Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.08.2020 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du vert jo litt rar av å bu her, men slik er det. Vi er alle litt rare!

Sidan ho var to år gammal, har Amalie Henriksen budd i Longyearbyen. Ein stad som er nærare Nordpolen enn Oslo-gryta.

19-åringen er nettopp ferdig med siste året på vidaregåande, men ho har nok å henge fingrane i.

Henriksen har fire jobbar: ho sit i skranken på Svalbard museum, står i resepsjonen på hotellet The Vault, og er også å finne bak disken på Huset, nattklubben i Longyearbyen. I tillegg har ho ein liten stillingsbrøk som lærar på kulturskulen.

Nordleg idyll

Ho skildrar ein ganske idyllisk oppvekst i Longyearbyen.

Tradisjonar der familiar med jamgamle ungar et frokost på kaféen før dei i samla flokk reiser i svømmehallen for å få utløp for energien. Laurdagsbiff på bistroen på Huset før barne-TV.

– Eg synest det har vore heilt fantastisk, seier ho.

Sjølv om Henriksen har vakse opp på ei ishavsøy som er aude for mangt, som klesbutikkar, badestrender og Starbucks, så vil ho ikkje seie at ho har mangla noko.

– Folk spør meg om eg ikkje saknar fastlandet. «Saknar du ikkje å kunne gå på bowling?», spør dei.

– Men kva er det å sakne for meg?, spør 19-åringen tilbake.

Ho ristar litt på hovudet.

– Eg har aldri vakse opp eller vore vand til det behovet. Sjølvsagt kan det vere morosamt om eg dreg ned til fastlandet, men det er aldri noko must.

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Få jamaldringar

– Det eg har kjent mest på, er at det er få folk på min alder, seier Henriksen.

I Longyearbyen bur det no i underkant av 2300 personar frå fleire titals ulike nasjonalitetar. Den store majoriteten av desse er i aldersgruppa 20-66 år.

Berre 17 % av bebuarane er i skulealder, og desse går saman på éin skule. Denne rommar alle frå 6-åringane som starta i 1. klasse til elevane som takkar for seg etter 3. klasse på vidaregåande.

Det er likevel sjeldan at elevane går heile løpet ut ved skulen. Svalbard er prega av at mange bur der ei lita stund, i eitt år eller to, og så trekker dei sørover att. Kvart år flyttar kring 20 prosent av folkesetnaden, og nye kjem til.

Det eg har kjent mest på er at det er få folk på min alder

Henriksen fortel at då ho var russ i vår, så samla ho inn klasselistene frå skulegangen.

– Det var ganske mange namn. Eg lurer på om det har vore kring 50 stykker innom klassa mi, opp igjennom åra. Av russen så var det berre tre av oss som har gått alle 13 åra. Det er ikkje veldig mange!

Når elevtalet på heile vidaregåande er som ei lita klasse på fastlandet, då er det kanskje ikkje rart at Henriksen heller ikkje bryr seg så mykje om aldersforskjell.

– Eg kan godt henge med ein 15-åring eller ein 35-åring. Det gjer meg ingenting, berre vi har ein god tone og kjem godt overeins, seier ho.

Les også: Frå skulebenken til mjølkegrava

Mørketida kan verte for mørk

Men det er nokre som vert utruleg betatte av Svalbard, og vel å verte att.

Henriksen fortel om dei som kjem til øygruppa for å vere eitt år, men så går tida, og fem år seinare så spør ein «skulle ikkje du flytte?».

– Og så har du dei som ikkje passar inn her. Mørketida er for mørk og for lang, og dei er berre nøydde til å reise ned att.

longyearbyen, svalbard

Ein kan skjønne kvifor det vert for mykje for nokre å bu her. På Svalbard er det trass alt mørkt i nesten fire månadar kvart år.

Noko av denne tida er Longyearbyen bada i skumring, men frå midten av november og ut januar er det fullstendig mørkt. Då er det polarnatt, og sola er så langt under horisonten at du ikkje kan skimte lyset hennar.

Henriksen seier ho merka det i starten, men ikkje lenger vert særleg trøytt eller døsig av mørkeret.

– Eg har vore igjennom 18 mørketider, så for meg har det vorte heilt normalt.

Samstundes er det ikkje uvanleg at gradestokken viser -15 grader. Endå temperaturen på Svalbard har vore over normal i nesten åtte år, så er det framleis kaldt.

Les også: 7 ting du ikkje visste om Svalbard

Dei som vert verande

Men det er også godt å forstå dei som forelskar seg i staden.

– Eg trur det ofte er dei som vert fascinerte av plassen og naturen som vert verande ekstra lenge, seier Henriksen.

Når det er mørketid kan du sjå nordlyset på himmelen både på dagtid og nattestid. Midtnattssola gjer at det midt på sommaren er like lyst heile døgnet.

Det er eit heilt vanleg syn i Longyearbyen at vindauge er dekka av aluminiumsfolie  det er heilt lystett, så då vaknar du ikkje av solskin kl. 0330 ei natt.

Og så er det kanskje noko ved Svalbard som kjennest urørt. Litt fjerna frå uroa i resten av verda.

– Det er så lite og trygt her, seier Henriksen. Men det tyder på ingen måte at det er einsidig.

Eit kultursentrum

– Ein møter mange ulike folk, og får innblikk i forskjellige kulturar her. Det er så internasjonalt!

Frå sin spede start som gruveby, så er Longyearbyen no ein aktiv og kulturrik plass. For endå ein skulle tru at Longyearbyen kunne minne om ei avsides bygd, så er det langt frå sanninga. Endå samfunnet er lite, så er det utruleg levande.

– Det er veldig viktig at vi har så mange mogelegheiter, for det er ikkje berre å sette seg på neste buss til neste by, seier Henriksen.

Det er ikkje berre å sette seg på neste buss til neste by

19-åringen greier ut om nesten endelause fritidstilbod. Frå fastlandsfavorittar som fotball og handball, til ping-pong, klatring og ultimate frisbee i snøen.

– Det er berre fantasien som set grenser. Om nokon tek initiativ til å starte ein ny aktivitet så skjer det!

Slik har det også enda opp med at Longyearbyen har fire ulike kor, storband og irsk dans.

Les også: Korleis er det å vere 18 i 2018?

Ut først, så heimatt

Det er nok litt av grunnen til at mange trivst så godt på Svalbard. Det er avgjerande at det er liv og røre når ein bur såpass isolert, for kvardagen kan ikkje også vere aude.

No er Amalie Henriksen snart klar til å flytte frå ishavsøya. Ho planlegg å reise til Berlin om eitt års tid, når ho har tent seg opp litt pengar. Der skal ho lære tysk, kanskje studere song, og oppleve korleis det er å bu ein plass der det ikkje er mørkt halve året.

Eg trur det er viktig at vi som har vakse opp her kjem oss ut, og får oppleve verda litt. For det er annleis, seier ho.

Men ho kjem nok attende.

longyearbyen, svalbard

I Longyearbyen er det fleire snøskuterar enn folk.