Høgrebølgje i Latin-Amerika

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.04.2019 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå NUPI Skole.

Den 1. januar 2019 vert 63-årige Jair Bolsonaro Brasil sin president. Det er eit maktskifte som vert lagt merke til, ikkje berre i Latin-Amerika, men i store delar av verda.

Den nye presidenten har sagt at han støttar Brasil sitt tidlegare militærdiktatur (1964 til 1985). Han har også sagt at han støttar bruken av tortur under militærstyret. I tillegg har han kome med sterkt nedsetjande utsegn om kvinner, farga og homofile.

Jair Bolsonaro er vald til ny president i Brasil. Han snakkar svært krenkande og nedsetjande til kvinner, homofile og farga: Foto: Senado Federal/Creative Commons/CC BY-2.0

Jair Bolsonaro vert skildra som ein høgrepopulist, og han seier sjølv at USA sin president Donald Trump er eit stort førebilete. Bolsonaro sine viktigaste valløfte er å kjempe mot korrupsjon og kriminalitet, to av dei største problema i Brasil og Latin-Amerika. Han seier også at han vil føre ein økonomisk politikk for det frie næringsliv, med lågare skattar og avgrensa statleg styring.

Næringslivet har store forventingar til Bolsonaro, og fleirtalet av brasilianarane trur han kan skape orden, auka tryggleik og eit ærlegare Brasil. Men dei aller fleste av landet sine fattige fryktar at deira kår vert ytterlegare forverra, i eit land der det allereie er enorme forskjellar mellom fattig og rik.

Les også: Det brasilianske demokratiet på veg mot ei usikker framtid

Mange «blå» naboar

Jair Bolsonaro vert rekna som den mest høgreorienterte leiaren i Brasil sidan demokratiet vart gjeninnført i 1985. Han tek over etter Michel Temer frå sentrum-høgre, og forsterker dermed den høgrevinden som har prega Latin-Amerika dei siste åra. Og den nye presidenten vil vere omgjeven av «blå» regjeringar på alle kantar:

I Argentina har sentrum-høgrepolitikaren Maurizio Macri vore president dei siste tre åra, og i Chile vann Sebastian Piñera frå høgrepartiet Nasjonal Fornying (Renovación Nacional) valet for eitt år sidan. Det tyder at dei tre største økonomiane i Sør-Amerika er styrte av høgreregjeringar. Det har ikkje skjedd sidan militærdiktatura si tid på 1970- og 80-talet.

Dei tre største økonomiane i Sør-Amerika er styrte av høgreregjeringar

I tillegg er konservative Ivan Duque president i Colombia, medan høgresida sin Martin Vizcarra er president i Peru. Eit interessant trekk er at ingen av desse leiarane er kvinner – ei markant endring etter at både Brasil, Argentina og Chile for få år sidan hadde kvinnelege presidentar.

Det politiske kartet over Latin-Amerika har endra seg dramatisk det siste dryge tiåret.

Kart: Foro de São Paulo/CC BY 3.0

Då venstresida rådde

Venstrebølgja, den såkalla «rosa bølgja», starta då Hugo Chávez kom til makta i Venezuela i 1999. I 2002 vann Luiz Inazio «Lula» da Silva frå Arbeiderane sitt Parti (PT) ein solid siger ved presidentvalet i Brasil. Og året etter vart venstrepolitikaren Nestor Kirchner president i Argentina. I 2005 vart Eva Morales valt til leiar i Bolivia – den første presidenten frå urfolket i Latin-Amerika. Og året etter vart chilenske Michele Bachelet den første folkevalde kvinnelege presidenten i regionen.

På midten av 2000-talet hadde altså venstresida makta over det aller meste av regionen.

Venstrebølgja i Latin-Amerika starta med valet av Hugo Chávez i Venezuela i 1999.

Men Latin-Amerika si venstrebølgje var inga samla rørsle, og berre ein liten del av den var radikal og revolusjonær.

Den som fekk mest merksemd på den radikale fløyen var den venezulanske leiaren Hugo Chávez. Han innførte det han kalla ein «Sosialisme for det 21. hundreåret» – ein omfordelingspolitikk som førte til at fattigdomen i første omgang vart redusert kraftig. Men det skulle snart vise seg at denne politikken på ingen måte var berekraftig.

For dei aller fleste av venstreregjeringane var det snakk om ein reformpolitikk som minna mykje om dei sosiale marknadsøkonomiane i Noreg og andre vesteuropeiske land. Likevel var verknadane så store, først og fremst fordi forskjellane mellom rik og fattig er så enorme i dei latinamerikanske lada.

Mest kjent er Lula da Silva sitt program for nedkjemping av fattigdom i Brasil. I løpet av dei åtte åra han satt ved makta, vart meir enn 30 millionar brasilianarar løfta ut av fattigdomen og inn i den nedre middelklassen. Og Brasil var ikkje åleine. I perioden 2002 til 2012 vart talet på fattige i Latin-Amerika redusert med 10 millionar i året – frå over 40 til rundt 25 prosent!

