Overlegen siger til Bolsonaro

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 28. oktober gjekk brasilianarane på ny til valurnene for å stemma på landets president.

I første runde 7. oktober vann Jair Bolsonaro frå Det sosialliberalistiske partiet (PSL) 46,7 prosent av stemmene. Men sidan verken han eller motkandidaten Fernando Haddad frå Arbeidarpartiet (PT) fekk over 50 prosent, gjekk det til ein andre stemmerunde.

Les innlegget: Det brasilianske demokratiet på veg mot ei usikker framtid

Vert kalla Brasils Trump

I den andre og avgjerande runden stakk førehandsfavoritten Jair Bolsonaro av med heile 55,7 prosent av stemmene, ifølgje The Guardian.no.

Brasil har vorte rysta av fleire korrupsjonsskandalar og hans støttespelarar ser han som ei motvekt til dagens politikarar.

Men Bolsonaro er ein svært omdiskutert og polariserande kandidat, mellom anna på grunn av sine utspel mot kvinner, homofile og svarte.

Fleire har omtalt Bolsonaro som Brasils svar på Trump og kalla valet for eit protestval.

I forkant av valet gjekk tusenvis av kvinner i protestmarsj mot Bolsanaro under parolen #EleNão(#ikkjehan).

Etter valet delte ein Twitter-brukar denne videoen under same fane: