I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som skjer i Noreg i dag er at dialektane blir meir og meir like kvarandre. Det heng saman med kommunikasjon. Dei fleste høyrer fleire dialektar enn sin eigen i kvardagen, og då jamnar skilnadane seg ut over tid.

Det fortel språkforskar Arne Torp, som lenge har arbeidd med å forske på norske dialektar. Han fortel at ein grovt sett kan dele dei norske dialektane i to grupper.

– Ein kan dele dei norske dialektane i to hovudgrupper: austnorsk og vestnorsk. Dei dialektane som vi kallar vestnorske finn vi i Nord-Noreg og på Vestlandet, medan dei austnorske dialektane er dei vi finn i Trøndelag og på Austlandet, seier Torp.

Tonefallet avgjer

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialektar i ein mannsalder. Han fortel at isolasjon skapar dialektar. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK.

Tonefallet er eitt av dialektmerka som avgjer kva for hovudgruppe ein dialekt hamnar i.

– Tonen i dialektane våre er slett ikkje noko nytt fenomen. Det er isolasjon som skaper dialektar. Kva for naturlege barrierar og samband har vi i Noreg? Jo, vi har fjell mellom aust og vest. Dessutan har vi ein kyst som tradisjonelt sett blei brukt som handelsveg. Difor var det mindre isolasjon mellom Vestlandet og Nord-Noreg enn det var mellom Vestlandet og Austlandet. Samstundes har det alltid vore mykje kontakt mellom austlendingane og trønderane over Dovrefjell, då dette er eit mykje lågare fjell enn Langfjella mellom aust og vest, fortel ein engasjert Torp.

Torp fortel vidare at om ein reinskar vekk alle særtrekk ved ein trønderdialekt vil den høyrast nokså austlandsk ut.

– Ber du ein trønder prøve seg på austlandsdialekt er det i alle fall ikkje tonen som set stoppar for om han klarer det, seier språkforskaren.

Bymåla dominerer

Nokre dialektar har gjennom historia fått stadig større råderom enn andre og det er ein spesiell dialekt som spreier seg svært raskt no.

– Oslo-målet spreier seg i veldig fart oppover dalføra på Austlandet. Særleg gjeld dette Hallingdal, Valdres og Østerdalen. Gudbrandsdalen ser førebels ut til å halde stand, seier Arne Torp.

– Kvifor har Oslo-målet så lett for å spreie seg?

– Det er ein dialekt ein er ekstra eksponert for gjennom media. Heilt frå radioen kom har somme snakka om at alle etter kvart kom til å byrje å snakke som ein gjorde i radioen. Det skjedde ikkje, men etter kvart kom fjernsynet òg. Då blei det lettare å identifisere seg med dei ein både høyrde og såg i media. Lenge har det vore tala om at born i heile landet er i stand til å leike på oslomål. Viss du er i stand til å leike oslomål, så er du jo òg i stand til å legge om til oslomål på alvor, svarar Torp og legg til:

– No finst det klare enklavar med oslomål over heile landet. Det kan komme ei tid der heile landet snakkar meir eller mindre oslomål, men det skjer i alle fall ikkje i mi levetid.

Også dialektane i andre landsdelar blir påverka av dialektane på større stadar.

– Dei største og mest dominerande dialektane i eit område påverkar andre dialektar rundt. Det kan tenkjast at det i framtida vil utvikle seg landsdelsdialekter. Det vil sei at ein etter kvart berre kan peike på kva landsdel folk har vakse opp i ut frå dialekten. Men også dette ligg langt fram i tid, seier Torp.

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialektar i ein mannsalder. Her fortel han engasjert om temaet. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK.

Språkstorm ved Stad

I tillegg til tonefall er det òg mange andre kjenneteikn som skapar dialektar. Nokre dialektkjenneteikn er i ferd med å forsvinne medan andre i lang tid har vore på frammarsj. Eit kjennemerke ein finn i mange dialektar, spesielt på Vest- og Sørlandet, er skarre-r.

– Skarring kom truleg til Noreg på 1700-talet og har sidan breia seg utover stadig større område, fortel Torp.

Truleg oppstod skarre-r først i Paris, for så å breidd seg ut over store delar av kontinentet.

– Mange meiner han oppstod som ein talefeil, men det trur ikkje eg, seier språkforskar Torp.

Han fortel vidare at spreiinga av skarre-r i Noreg no er i ferd med å stoppe.

– Det ser ut som skarringa passar dårleg saman med det vi kallar retroflekse lydar. Det vil seie samantrekking av lydane «rt», «rd», «rs», «rn», «rl», som ein finn i austnorske dialektar.

Sidan retrofleksane er utbreidde i Trøndelag og på Austlandet, møter skarringa motbør når ho kjem til desse områda.

– Det er tydeleg at skarre-r ikkje går godt saman med retrofleksar. Sør for Sogn skarrar dei fleste, men skarring forsvinn gradvis på veg gjennom Sogn og Fjordane og opp til Sunnmøre. Skiljet ser pedagogisk nok ut til å ende opp ved Stad, seier Torp før han legg til:

– Stad er jo eit landemerke dei fleste har eit forhold til ut frå geografien.

Dialektkjenneteikn som forsvinn

I motsetnad til skarring er det andre merke i dialektane som er i ferd med, eller allereie har forsvunne heilt.

– Det er mange trekk ved dialektane som forsvinn og blir heilt vekk. Eit eksempel på eit dialektmerke som er på tilbaketog er det ein kallar for palatale lydar: mannj for mann og kallj for kall, og liknande. Desse lydane har forsvunne frå store delar av landet der dei fanst før. Framleis finn vi dei i Trøndelag og i Nord-Noreg, men også i desse områda er palatalane på veg ut og kan etter kvart komme til å forsvinne heilt også der, seier Torp.

Han trekkjer òg fram eit gammalt grammatisk dialektkjenneteikn som er i ferd med å forsvinne.

– Den siste resten av kasusbøying av substantiv finn vi mellom anna på Nordvestlandet. Det er dativforma, som «i husa» for «i huset» i eintal og «i huso» for «i husa» i fleirtal. Før eksisterte dativ i dialektar over heile landet. Dei siste restane på Nordvestlandet og i fjellbygdene austafjells forsvinn no, avsluttar språkprofessor Torp.

Fakta om dialektar

* Ein dialekt kjenneteiknar talemålet i eit bestemt område. Ein dialekt er avgrensa av geografiske og sosiale skiljelinjer.

* Dialektane inneheld ulike dialektkjenneteikn, såkalla målmerke, som blir brukte til å dele inn dialektane.

* Palatalisering: Målmerket palatalisering er ei modifisering av uttalen av ein konsonant som skjer ved at tunga blir pressa mot den harde gommen. Palatalisering er vanleg i norske dialektar nord for Sognefjorden og Mjøsa, men finst også i mange andre språk. Eit eksempel på palatalisering er det trønderske «Hainnhoinn i bainn» som tyder hannhund i band.

* Retrofleks: Ein retrofleks konsonant er eit målmerke der ein bøyer tungespissen oppover og bakover. Lydsamband som «rt», «rd», «rs», «rn», «rl» får i austnorske og trønderske dialektar retroflekse uttale. For eksempel i «ert», «gardin», «vers», «garn», «barlind» og «jåle»).

* Skarre-r: Skarre-r er ein uttalevariant r-lyden som er karakteristisk for dialektar på Sør- og Vestlandet. Skarre-r blir laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakarste delen av ryggsida på tunga.