I tillegg skjedde det viktige reformer, som auka likestilling mellom kvinner og menn, og større rettferd for urfolk og seksuelle minoritetar, og dei ekstremt strenge abortlovene vart noko meir liberale.

Les også om kampen for seksualundervising og prevensjon i Latin-Amerika: – Dei siste seks månadane har me opplevd ei enorm mobilisering, seier Peña.

Det store vendepunktet

Men begeistringa for Latin-Amerika sine venstreregjeringar vart ikkje langvarig. Grunnlaget for deira suksess var ein eineståande etterspurnad etter regionen sine råvarer. Giganten Kina hadde eit nærmast umetteleg behov for soya, kjøt, jernmalm og andre latinamerikanske varer. Dermed opplevde Brasil, Argentina, Chile, Peru og andre land ein kraftig vekst. Stadig fleire kom i arbeid, og det var rom for store offentlege investeringar og rause sosiale tiltak.

Men då den kinesiske veksten byrja å avta, snudde utviklinga dramatisk: Økonomien vart svakare, det var mindre pengar til sosiale prosjekt og veljarane vart meir og meir misfornøgde.

«Venstreregjeringane greidde ikkje å utnytte oppgangstidene til å skape solide og berekraftige økonomiar. Dei var heldige og opplevde ein makelaus råvare-boom, men dei greidde ikkje å utnytte dette, og dermed gjekk land etter land inn i ein økonomisk nedgangstid, eller opplevde sterkt redusert vekst», seier den berømte amerikanske historikaren og forfattaren Noam Chomsky til det amerikanske TV-programmet Democracy Now.

Men begeistringa for Latin-Amerika si venstreregjeringar vart ikkje langvarig

Men det var også ein annan viktig grunn til at Latin-Amerika sine venstreleiarar mista tilliten til veljarane sine: korrupsjon.

Då Brasil sitt arbeiderparti, PT, vann valet i 2002, var eit av dei viktigaste valløftene å ta eit historisk oppgjer med landet sin berykta korrupsjonskultur. Men allereie i 2005 vart det avslørt eit omfattande system for kjøp av stemmer i landet sitt parlament, og i åra som følgde vart ei rekkje av politikarane i partiet avslørt som korrupte. Det same skjedde i Argentina, der Cristina Fernandez de Kirchner tok over som president etter sin mann Nestor Kirchner i 2007.

Ein tredje årsak til veljarane si misnøye var at regjeringane på venstresida i liten grad greidde å få til varige løysingar på eit av Latin-Amerika sine største problem: Den omfattande valden og kriminaliteten. Meir enn 30 prosent av alle drap i verda skjer i Latin-Amerika, til trass for at regionen berre har åtte prosent av befolkninga på kloden. Berre i Brasil var det i 2017 nærmare 64.000 drap – det høgaste talet i verda.

Protest og populisme

Presidentvalet i Brasil, i oktober 2018, kan i første rekkje skildrast som eit protestval. Ei djup økonomisk krise, utstrekt korrupsjon og omfattande kriminalitet fekk brasilianarane til å vende rygge til dei etablerte partia og politikarane. Det viktigaste ordet i valkampen var «mudança», endring.

Det viktigaste ordet i valkampen var «mudança»

I dette politiske klimaet greidde høgrepopulisten Jair Bolsonaro å framstå som ein fornyar, til trass for at han har vore medlem av landet sitt parlament i meir enn 25 år. Dette har i første rekke to forklaringar: Den eine er at han vert rekna som ukorrupt i ein elles gjennomkorrupt politisk kultur. Den andre er at veljarane trur at han, med sin militære bakgrunn, er best eigna til å nedkjempe kriminaliteten. I tillegg meiner mange at Bolsonaro sin høgrepolitikk er løysinga for å kome ut av den økonomiske krisa og skape vekst og nye arbeidsplassar.

Denne videoen frå VOX forklarer korleis Bolsonaro gjekk sigrande ut av valkampen:

Skuffelsen over politikarane og eit sterkt ynskje om endring synest å vere viktige stikkord for høgredreiing òg i andre latinamerikanske land.

I Argentina vart venstrepolitikaren Cristina Fernandez de Kirchner skulda for økonomisk vanstyre og grov korrupsjon, og landet var praktisk talt utan valutareservar då ho gjekk av som president i desember 2015.

Hennar etterfølgjar er som nemnt sentrum-høgrepolitikaren Mauricio Macri. Han sette i verk reformar som er verte møtte med betydeleg anerkjenning av internasjonale ekspertar. Men motstanden frå fagforeiningane og venstresida i heimlandet er massiv, og det er høgst usikkert om han vert gjenvalt ved presidentvalet i 2019.

Eit anna viktig stikkord for utviklinga i Latin-Amerika er populisme. Enkle løysingar på kompliserte problem pregar i aukande grad samfunnsdebatten, her som andre stadar i verda. I dette bilete er politikarforakta, fortent eller ufortent, eit stadig viktigare trekk. Denne tendensen heng saman med auka bruk av sosiale media, og «fake news» – falske nyheiter – var ei stor sak under presidentvalet også i Brasil.

