– Det historiske valet i Mexico er eit jordskjelv for etablerte parti

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 08.07.2018 00:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 1. juli stemte 53 prosent av meksikanske veljarar fram presidenten Andréas Manuel López Obrador, ofte refertert til som AMLO. Det er første gong på fleire tiår at ein frå venstresida vinn valet, og oppslutninga var rekordhøg.

Eit jordskjelv for etablerte parti

Utanriksjournalist i Klassekampen, Peter M. Johansen, meiner valresultatet er eit utrykk for at folk har fått nok av eit urettferdig system. AMLO lovar å endre dette til eit system for folket framfor eliten.

– Den store oppslutninga er eit jordskjelv for dei etablerte partia. Det autoritære partiet PRI som har har hatt makta i 71 år, har vore anklagd for å bruke både valfusk og klientisme* for å halde på makta frå 1929 til 2000, seier Johansen.

Då AMLO tapte valet med liten margin i 2006, var det mange som meinte at valfusk var grunnen.

Tilhengjarar av AMLO. Foto: Javier Armas / Flickr / CC BY 2.0

– Staten skal ta vare på alle meksikanarar

I sigertalen sin lovar AMLO å stå opp mot fattigdom, vald og korrupsjon. Han vil auke studiestøtta til ungdom og gje dei fleire lærlingplassar. I tillegg vil han auke pensjonen og støtta til bøndene.

Staten kan ikkje vere ein komité til teneste for ein minoritet. Han skal representere alle meksikanarar

«Staten kan ikkje vere ein komité til tenste for ein minoritet. Han skal representere alle meksikanarar, rike og fattige, dei som bur i landet og i byen, innvandrarar, truande og ikkje-truande; menneske av alle filsofiar og seksualitetar», sa AMLO i sigerstalen sin.

Johansen trur den nyvalde presidenten vil gjere det han kan for å ta knekken på fattigdom og korrupsjon.

AMLO har kjempa for sosial rettferd før

Johansen viser til at AMLO i si tidlegare politiske karriere har gjort ein stor innsats for dei fattige.

– AMLO rydda opp i mykje i adminstrasjonen som borgarmester i Mexico by. Han var svært populær blant folket. Han har òg vore svært aktiv i den fattige delstaten Tabasco der han jobba mykje med urbefolkninga. Det var då han byrja å kalle seg ein «sosial krigar», fortel Johansen.

Etter fleire valrunder kom han til slutt til makta med bodskapen om sosial rettferd.

Johansen fortel at AMLO har brukt mykje tid på å dra rundt i landet for å prate med folket, og då særleg med ungdomar og bønder.

Vil revurdere frihandelsavtalen med USA og Canada

Johansen er ikkje i tvil om at AMLO som president kan få reinska opp i mykje av byråkratiet og få innført nye ordensreglar. At han har fått eit så sterkt mandat frå veljarane vil hjelpe han godt på veg.

– Det er noko vi ikkje har sett i Mexico sidan starten av åttitalet, seier Johansen, og legg til:

– AMLO skal til dømes ta ei ny vurdering av frihandelsavtalen NAFTA som PRI innførte i 1994. Den har ført til at meksikanske bønder har blitt utkonkurrerte av amerikanske. Det er ei av årsakene til at så mange meksikanarar drar til USA.

Kva kan han få gjort på seks år?

– Det store spørsmålet er kva som er mogleg å gjennomføre i løpet av seks år. Korrupsjonen i Mexico er systematisk både når det gjeld det formelle og det uformelle, og han vil det ta tid å løyse opp i. Korrupsjonen er òg ei drivkraft for den veksande narkoverksemda, som også er eit stort problem i landet.

Korrupsjonen i Mexico er systematisk og vanskeleg å løyse opp i

Johansen trekk fram at partiet hans, Morena, er eit ungt parti med lite historie. Det vart stifta først i 2014, og det gjer det vanskeleg å spå akkurat kva som vil skje.

– Uansett har orda hans tent eit stort håp hos meksikanarane, og AMLO har gjennom tidlegare verv vist at han kjempar for det han pratar om i praksis.

*å kjøpe seg veljarar