Det brasilianske demokratiet på veg mot ei usikker framtid

Synnøve Berg Meisingset, Oda Balke Fjellang, Magnus Flåten Nickelsen – Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Førstkommande søndag, 7.oktober, skal det vera val i Brasil.

Den politiske situasjonen er svært polarisert og stemninga er spent.

Dette blir det første valet etter den omstridde riksrettssaka i 2016, og det er mykje som står på spel.

Vinglande nasjon i krise

For å forstå den politiske situasjonen i dag er ein nøydd til å sjå på den politiske og historiske konteksten i landet.

Brasil var ein portugisisk koloni i om lag 300 år. Denne perioden, med slaveri, utnytting og store klasseforskjellar, pregar fortsatt brasiliansk samfunn og politikk.

Dei sosiale forskjellane mellom fattig og rik, kvit og mørk, kvinne og mann – er utan tvil til stades.

Med ein bakgrunn prega av så mykje sosial ulikskap blir årets val ekstremt viktig. Dei to som ser ut til å kjempa om presidentkandidaturet, står for totalt motsett politikk.

Det illustrerer i grunnen godt den tilstanden landet har vore i det siste tiåret – vinglande frå den eine til den andre krisa.

Først vart landet hardt ramma av økonomisk nedgang i kjølvatnet av den globale finanskrisa frå 2007.

Det vart ikkje betre då det nokre år etter vart avsløra at Brasil husa verdas største korrupsjonsskandale. Få politikarar i senatet og kongressen unngjekk tiltale.

Les også: Den nyvalde presidenten i Mexico lovar å ta knekken på korrupsjon

Dilma Rousseff frå Arbeidarpartiet (PT) vart avsett som Brasils president i 2016. Foto: Palácio do Planalto

Dilma Rousseff frå Arbeidarpartiet (PT) vart avsett som Brasils president i 2016. Foto: Palácio do Planalto

Riksrett mot presidenten

I 2016 vart dåverande president Dilma Rousseff frå Arbeidarpartiet (PT) avsett i ei riksrettssak.

Det vart avsløra at Rousseff hadde pynta på nasjonalbudsjettet. Det er ikkje noko nytt i brasiliansk kontekst, og det var ein stor diskusjon om det var grunnlag til å føre ein riksrettssak ut frå grunnloven.

I etterkant er det også vorte påvist at det låg store politiske motivasjonar bak å få Rousseff avsett.

Rousseff ønskja å vidareføra operasjon bilvask (rettsoppfølginga av korrupsjonsskandalen) og dei sosiale programma, noko som mektige konservative fraksjonar i kongressen var i mot.

Difor vel fleire både på venstresida og i sentrum på den politiske skalaen heller å omtale saka som eit institusjonelt statskupp, då visepresidenten Michel Temer med høgrepartiet “Den brasilianske demokratiske bevegelse” (PMDB) kom til makta utan å vere folkevalt.

Sidan den tid har Michel Temer sete med presidentmakta – utan å vere folkevalt. Han har ekstremt liten oppslutning blant folket, og har tvinga gjennom fleire kutt i velferdsstaten.

For mange brasilianarar er det difor avgjerande å få ei representativ regjering i dette valet.

Når den mest populære kandidaten og tidlegare president, Luiz Inácio Lula da Silva frå PT, vart fengsla i valkampen, følte millionar brasilianarar at dei i praksis ikkje hadde ein reell presidentkandidat.

Les også: Tapte kampen om ny abortlov i Argentina

Tidlegare president dømt for passiv korrupsjon

Tidlegare president Luiz Inácio Lula da Silva var Arbeidarpartiets opprinnelege presidentkandidat, men sit fengsla for passiv korrupsjon. Foto: Ricardo Stuckert/Presidência da República - Agência Brasil - Secretaria de Imprensa e Divulgação

Arbeidarpartiets opprinnelege presidentkandidat, Luiz Inácio Lula da Silva, sit fengsla for passiv korrupsjon. Foto: Ricardo Stuckert/Presidência da República

Lula er dømd for passiv korrupsjon, men rettsprosessen har vore svært problematisk.

Menneskerettigheitsadvokaten Geoffrey Robertson er blant dei som meiner at den bryt med grunnleggjande rettsprinsipp og først og fremst er politisk motivert.

Dette kom blant anna fram då høgsterett i Brasil i april dømde dommaren i Lulasaken, Sergei Moro, for brudd med rettspraksis.

