Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Likevel ikkje fred i Colombia?

Optimismen var stor då Colombias president Juan Manuel Santos vann Nobels fredspris i 2016. Same haust kom fredsavtalen mellom regjeringa og FARC-geriljaen på plass. 52 år med borgarkrig var over.

Ivan Duque er vinnar etter første valomgang. Foto: Tokota, CC BY 3.0-lisens

Krigen etterlot seg minst 220 000 døde, og over sju millionar var blitt fordrivne.

Nå er det på ny presidentval i Colombia. Vinnar av første valrunde, Iván Duque, er kritisk til fredsavtalen, og meiner Santos-regjeringa har vore alt for ettergivande med geriljagruppa.

Han er tett alliert med Álvaro Uribe, president mellom 2002 og 2010 og blant fredsavtalen sine største motstandarar. Duque er favoritt til å ta sigeren også i andre valrunde 17. juni. Uribe har, til liks med Santos, alt vore president i to periodar, og får ikkje stilla på ny.

På andre sida står venstrekandidaten Gustavo Petro, tidlegare Bogota-ordførar og medlem av geriljagruppa M19 på 80-talet.

Kontroversiell fredsavtale

Fredsavtalen som Norge var med på å framforhandla fekk mykje ros både her til lands og internasjonalt. I Colombia har folk eit meir ambivalent syn – folkeavstemninga om avtalen blei avvist med eit knapt fleirtal.

Regjeringa sendte ein reforhandla avtale til kongressen, og fekk godkjenning der i staden.

Slik ser eit typisk hus ut på landsbygda i Colombia. Foto: Laura Buchan

Fredsavtalen skulle setta i gong ei storstilt endring i Colombia: Nye føresegner for domstolane til å avgjera krigsforbrytingar. Støtteordningar for å motivera koka-bønder til å skifta til andre typar landbruk. Den colombianske regjeringa skulle etablera eit sterkare nærvær i tidlegare FARC-kontrollerte område.

FARC-geriljaen blei gjort om til eit politisk parti, og dei omlag 12 000 styrkane deira skulle samlast i 26 leirar kringom i Colombia.

Kaotisk fred

Men implementeringa av avtalen har gått svært trått. Forfatningsdomstolen stogga eit forsøk på hurtighandsaming av alt lovverk knytt til fredsavtalen. Bygginga av leirane blei utsett, og matrasjonane kom ikkje. Kokaproduksjonen i landet er nå rekordstor.

Nedrusting av geriljagruppa blei endå vanskelegare: Alt av våpen, ammunisjon og eksplosiver skulle ha vore levert inn til FN-observatørar innan 31. mai 2017. Men mange av våpenlagera låg djupt inne i jungelen, omringa av landminer. Fristen måtte utsettast gjentatte gonger.

Det har skapt frustrasjon i befolkninga. Fredsavtalen var for mange tøff å svelga i utgangspunktet. Ti seter i kongressen er nå reservert den marxistiske geriljagruppa i åtte år.

Presidentkandidat Duque og store deler av befolkninga er opprørte over at FARC-toppar kan sleppa unna utan å stå til ansvar for forbrytingar mot menneskeheita.

Presidentkandidat for det nye FARC-partiet var Rodrigo Londoño – best kjend under kallenamnet «Timoschenko». Foto: Sortu/CC BY-SA 4.0-lisens

I februar avslutta FARC valkampen sin. Bakgrunnen var drap på aktivistar og valdelege protestar. Det er framleis ikkje klart om det var offer for FARC sin brutale krigføring, eller tilhengarar av Uribe sitt parti som sto bak aksjonane.

Presidentkandidat for det nye FARC-partiet var Rodrigo Londoño – best kjend under kallenamnet «Timoschenko». Mange colombianarar ser på Londoño som ein terrorist. På meiningsmålingane hadde han støtte frå rundt 2 prosent, før han seinare trakk seg.

ELN-geriljaen med nye terroråtak

Sjølv om FARC-geriljaen, som på eit tidspunkt kontrollerte omlag 40 prosent av Colombia, har lagt ned våpna, er det ikkje slutt på geriljaverksemden. Framleis har utbrytarar frå gruppa kontroll over store område.

Då FARC forlét store landområde, skapte det samstundes eit maktvakuum. Det har andre kriminelle grupper brukt til å utvida sine territorium. Blant dei er Clan del Golfo, ein mafia med røter i dei para-militære gruppene som for det meste forsvann på 2000-talet.

(Saka held fram under biletet)

Turistane flokkar til Valle de Cocora i Colombias kaffiregion for å få med seg vokspalmen: Verdas høgaste palme. Dei kan bli opptil 60 meter høge. Foto: Eirik Tangeraas Lygre.

Ei anna av dei er ELN-geriljaen – den nå største geriljagruppa i Colombia. Gruppa blei stifta av romersk-katolske prestar i 1964, og blir omtalt som ein terrororganisasjon av USA og EU. Dei rundt 2000 medlemane har kontroll over mykje av kokaineksporten i landet, og rår over store gull- og kolførekomstar.

Våpenkvile og forhandlingar med regjeringa sist haust gjekk i vasken ved årsskiftet, og endte med at ELN utførte ei rekke nye angrep på infrastruktur og politistasjonar over heile landet.

Fredsavtalen truleg ikkje i fare

Befolkninga har grunn til å vera misfornøgd. Inntektsulikskapen er nest høgast i Latin-Amerika. Helse- og skulevesen er i svært dårleg stand. Valden held fram på landsbygda og i områder som framleis er utanfor regjeringa sin kontroll. Korrupsjon er svært utbreidd.

Likevel er det lite truleg at Colombias neste president vil setta fredsavtalen i fare. I motsetnad til nabolandet Venezuela er Colombia eit stabilt demokrati med sterke institusjonar. Iván Duque kan svekka, men neppe øydelegga, avtalen.

Alt du ser er kaffi. Colombia eksporterer enorme mengder arabica-kaffi – faktisk mest i verda. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Spørsmålet er i kor stor grad Duque vil overlata styringa av landet til Uribe, som han har omtalt som Colombias «evige president». Får Duque endra grunnlova, opnar det for at Uribe igjen kan stilla til val.

Men mordraten i landet har stupt dei sista åra. Medellín, for 25 år sidan rangert som verdas farlegaste by, blei i 2013 kåra til verdas mest innovative by. Talet på turistar veks med rundt 12 prosent årleg. Fattigdommen er på rask veg nedover.

Trass kaoset er det framleis grunn til å vera optimistisk på Colombias vegne.