Her er dei mest lesne sakene i 2017

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.03.2018 18:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2017 har vore eit nytt rekordår for Framtida.no. I år har over 825.000 brukarar vore innom Framtida.no – ein auke på 350.000 frå året før, ifølgje måleverktøyet Google Analytics.

I snitt har rett over 20.000 brukarar lese Framtida.no kvar veke – ein oppgang på nesten 8000.

Her er lista over dei 20 mest lesne artiklane:

20. Viss regjeringa verkeleg vil ta vare på norsk kultur – kvifor fjernar dei då song frå skulen?

19. «Eg seier det rett ut, eg fryktar at Høgre har blitt farleg i regjering

18. Det finst elevar som har bokmål som sidemål

17. Liknar på penis, berre endå meir sensitiv

16. Du viser ei kunnskapsløyse som du verkar å vere stolt over

15. God dag, det er frå Norsk film

14. Are Kalvø: Bråkebøttene på nabobordet

13. Ploglaust jordbruk kan redde kloden

12. Ingeborg (16) fekk ei heilt spesiell hjelp

11. Kva synest stortingsrepresentantane om Beyoncé?

10. Skreiv Noregs beste norskeksamen

9. I India betalar nesten ingen skatt

8. Slik møter du nedsettande ytringar på nett

7. Kunstig kreativitet: Kan ein robot skrive ein roman?

6. Are Kalvø: Ulven gjer livet mykje betre for oss alle

5. Dangfart Tønnessen: – Gamle menneske slepp unna med alt

4. Are Kalvø: «Alt handlar faktisk ikkje om deg, Listhaug»

3. Marie (85) rører tusenvis på Facebook

2. Det er godt å snakke om Are

1. Islandsk fotgjengarfelt går verda rundt

Historia om det islandske fotgjengarfeltet er lese over 155.000 gonger – det er rekord med klar margin. I oktober var saka den nest mest delte saka i sosiale medium i heile Noreg, ifølgje Storyboard.

Her er dei 5 mest brukte quizane:

5. Kjenner du att desse Beyoncé-songane på nynorsk?

4. Kjenner du att desse Britney Spears-songane på nynorsk?

3. Test SKAM-kunnskapane dine

2. Den store nynorske diktquizen

1. Kor mykje islandsk forstår du?

Islandsk-quizen sette ny quiz-rekord, med nesten 40.000 sidevisingar.

Sjå kva saker som var dei mest populære i 2016!