Det at Lula vart nekta å stille som kandidat har blitt kritisert av menneskerettighetskommisjon til FN, men likevel nektar den brasilianske valdomstolen å la han stille.

På grunn av dette har kandidaten Fernando Haddad tatt over for Lula. Ettersom dette skjer så tett opp mot valet har det ikkje vore lett for PT å fremma kandidaten.

Les også: Kva er eigentleg ein populist?

Høgrepopulisten Jair Bolsonaro frå Det sosialliberalistiske partiet (PSL) seglar opp som favoritt før valet. Foto: Gustavo Lima / Zeca Ribeiro / Agência Brasil

Høgrepopulisten Jair Bolsonaro frå Det sosialliberalistiske partiet (PSL) seglar opp som favoritt før valet. Foto: Gustavo Lima / Zeca Ribeiro / Agência Brasil

Populære Bolsonaro

I samanheng med den omfattande korrupsjonen har høgrepopulisme og fascistiske politikarar fått stor popularitet.

Folk ønskjer å protestera mot eit håplaust korrupt system og høgrepopulistane lover at dei skal fikse situasjonen.

Den populære kandidaten Jair Bolsonaro frå Det sosialliberalistiske partiet (PSL) foreslår å løyse den sosiale uroa med større maktbruk.

Han er ein kontroversiell kandidat som har uttrykt seg hatefullt om kvinner, afro-brasilianske, skeive, urfolk og fattige – det vil seia fleirtalet av befolkninga.

Eksempelvis har han ytra at ei kvinne var «så stygg at ho ikkje fortente å bli valdteken».

Bolsonaro har også tatt til orde for at fattige bør steriliserast, at urfolk ikkje bør behalda sine områder og at Brasil burde melde seg ut av Parisavtalen.

Les også: Huffington Post: «Noreg og Trump har same plan for Arktis»

Brasilianske kvinner har teke til gatene i hopetal for å demonstrera mot Jair Bolsonaro, som vert omtalt som Brasils Trump. Foto: Foto: Caco Argemi CPERS / Sindicato

Brasilianske kvinner har teke til gatene i hopetal for å demonstrera mot Jair Bolsonaro, som vert omtalt som Brasils Trump. Foto: Foto: Caco Argemi CPERS / Sindicato

#ikkjehan

Omdiskuterte Bolsonaro vart knvistukken tidleg i september, noko som har setje kjeppar i valkampen hans.

Den siste veka har kvinner i Brasil og i mange andre land, også i Noreg, på tvers av det politiske spektrumet tatt til gata i protest mot Bolsonaro under parolen #elenão (#ikkjehan).

Høgresidas makt over media i landet er også relevant for å forstå valet i år.

Den økonomiske eliten, som jamt over har konservative verdiar, har tilnærma mediemonopol i Brasil.

Media har spelt ei stor rolle i å få PT til å framstå som hovudansvarleg for korrupsjonen i landet, sjølv om korrupsjonen gjeld store deler av den brasilianske senatet og kongressen på tvers av partia.

Les også: Studentar i front for mangfald og samfunnsendring i Guatemala

Tidlegare utdanningsminister og ordførar av millionbyen São Paulo, Fernando Haddad, har teke over som Arbeidarpartiet sin presidentkandidat. Foto: Lula Marques/Agência PT

Tidlegare utdanningsminister og tidlegare ordførar av millionbyen São Paulo, Fernando Haddad, har teke over som Arbeidarpartiet sin presidentkandidat. Foto: Lula Marques/Agência PT

Ungt demokrati

Valkampen vil etter alt sannsyn ende opp mellom Bolsonaro og Haddad.

Framleis ser det ut til at Bolsonaro vil vinna første valomgang. Ifølgje meiningsmålingar ligg han an til å få 28 prosent oppslutnad, medan Haddad ligg på 22 prosent.

Bolsonaro vil etter alt sannsyn ikkje få over 50 prosent i første valomgang, som betyr at det vil vera ei valrunde til. Han vil ha det vanskeleg å vinne andre valomgang, då han også er den kandidaten med flest motstandarar.

Mange brasilianarar stiller seg spørsmålet: Kor mykje kan eigentleg ein millionær, som har vore i kongressen i snart 30 år, som hyller militærdiktaturet og som har ein økonomisk politikk som berre dei rikaste vil tene på, gjere av godt for Brasil?

Samstundes må en hugse på at Brasil er eit ungt demokrati med ei lang historie, kor nettopp slike folk har fått styre.

Les også: Likevel ikkje fred i Colombia?