AUF-Ina: – Debatten har blitt meir polarisert

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 06.09.2018 16:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje alltid det beste å gjere ulne kompromiss

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

– Er norsk politikk som ein barnehage?

– Eg synest ikkje det i det heile tatt. Eg trur Listhaug har heilt klare motiv med å kalle debatten for ein barnehage. Ho prøver å klistre merkelappar på dei andre partia, medan ho sjølv gjer debattklimaet dårlegare med eigne utsegn. Alle har heile tida ansvar for å gjere debattklimaet så godt som mogleg, sånn at alle snakkar med respekt om kvarandre.

– Kva har hendt med norsk debattkultur?

– Eg opplever at grensene for kva som er greit å seie har flytta seg dei siste åra. Det vart blant anna synleggjort med utsegnet på Listhaug sin facebookvegg om at AP set terroristar si rettssikkerheit framfor nasjonen si sikkerheit. Det samme kunne ein ikkje sagt for nokre år sidan. Det som er fint med det som skjedde, er at ein fekk sett ei grense for kva som ikkje er greit.

– Eg trur òg debatten har vorte meir polarisert ved at det er meir fake news i omløp, og at ein ikkje veit kor stoffet kjem frå. Folk endar opp med å sitte på kvar sin kant og berre lese stoff som bekreftar eins eige syn på verkelegheita. Vi møtast ikkje som før i éi felles medierøynd, fordi media er meir oppstykka.

– Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

– Eg synest den som regel er veldig god. Vi er ueinige, og det er veldig bra at ein får bryne seg på kvarandre. Men vi kan behalde ei god stemning, og snakke saman med respekt. Ein kan ha godt av å bruke reine ord og vise at ein er ueinige, så lenge ein held seg til å snakke om saken og ikkje negativt om kvarandre.

– Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

– Ja, det tenker eg. Ungdom kan vere flinke til å diskutere store ting om korleis samfunnet skal vere og utvikle seg. I skoledebattane stiller ofte vidaregåandeelevane i salen spørsmål om flyktningar og klima og andre store saker. Og vi ungdomspolitikarane tør kanskje å vere meir ueinige, og brukar ikkje like mykje innvikla formuleringar og fancy ord. Eg trur vi nokre gonger hugsar meir kva politikk handlar om. Eg synest at alle ungdomspartia er flinke til å snakke om konkrete problemstillingar og det som er kvardagen.

– Må ein vere venner med alle?

– Eg synest ikkje det. Det som er viktig, er å ha respekt for engasjementet folk har. Eg har respekt for at dei andre ungdomspartia òg vil ha ei betre verd, sjølv om eg er veldig ueining med leiaren i FpU om kva eit draumesamfunn er. Eg kan likevel ha respekt for at dei andre jobbar for det dei trur på, og om ein klarer å ha ein god tone, så er det bra.

– Korleis bør ein løyse konfliktar?

– Det er lett å gløyme kor heldige vi er som bur i eit demokrati og kan diskutere ting ope. Ein har godt av å ta konfliktar offentleg, alle skal kunne engasjere seg. Debattar der mange deltek, er eit gode. Vaksenpartia kan finne ein del ulne løysingar. Eg vil gi råd til AP om at det ikkje alltid er best å gjere kompromiss med andre parti rundt spørsmål om asylpolitikk, eller å lande spørsmålet om oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja med eit kompromiss som er ganske uforståeleg. Nokre gonger er det betre halde på eit klart standpunkt som viser retning. Om ein firar for mykje på krava, så kan ein ende med å ikkje komme seg av flekken.

– Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

– Eg tenker at om ein ikkje bruker store ord er det lov å bruke klare og forståelege ord. Ein kan vere veldig ueinige, men eg liker ikkje ord som mistenkeleggjer andre. Nokre av dei som brukar begrepet «Å kalle ein spade for ein spade», er ofte dei som er mest ulne, fordi dei brukar tid på å mistenkeleggjere dei andre framfor å bruke tid på det som er saken.

– Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

– Ytringsfridom bør haldast så lenge som mogleg så lenge det ikkje er trugslar eller sjikane. Men sjikane og trugslar tener ein ikkje noko på. Ein må vise at det får konsekvensar.

– Det må vere klare reglar for kva som er ulovleg, så folk skjønar at det kan få konsekvensar. Men kvar og ein av oss har eit ytringsansvar og må tenke over kva som er konstruktivt å skrive, til dømes på Facebook. Folk bør tenke over korleis dei vel å bruke ytringsfridomen sin.

– Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

– Trugslar og sjikane på kven folk er, er uaktuelt, og øydeleggande for debatten. Men akkurat kor grensa går har eg ikkje eit endeleg svar på. Men det blir farleg om folk ikkje tør å uttale seg om dei veit at dei blir møtte med trugslar. Da mistar ein viktige stemmar, og det er eit tankekors.

– Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

– Der må vi stille klare krav, men ikkje på ein sånn måte at folk ikkje tør å opne munnen. Alle kan gjere feil, til dømes hugse noko feil, og det må vere lov. Men vi må slå hardare ned på informasjon som med overlegg blir presentert feilaktig. Frankrike har vurdert å forby fake news. Eg veit ikkje kor vi i Noreg bør legge oss i forhold til det, men vi må sjå på moglegheiter for å handtere falske nyheiter, ellers står vi i fare for eit samfunn der ein ikkje lengre veit kva som er sant og ikkje.

– Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

– Om eg var henne, så ville eg slutte å etterlyse det hos andre, og gjere noko sjølv. Ho har store moglegheiter til å få den debatten ho vil ha. Det var ei ansvarsfråskriving å ikkje kommentere innlegget til Listhaug med ein gong, og andre utsagn frå FrParar i regjering som ho har latt passere. Ho er landet sitt overhovud. Det er hennar regjering, og ho har stor moglegheit til å påverke debattklimaet. Vi har alle eit ansvar for å bidra til ein god debatt. Men dei som sit i dei aller viktigaste posisjonane i Noreg har det største ansvaret.

Politisk barnehage?

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.