– For å krevje ytringsfridom, må ein tole å bli motsagd

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

Er norsk politikk som ein barnehage?

Nei, det er det ikkje. Dei fleste i norsk politikk jobbar for det som er best for Norge som samfunn. Vi er usamde om korleis ting skal vere, men det er definitivt ikkje ein barnehage.

Kva har hendt med norsk debattkultur?

Eg trur det er ein ufin debattkultur i fleire delar av samfunnet, og eg trur det alltid har vore manglande folkeskikk i delar av politikken. Den store skilnaden no, er at denne kulturen har flytta inn i statsrådkontora. At dei som blir valde til å representere norske verdiar manglar folkeskikk, det har vi ikkje sett i same grad tidlegare. Eg trur alle som driv med politikk bør ta ein runde med seg sjølv om korleis ein omtalar meiningsmotstandarane sine.

Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

Veldig god – og veldig ulik slik norsk politikk har framstått dei siste vekene. Det er triveleg å drive med politikk i Norge, og særleg ungdomspolitikk. Den nasjonale debatten gir eit feilaktig bilde, for det er ikkje den tonen som pregar det ungdomspolitiske miljøet. Debatten gjer at norsk politikk verkar utriveleg og lite nyttig å halde på med.

Kan dei vaksne lære noko av dei unge?

Det vil eg seie. Ungdomspartia har kanskje ein tendens til å vere meir leikne, og meir vågale i utspela sine, men når vi snakkar gjeld det sak, ikkje folk. Det er ikkje eit spel. Vi fortel folk om politikk og jobbar for å kommunisere på ein lettare måte. Det kan dei vaksne lære av oss. Og om tonen hos dei vaksne er slik han har sett ut dei siste vekene, om den er reell, då har dei noko å lære av oss om samarbeid og respekt.

Må ein vere venner med alle?

Nei, det er ikkje eit krav. Men eg synest det må vere eit mål å ha respekt og å vise folkeskikk.

Korleis bør ein løyse konfliktar?

Vi må sjå på kva som er konstruktivt og kva som er destruktivt. Det skal vere provokasjon og usemje, men det er snakk om graden av det. Dei siste vekene har ein ikkje vore så opptatt av korleis Norge skal bli eit betre samfunn. Det er det vi skal jobbe med, og vi skal gjere det ordentleg. For å få eit betre samfunn må ein fokusere på politikken og vise fram skilnadane.

Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

Nei, utestemme kan ein bruke på Stortinget også. Det handlar meir om korleis ein omtalar kvarandre, og ein må fokusere på politikken.

Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

Nei. Det er ytringsfridom. Og det er interessant med tanke på debatten som har gått. For sjølv om eg er usamd med det ein del andre seier, og det som er sagt, så er det klart dei skal ha rett til å seie det. Men då må ein også tole å bli motsagt.

Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

Ytringsfridom set ikkje grenser med mindre det er til fare eller skade for andre. Innanfor det synest eg det bør vere romsleg å bevege seg, men ein må tole å høyre at andre meiner måten du argumenterer på er ufin. Å krevje ytringsfridom utan å svare på motargument og kritiske spørsmål, det er veldig problematisk.

Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

Det bør vere høge krav til det, men vi kan ikkje nødvendigvis vedta det. Med tenester som faktisk.no ser vi at det kan vere mange ulike sanningar. Det mest effektive tiltaket i politikken, treng ikkje vere det beste eller mest sosiale tiltaket. Uansett bør målsettinga vere at politikarar ikkje medvite seier ting som er usant.

Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

Ein god start er at statsministeren tar ansvar for oppførselen til eigne statsrådar. Hadde ho gjort det kunne mykje av debatten vore unngått. Så vil eg seie at eg trur det finst stille majoriotet som ikkje uttalar seg før desse kontroversielle, ytterleggåande sakene kjem. Dei må bli flinkare til å støtte opp om den fornuftige debatten. Det er ei oppfordring til kvar og ein, ikkje berre politikarane.