Kva er eigentleg populisme? Her får du svaret. 

Mexico – og Venezuela

Men Latin-Amerika er enno ikkje heil-blått. Det største og viktigaste unntaket frå høgrebølgja er Mexico.

Den 1. desember 2018 vart Andrés Manuel López Obrador, populært kalt AMLO innsett som landet sin president. Han representerer det venstreorienterte partiet Morena, og vann ein klår siger ved presidentvalet fem månadar tidlegare. Dette er litt av eit paradoks, sidan Mexico ikkje var ein del av den store venstrebølgja i Latin-Amerika. Mexico er i folketal det nest største landet i regionen, og det er eit viktig signal at mexicanarane no går mot den politiske hovudstraumen i denne delen av verda.

Men Latin-Amerika er enno ikkje heil-blått

Fattigdom, korrupsjon og kriminalitet er viktige grunnar til at AMLO vart vald til president. Men den nye raude presidenten har klare populistiske trekk, og mange er uroa for at han vil nytte udemokratiske metodar for å styrkje si makt og få gjennom sin politikk.

Eit anna stort land i Latin-Amerika som framleis har eit venstrestyre, er Venezuela. Men landet er i dag først og fremst eit tragisk døme på kva vanstyre og korrupsjon kan føre til. Nicolas Maduro, som følgde etter Hugo Chávez som president, har leia landet inn i ei økonomisk og sosial krise, med akutt mangel på mat, medisinar og forbruksvarer, og over to millionar menneske har dei siste åra flykta til Colombia og andre naboland.

Mexico: – Det historiske valet i Mexico er eit jordskjelv for etablerte parti, sa utanriksjournalist i Klassekampen, Peter M. Johansen til Framtida.no.

Kven vinner – kven tapar?

Latin-Amerika har dei største sosiale og økonomiske forskjellane i verda. Den rikaste 1 prosenten i Brasil har 36 gongar så mykje i inntekt som den fattigaste halvdelen av befolkinga.

Og det vi har sett dei siste åra, er at fattigdomen og arbeidsløysa auker og at satsinga på prosjekt vert trappa ned. Berre i Brasil er fleire millionar menneske no tilbake i dei fattige sine rekkjer etter den store sosiale framgangen for eit drygt tiår sidan.

Tradisjonelt har høgreregjeringane i Latin-Amerika støtta den rike overklassa og vore lite opptekne av dei fattige sine kår. På den andre sida har dei konservative stort sett lukkast betre med å skape økonomisk vekst. Eit av dei store spørsmåla vert no om dei nye høgreregjeringane vil vere meir opptekne av sosial rettferd enn deira forgjengarar. Erfaringane så langt har vore blanda, og signala frå Brasil sin nye president er ikkje oppløftande.

Den rikaste 1 prosenten i Brasil har 36 gongar så mykje i inntekt som den fattigaste halvdelen av befolkinga

Høgrebølgja sin klare vinnarar så langt er næringslivet og den rike middelklassa. Men dersom dei nye leiarane lukkast med å skape berekratige økonomiar og å nedkjempe korrupsjon og kriminalitet, vil dette sjølvsagt kome heile samfunnet til gode.

Eit viktig tema i Brasil og fleire andre land er dei klare signala om at landbruket og andre næringsinteresser no skal verte prioriterte på kostnad av miljø- og klimainteresser, og mange er uroa for at den største regnskogen i verda, Amazonas, skal verte utsett for alvorlege øydeleggingar.

Eit anna resultat av høgrebølgja er at tradisjonelle familieverdiar i aukande grad er sett i fokus over heile Latin-Amerika.

Dei evangeliske frikyrkjene er i sterk vekst, og dei aller fleste av dei er sterke støttespelarar for høgresida. Dette tyder at liberale kampsaker som fri abort, likestilling og rettar for seksuelle minoriteter er under sterkt press i land etter land. Særleg gjeld dette Brasil der Jair Bolsonaro sine sterkt nedsetjande utsegn om homofile har skapt frykt, og der valden mot seksuelle minoritetar er omfattande og aukande.

Rio de Janeiro: Det er mest sannsynleg næringslivet og den rike middelklassa vil tene på høgrebølgja. Men kan også underklassa kome betre ut av det på sikt? Foto: RyanMBevan/Creative Commons/CC BY 2.0

Les også: Noreg krev etterforsking av tortur og drap av LHBT i Russland

Kva vil skje i Latin-Amerika?

Etter valsigeren til Donald Trump i USA i 2016 og høgrepopulistane sin framgang i Europa i 2017, synest turen no å vere komen til Latin-Amerika. I land etter land høyrest ropet etter «den sterke mann», og tru på demokratiet er fallande.

Regionen Latin-Amerika med sine 550 millionar innbyggjarar er ved ein skilleveg, og utsiktene er meir usikre enn på lenge. Vil dei verte verande blå eller svingar pendeleg igjen tilbake?

Les også: Likevel ikkje fred i Colombia? 

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.