Frp størst blant norske studentar

For første gong i historia er Framstegspartiet Noregs største studentparti. Kvar fjerde student seier dei vil stemme Frp. Ein sensasjon, seier valekspert Johan Giertsen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I ei meiningsmåling Sentio Research har gjennomført for Khrono og Norsk studentorganisasjon er Framstegspartiet det største partiet, melder Khrono.

25,4 prosent av dei spurde oppgir at dei ville velje Frp på spørsmålet om kva parti dei ville ha stemt på om det var stortingsval i morgon.

21,9 prosent svarer Arbeidarpartiet og 20,3 oppgir Høgre som førsteval.

Parti med islett av grønt og noko miljøprofil, som tidlegare har stått sterkt blant dei unge, går alle ned i oppslutning: Både SV, Venstre og Raudt. MDG får berre 2,5 prosents oppslutning blant studentane.

– Sensasjon

Tala vekkjer oppsikt, også blant ekspertane. Johan Giertsen, som er jussprofessor ved Universitetet i Bergen og står bak den politiske statistikksida Poll of polls, har dette å seie:

– Det er ein sensasjon både i lys av Frps oppslutning blant studentar historisk sett, og fordi veksten har komme så raskt, seier han.

– Det vi ser her er ein del av ei internasjonal utvikling vi har sett i Europa og USA dei siste åra; fleire borgarlege veljarar i vestlege demokrati går til parti til høgre for dei tradisjonelle, konservative partia, seier Giertsen.

Byksa oppover

Khrono har publisert årlege, politiske målingar blant studentar sidan 2020, der Frp låg på beskjedne 7,9 prosent.

6,9 prosent i 2021, 10,3 prosent i 2022, 9,4 i 2023 – og så eit kjempebyks til 17,8 prosent i november 2024.

Og altså, eit nytt sprang opp til dagens notering på 25,4 prosent berre seks månader seinare.

1007 norske studentar over 18 år deltok i undersøkinga. Datainnsamlinga vart gjennomført frå 21. mai til 16. juni 2025.