– Opp til oss ungdom å slutte å polarisere debatten som dei vaksne gjer

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

Er norsk politikk som ein barnehage?

– Nei, det er han ikkje og det har vi fått mange bevis på etter denne debatten. Barnehagen står for betre verdiar enn det ministeren har stått for. Barnehage handlar om å få seg vennar og å ha det gøy og å utvikle seg. Men dagens politikk og debatt er ofte polarisert og handlar om å tillegge folk meiningar dei ikkje har. Og det hadde nok ikkje blitt godtatt i ein barnehage.

– Kva har hendt med norsk debattkultur?

– Vi ser at det er ein stadig framvekst av hatytringar og netthets spesielt frå ytre høgre. Det er skadeleg for norsk debatt, og den største trusselen mot ytringsfridom i dag. At ein møter truslar og hat på internett som spesielt avgrensar unge jenter si moglegheit til å delta i samfunnsdebatten, det må vi ta tak i.

– Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

– Den er på mange måtar betre. Vi står kvarandre nærare og er ikkje opptatte av å sette kvarandre i dårleg lys. Sjølvsagt er det harde debattar der òg, men det er ingen som går inn i noko offerrolle. Og vi tek kvarandre på alvor. At vi tek kvarandre sine meiningar på alvor, er det viktigaste vi kan gjere i norsk debatt. At det blir argumentert i mot, men på ein ordentleg måte.

– Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

– Eg trur det er opp til oss ungdom å slutte å polarisere debatten som dei vaksne gjer. Det betyr ikkje at vi må ta på oss silkehanskar for å diskutere politikk med kvarandre, men at vi har ein anstendig debatt der vi snakkar om det det handlar om, og ikkje sett kvarandre i eit dårleg lys. Det trur eg vi kan lære dei vaksne mykje om. Vi snakkar på ein måte som unge og folk flest forstår, noko som gjer at alle har høve til å delta i debatten.

– Må ein vere venner med alle?

– Nei, det må ein ikkje. Men likevel må ein ha respekt for kvarandre og kvarandre sine meiningar. Det skumlaste vi kan gjere er å ikkje ta til motmæle mot ytre høgre sine meiningar og hatprat. Om vi er redde for ein hard debatt eller for å bli stempla og ikkje vil ta tak i det, så har vi tapt.

– Korleis bør ein løyse konfliktar?

– Det handlar om å faktisk snakke om kva det er som er problemet. At ein tek tak i det som er problemet og diskuterer på ein ordentleg måte. Vi treng ikkje alltid bli einige, det skal godt gjerast i norsk debatt. Men vi må på ein demokratisk måte få diskutert oss fram til den beste løysinga for dei mange, og ikkje for dei få.

– Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

– Eg synst det skal vere lov å lage støy inne i Stortingssalen òg. Kanskje ikkje med ropert, som ute på plenen. Men det skal vere lov å snakke høgt og tydeleg om problema ein vil diskutere. Men da skal ein tåle å bli svart med samme mynt tilbake.

– Eg tenker at ein må vere ærleg med folk om kva ein meiner og kven ein representerer. Om ein sit i regjeringa, så representerer ein regjeringa. Da snakkar ein ikkje på tross av regjeringa, men på vegner av regjeringa.

– Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

– Ein må i det minste følge norsk lov for kva som er innanfor. Det burde ikkje vere lov å nøre opp under hatytringar og konspirasjonsteoriar frå krefter i ytre høgre som vi veit har vore farlege tidlegare. Men ein skal sjølvsagt ha ytringsfridom og rett til å seie kva ein meiner. Men om ein veit at det finst eit hat der ute og speler på det, sånn at unge jenter og folk med minoritetsbakgrunn ikkje får seie si meining fordi motstanden blir for stor, så har dei fått avgrensa ytringsfridomen sin.

– Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

– Det skal vere lov med både humor og harde debattar om kvarandre sine meiningar. Men med ein gong ein har ein debatt som går på person og som handlar om å krenke kvarandre, så har debatten gått for lang.

– Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

– Det meiner eg ein alltid burde ha som krav. Å fare med løgn skaper ikkje ein god debatt der alle har moglegheit til å delta. Det burde vere eit minimumskrav.

– Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

– Da må ho først ta ein titt på sine eigne regjeringsmedlemmar og eigne samarbeidsparti, så dei ikkje får komme med løgner og nøre opp under haldningar frå ytre høgre-sida. Eg kan vere eining i at begge sider av og til kan skylde på kvarandre for ting dei ikkje har hald for, og alle må ta ein titt på måten ein debatterer på. Vi må ha samme krav til oss sjølve som til andre. Difor må ho ta ein titt på sine eigne før ho kan etterlyse det hos andre.