Unge Høgre: – Erna må gå føre med eit godt eksempel

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

Er norsk politikk som ein barnehage?

Nei, det vil eg ikkje seie. Det hender at norske politikarar ikkje klarer å oppføre seg, men det gjer ikkje politikken til ein barnehage. I barnehagen er folk snille, og som andre har påpeikt, kan barnehagen vere greiare enn norsk politikk.

Kva har hendt med norsk debattkultur?

Det er litt vanskeleg å seie, for eg har ikkje vore med så lenge, men eg trur det går i bølgedalar. Før påske var det ein veldig polarisert debatt, med steile frontar og kallenamn. No trur eg vi får ein motreaksjon, der folk får behov for kjedelege politiske debattar med seriøse argument. Debattkulturen går opp og ned, og han er personavhengig. Eg synest Hadia Tajik sitt sitat i Dagens Næringsliv fortener meir merksemd og diskusjon: Om politikken blir eit rotterace, så er det berre rotter som gidd å vere med.

Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

Den synest eg er veldig bra, og det gjeld på tvers av alle parti. Vi tar kvarandre seriøst og prøvar kanskje ikkje å stemple kvarandre like mykje.

Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

Stort sett synest eg dei vaksne er veldig ordentlege. Dei få som ikkje er det, er dei som er mest synlege og får mest merksemd. Eg trur dei kan lære fleire ting. For det første kan dei bli tydelegare, slik at folk forstår kva dei meiner. For det andre er det sikkert fleire som kan ha endå meir respekt for kvarandre på tvers av partia. Dei bør prate meir om løysingar og mindre om spel.

Må ein vere venner med alle?

Nei, ikkje i det heile tatt, men ein kan ha respekt. Det er ikkje så vanskeleg å ha respekt for dei som har samme meiningar og er i det samme ekkokammeret, men det er også viktig å respektere andre sine meiningar.

Korleis bør ein løyse konfliktar?

Eg er nøydd til å tru på at offentleg debatt er ei god greie og mogleg å få til. Då må ein vere villig til å skifte standpunkt eller i alle fall møtast ein stad på halvvegen for å finne løysingar.

Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

Nei, eg synest det er bra at det er temperatur på Stortinget, både inne og andre stader. Eg er veldig tilhengar av at det skal vere stor takhøgde, og vi skal kunne bruke skarpe argument og ha høg temperatur, men det er noko med måten ein omtalar andre menneske på. Det er fint mogleg å diskutere med utestemme samtidig som ein behandlar andre med respekt.

Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

Nei, eg tenker at ein må halde seg til norsk lov. Truslar og oppfordring til vald er ikkje lov, men utanom det er det vanskeleg å regulere noko, og eg ønsker det heller ikkje. Samtidig må ein vere medviten kva ein legg ut, og ein må tole at det ein skriv blir motsagt. Det er del av den samme ytringsfridommen.

Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

Grensa er vel den samme, men som politikar bør ein ta ekstra ansvar for korleis ein omtalar andre. Du kan skrive og seie ganske mykje, men kva ein bør skrive og seie er ei anna sak.

Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

Det var vel Sondre frå Unge Venstre som peikte på at å lyge for Stortinget får parlamentariske konsekvensar. Elles er det opp til kvar enkelt kva dei vil seie, alt kan ikkje regulerast, men det er ingen som likar politikarar som lyg. Ein politikar sin jobb er å få tillit og å skape fleirtal, då gjer du ein dårleg jobb om du lyg.

Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

Ho må gå føre som eit godt eksempel. Eg meiner, sjølvsagt heilt objektivt, at ho ofte gjer det. Erna bidrar til ein kjedeleg og ryddig debatt, og det er ikkje ofte eg høyrer ho omtale andre. Samtidig har ho eit ansvar for å sørge for at dei som representerer regjeringa respekterer meiningsmotstandarane, og seier og gjer ting som regjeringa kan stå inne for.

 

Politisk barnehage?

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.