Argentinar: – Det finst ikkje seksualundervisning i skulane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 14.08.2018 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det finst ikkje seksualundervisning i skulane

Dei siste halvåret har det pågått ein heftig abortdebatt i Argentina. Heile verda sperra opp augo då underhuset tidlegare i sommar stemte for forslaget om sjølvbestemt abort inntil veke 14. Lovforslaget gjekk likevel ikkje gjennom senatet si votering den 8. august.

Cristian Ariel Peña er argentinar, men jobbar som utekontakt for dei norske Latin-Amerikagruppene i Noreg i Brasil.

– Kva ville det hatt å seie for regionen om Argentina  innførte sjølvbestemt abort?

– Det er veldig viktig fordi Argentina er eit stort land i Sør-Amerika. Eg vert ikkje overraska om ein byrjar å diskutere det i andre land etter at Argentina har vedtatt abortlova, svarar Peña på telefon.

Han er i desse dagar på ferie i Noreg, men har følgt abortdebatten som har blussa opp i heimlandet dei siste seks månadane, etter at president Mauricio Macri har opna opp for at forslaget til ei ny abortlov skal behandlast av parlamentet.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Overraskande ja

Då 66,4 prosent av det irske folk i mai stemte for å oppheva abortforbodet, kunne ein sjå jubelscener frå Argentina, der kvinnerørsla har jobba for det same i ei årrekkje.

– Kvinnegruppene var 100 prosent budde på å ta diskusjonen. Dei siste seks månadane har me opplevd ei enorm mobilisering, seier Peña.

Han kallar det ei politisk skulering av heile samfunnet.

Men det kom som ei overrasking på både Peña og resten av verda då det tidlegare i sommar vart eit knapt fleirtal for forslaget i underhuset. I går vart lova som opnar for sjølvbestemt abort fram til 14. svangersskapsveke nedstemt i senatet – med 38 mot 31 stemmer.

Dette overraska ikkje Peña. Ifølgje 37-åringen er det sjuande gongen kvinnegrupper har fremma abortforslag for parlamentet, men i år er første gongen det har vorte stemt over.

Han trur at abortlova kan kome opp att og bli vedtatt allereie i 2019.

Manglande seksualundervisning

Både seksualundervisning, prevensjon og abort er kontroversielle tema i katolske Argentina, som er heimlandet til pave Frans.

Camilla Mevik er dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene i Noreg. Foto: LAG

– I Argentina har det vore eit mantra at ein treng seksualundervisning for å ta informerte val, prevensjon for å beskytta seg og sjølvbestemt abort for å ikkje døy. Eg synest det seier noko om kor alvorleg situasjonen er, seier dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene i Noreg, Camilla Mevik, til Framtida.no.

Dei mørkaste delane av verdskartet markerer kor det er flest mødre mellom 15 og 19 år. Illustrasjon: FNs befolkningsfond

Seinast i februar i år uttrykte FN uro over at Latin-Amerika og Dei karibiske øyene ikkje har klart å redusera det høge talet på tenåringsgraviditetar, ifølgje Reuters.

I 2006 vedtok regjeringa ei lov som gav alle ungdommar rett på seksualundervisning, men ifølgje Peña fungerer ikkje dette i praksis.

– Fleire delstatar har nekta å innføra det. Det gjeld særleg dei fattigare delstatane nord i landet, der den katolske kyrkja har meir innverknad, forklarar han.

Éin halv million abortar

Ifølgje Amnesty vert det utført kring ein halv million ulovlege abortar i landet årleg, og sidan 1983 har over 3000 kvinner mista livet som følgje av utrygge abortar.

Amnesty International har difor engasjert seg sterkt i saka.

Den rare følelsen i magen from Operasjon Dagsverk on Vimeo.

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, ser medvinden i abortsaka i Argentina i samanheng med eit auka fokus på kampen mot voldtekt og seksualisert vold mot kvinner i Latin-Amerika. Foto: Amnesty International Norge

– Det er viktig å presisere at abortforbodet råkar dei fattige, unge jentene hardast. Det er dei som ikkje har andre alternativ som ender med dei farlege alternativa. Dei som har pengar kan sikra seg ein trygg abort, sa politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, til Framtida.no før avstemminga.

Ho har sjølv snakka med jenter og kvinner som har opplevd traumatiske utrygge abortar.

– Desse abortane er ein alvorleg risiko for jenter og kvinners liv og helse. Tilgang på lovleg og trygg abort handlar om jenter og kvinners menneskerettar, retten til god helse, mot tortur og umenneskeleg behandling, slår Kaatee fast.

Både Katee og Peña ser utviklinga i abortkampen i Argentina i samanheng med eit aukande fokus på vald mot kvinner i Latin-Amerika.

Revidert forslag

Latin-Amerika er ein region med strenge abortlover, men dei seinare åra har fleire land endra desse. I 2012 vart abort avkriminalisert i Uruguay, noko høgsterett i Brasil også vurderer.

Ifølgje ei Ipsos undersøking sitert i Washington Post frå juli var 49 prosent av befolkninga i Argentina mot det nye lovforslaget, 41 prosent var for og 11 prosent hadde ikkje gjort seg opp ei meining.

Sjølv om forslaget om sjølvbestemt abort vart nedstemt kan lovgivinga i Argentina vera i endring. Fleire senatorar meinte lovforslaget var for omfattande, men er opne for nye lovforslag.

Ei av sakene som har vore diskutert er om ein skal opne for sjølvbestemt abort fram til veke 14 eller veke 12. Slike detaljar trur Peña vil spela ei viktig rolle til neste år.

– Sidan det er uungåeleg at lova vert vedtatt, vil dei konservative prøva å få til ei meir konservativ lov, meiner han.

Abort og tenåringsgraviditetar i Argentina

  • Abort er ulovleg i Argentina, men det kan gjerast unnatak dersom mors liv står i fare eller svangerskapet er eit resultat av incest eller voldtekt.
  • Kvinner risikerer inntil fire års fengsel for å ta abort, medan helsepersonell som utfører ulovlege abortar kan straffast med inntil seks års fengsel.
  • Kvart år vert det ifølgje Amnesty gjennomført kring 500.000 ulovlege abortar i Argentina.
  • Sidan 1983 har over 3000 jenter og kvinner døydd som følgje av utrygge abortar.
  • Lovforslaget om å innføre sjølvbestemt abort inntil veke 14 innan fem dagar fekk fleirtal i underhuset 14.juni 2018, men vart nedstemt i senatet 8. august.
  • Mellom 2005 og 2010 var den argentinske fødselsraten for jenter mellom 15 og 19 år 68 per 1000 innbyggjarar. Snittet i verda var på 49 per 1000 innbyggjar.

Kjelde: Amnesty International, FNs befolkningsfond