Støre utelukkar at oljefondet sel seg heilt ut av Israel

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at oljefondet ikkje skal vere investert i selskap som bidreg til brot på folkeretten, men utelukkar å selje seg heilt ut av Israel.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi kjem ikkje til å trekkje oljefondet ut av Israel, seier Støre til TV 2.

– Vi skal ikkje bidra til folkerettsbrot eller den ulovlege okkupasjonen. Om vi sikrar dét, då kan oljefondet vere i Israel, seier han.

65 selskap i Israel

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) møtte fredag morgon på nytt sentralbanksjef Ida Wolden Bache og oljefondssjef Nicolai Tangen om oljefond-saka. Det kom ingen konklusjon fredag, men det vil komme avgjerder tidleg neste veke, røpte Stoltenberg.

Oljefondet eig aksjar i over 8.600 selskap i 63 ulike land. I Israel har oljefondet investert i 65 ulike selskap, der fleire av dei har vore i søkjelyset den siste veka.

Støre: – Ikkje utanrikspolitisk verkemiddel

På spørsmål frå TV 2 om kvifor det er så viktig å behalde oljefondet i Israel, svarer Støre:

– Det handlar om korleis framtidige generasjonars sparepengar blir forvalta. Det er forvalta i fleire tusen selskap over heile verda, og vi bruker det ikkje som eit utanrikspolitisk verkemiddel, svarer Støre.

– Vi kan ikkje trekkje oss inn og ut av land ettersom vi er samde eller usamde med dei. Då blir det eit heilt anna fond. Men vi må sørgje for at vi har dei strengaste retningslinjene av noko fond i verda, og at dei blir følgde, legg han til.

Maria Louise Hundeide Godoy (22) er leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.