Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 27.01.2020 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruken av ord som «populisme» og «populist» har eksplodert dei seinaste åra. Donald Trump vil skjerma nasjonal industri frå utanlandsk konkurranse ved å auka toll på import – kjent som proteksjonisme. Den filippinske presidenten Rodrigo Duterte har bedt politiet om å avrette mogeleg narkotikaseljarar.

Italia sin visestatsminister og innanriksminister, Matteo Salvini, vil sterk avgrensa innvandringa og utvisa romfolk frå landet. Det spanske partiet Podemos vil derimot gi innvandrarar røysterett.

Felles for alle over er at dei blir kalla populistar. Men når populistar er både for og mot innvandring, religiøse og sekulære, pasifistar og militaristar, høgreorienterte og venstreorienterte, klimafornektarar og miljøvernarar – ja, då er det ikkje lenger så lett å sjå kva som kjenneteiknar ein populist.

Høyrer desse i det heile tatt saman? Gir det meining å nytta eit så ullent omgrep?

Les også: – Norsk politikk er i verdsklasse på saklegheit og har vore det lenge.

Litt orden i rotet

Statsvitaren Cas Mudde gav i 2004 ei definisjon på omgrepet som er blitt svært viktig. Populisme er, ifølgje Mudde, ein slags «tynn ideologi» som berre set opp eit rammeverk, der eit reint folk står opp mot ein korrupt elite.

Nederlanske Geert Wilders, her under paraplyen «populist». Foto: Jos @ FPS-Groningen/(CC BY 2.0)

Deretter kan populistar av ulik overtyding spe på dette rammeverket med ein «tjukk ideologi» – det vera seg sosialisme, nasjonalisme, eller rasisme. På den måten kan ein forklara verda, og rettferdiggjera den politiske agendaen sin.

Nasjonalkonservative Kaczynski i Polen vil forsvara landets institusjonar frå den sekulære, liberale eliten ved å innsetta lojale katolikkar i så mange posisjonar som råd. Sekulære Geert Wilders i Nederland vil gå til kamp mot islam for å verna homofile.

Andre statsvitarar meiner det fremste kjenneteiknet er at populistar hevdar at dei, og dei åleine, representerer folket. Alle andre er illegitime.

Les også: Italias nye innanriksminister vil ha oppteljing og utvising av romfolk.

Problematisk påstand

Påstanden om at populistar representerer folket har møtt motbør. «Folket» er her definert som hardtarbeidande, rettvise, økonomisk vanskelegstilte, med sunn fornuft og sterke familieverdiar. Men populistar har ikkje alltid eit spesielt harmonisk forhold til dei mest utsette i samfunnet.

I Filippinane hevdar til dømes opposisjonen nå at 20 000 mistenkte narkotikaseljarar er blitt avretta – stort sett utan lov og dom. Andre gonger omtalar populistar dei mest vanskelegstilte som «parasittar» og «udyr».

Filippinsk president og populist Rodrigo Duterte har sett i gong ei storstilt avretting av folk mistenkte for narkotikasal. Foto: Republic of Korea/Flickr/(CC BY-SA 2.0)

Italienske Salvini sitt ønske om å telja opp og utvisa alle romfolk illustrerer godt korleis populisme ikkje går hand i hand med minoritetsvern, og at dei som sit heilt nedst på stigen fell utanfor definisjonen av «folket».

Dette blir av somme kalla «eksklusiv populisme», med fokus på å stenga ute stigmatiserte grupper. På den andre sida finn ein «inklusiv populisme», mest utbreidd i Latin-Amerika.

For sistnemnde variant ligg fokuset på å gje meir makt til stigmatiserte grupper (fattige og ulike minoritetar).

Les også: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om.

For deg som vil bli ekspert

Sosiologen Rogers Brubaker trekk fram ytterlegare fem ting til som er felles for populistar:

1. Antagonistisk repolitisering. Det han vil fram til med dette svevande omgrepet er at populistar vil ta tilbake politisk kontroll over område som er sett på som avpolitisert eller avdemokratisert. Liberal økonomisk politikk er eit døme, å ta tilbake nasjonal sjølvråderett frå EU eit anna.

2. Fleirtalsstyre. Prioritering av interessane og rettane til fleirtalet på kostnad av mindretalet (nynorskbrukarar til dømes). Ein skuldar typisk «eliten» for å gi privilegier til små grupper, og meiner dette går ut over folk flest.

3. Anti-institusjonalisme. Populistar som sit ved makta har vist seg glade i å laga eigne institusjonar, og i å dominera eksisterande institusjonar. Mange tar til orde for meir direkte demokrati og folkerøystingar framfor representativt demokrati. Andre (Trump er eit døme) angrip pressa, og kommuniserer i staden direkte med «folket» gjennom sosiale medium. I Ungarn og Polen angrip ein domstolane.

4. Proteksjonisme. Her trekk Brubaker fram tre typar proteksjonisme: Økonomisk (vern mot billege varer og billeg arbeidskraft), kulturell (vern mot framande kulturar) og tryggleiksmessig (vern mot terrorisme og kriminalitet).

5. Det femte punktet har ikkje å gjere med kva populisme er, men korleis han blir fremma. Ifølgje Brubaker har populistar til felles å erstatta politisk kompleksitet med ein retorikk som er enkel, direkte og sjølvinnlysande. Sunn fornuft og førstehandserfaring erstattar kompleksitet. På toppen kjem angrep på det «politiske korrekte» – i hovudsak eit middel i jakta på mest muleg merksemd.

Ikkje minst er populistane avhengige av krise-retorikk. Ein er glad i å dramatisera og overdriva truslane som ein sjølv hevdar å ha løysingane på.

Det er altså visse ting som ser ut til å vera felles for dei aller fleste populistar, og kan henda det framleis gir meining å nytta omgrepet. Du bør i alle fall vera betre rusta neste gong nokon kjem trekkande med påstandar om populisme ved middagsbordet.