil og kan arbeide til du er 75 år, så vil pensjonen din til og med kunne bli høgare enn løna di. Kvar sparer ein pengar då? Jau, ein sparar gjennom alle dei som ikkje maktar å jobbe lenge nok.

Og kven veit kven det vil gjelde? Er det deg? Eller ektefellen din? Naboen, bestevenninna eller kollegaen? Uansett. Vi vil bli mange som anten kjem til å merke det på lommeboka, eller som kjem til å kjenne nokon som vil ende opp med ein særs fattig alderdom.

LES OGSÅ: Vil la ungdom få tena opp pensjon

Andre moglegheiter

Pensjon er som nemnt langt opp og fram for mange. Og slik eg ser det, kunne ein heilt fint ha forhandla fram ein avtale som betre sikra dei som ikkje klarer å halde på til dei bikkar 70+. Kva med auka trekk på lønninga? Eller kva med å ende opp med ei betre fordeling gjennom å ikkje leggje seg på same line som Folketrygda, og dermed anten gje dobbel straff eller dobbel belønning?

Nei, i dag forsvann mykje av lysta til å halde fram som lærar i det offentlege. Statistikken syner at langt dei færraste klarer å stå heile vegen ut som lærar, til det blir livet i klasserommet for arbeidskrevande. Då freistar det nok langt meir med ein jobb bak ein kontorpult, med høgare løn og dermed betre råd til privat pensjonssparing, betre utsikter til å kunne jobbe lenge, og dermed også betre pensjon frå Folketrygda.

Det blir sagt at graset er grønare på den andre sida av gjerdet. I dag brann siste rest av fint og saftig gras bort på sida til dei offentleg tilsette. Eg får byrje å sjå meg etter ein veg over gjerdet, så finn eg kanskje att nokre av gulrøtene som også forsvann i dag i same slengen.