Noreg krev etterforsking av tortur og drap i Russland

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er eit veldig viktig steg, og det er veldig modig gjort av Noreg å vere med å setje krav. Fordi det er openbert at Russland ikkje kjem til å  ta det som eit teikn på godt naboskap, seier Mina Skouen, seniorrådgjevar på LHBTI-spørsmål i Helsingforskomiteen på telefon til Framtida.no.

16 medlemsland i i Organisasjonen for Sikkerheit og Samarbeid i Europa (OSSE) har denne veka utløyst Moskvamekanismen.

Det gjer det mogleg for deltakerlanda i OSSE å peike ut ei uavhengig ekspertgruppe som vil undersøke og rapportere om brot på menneskerettar i ein annan deltakarstat.

Det skriv Helsingforskomiteen på si heimeside.

Vil kunne hjelpe offer å ta saka si til ein domstol

Medlemslanda i OSSE reagerer sterkt på avsløringane om drap og tortur på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Desse overgrepa vart kjente for verda gjennom den uavhengige avisa Novaja Gazeta i april 2017.

– Kva vil det bety for ofra at uavhengige ekspertar no går inn og granskar forholda?

Mina Skouen, er seniorrådgjevar på LHBTI-spørsmål i Helsingforskomiteen. Foto: Helsingforskomiteen.

– Eg trur det er viktig for ofra fordi det betyr at deira historie blir tatt på alvor, seier Skouen til Framtida.no.

– Sjølv om det ikkje er ein rettsleg prosess som kan føre til at ein blir stilt til ansvar i ein domstol, vil uavhengig gransking kunne få fram info som gjer at folk som vil gå til sak seinare vil ha ein betydningsfull rapport å vise til, seier ho.

Utilstrekkeleg respons frå Russland

30. august i år var Noreg med på å påkalle Wienmekanismen, der medlemslanda i OSSE gav Russland 10 dagar på å svare på korleis dei hadde handtert skuldingar om massive brot på menneskerettane i Tsjetsjenia.

Medlemslanda kravde etterforsking av forfølging av fleire hundre LHBTI-personar, utanomrettslege avrettingar av 27 menn i Grozny i januar 2017, samt forfølging og arrestasjonar av menneskerettsforsvararar som leiar for Memorials Groznykontor, Oyub Titiev.

At OSSE-landa ikkje fekk tilstrekkeleg respons på krava til Russland i august, er årsaka til at dei no iverksett Moskvamekanismen, skriv Helsingforskomiteen.

Ekspertane, som enno ikkje er offentleggjorte, kan ikkje kome frå eitt av landa som har påkalt mekanismen. Vidare må dei stå på OSSE si ekspertliste. I tillegg har Russland høve til å sende ein eigen ekspert som sin del av teamet.

– Ventar de at Russland vil samarbeide om desse undersøkingane?

– Vi håpar det. Men korleis Russland handterte krava frå Wienmekanismen viser at dei ikkje nødvendigvis ønsker å samarbeide. Det er veldig dumt, seier Skouen.

Moskvamekanismen

  • Ei ordning som gjer at deltakarland i Organisasjonen for Sikkerheit og Samarbeid i Europa kan be om å få gjennomføre etterforsking av overgrep i andre deltakarland.
  • Ordninga fungerer som ein kontrollmekanisme så ein skal kunne følge med på korleis andre deltakarstater forvaltar menneskerettane.
  • Både Noreg og Russland er medlemmar i OSSE.