– Norsk politikk er i verdsklasse på saklegheit og har vore det lenge

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 26.03.2018 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er norsk politikk som ein barnehage?

– Nei. Eg opplever at norsk politikk er i verdsklasse på saklegheit og har vore det lenge. Det er ein tradisjon for å sette seg ned rundt eit bord og å komme til gode kompromiss. Men dei siste fem åra har vi hatt ei regjering som brukar høgrepopulistisk retorikk. Det er første gong i norsk historie.

– Kva har hendt med norsk debattkultur?

– Eg trur ikkje det er positivt at leiarane våre forfektar ein populistisk og polariserande retorikk. Ikkje at det skjer i regjeringa og ikkje på stortinget. Det skaper mykje sinne og frustrasjon hos folk som eigentleg ser seg sjølve som moderate. Vi fyrer kvarandre opp. Eg trur det at Listhaug fortset som politikar på Stortinget vil gjere at vi fortsatt har splittande retorikk i eit parti som er med og styrer Noreg.

– Det er veldig positivt at det er så sterke reaksjonar på den type ytringar som ho har komme med. At folk reagerer så sterkt på hatefulle ytringar frå ein norsk statsråd er eit sunt teikn. Det viser at folk ikkje godtek det.

Politisk barnehage?

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

– Tonen er veldig god. Vi reiser rundt annakvart år på skoledebattar. Eg opplever at vi snakkar saman på ein veldig konstruktiv måte. Eg opplever ikkje at det er nokre ungdomsparti som kjem med hatefylle ytringar, og det er veldig bra.

– Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

– Eg trur dei vaksne har ein god tradisjon med å snakke godt saman og å vere gode venner som dei alltid har vore. Så eg trur mest det er Listhaug som kan lære noko av oss. Og det er å ikkje komme med hatytringar. Eg trur ikkje norsk debattklima generelt er prega av hatefulle ytringar. Men no er det sånn fordi vi har invitert eit høgrepopulistisk parti inn i regjering. Da bidreg vi til å normalisere og legitimisere ein type retorikk som er støytande. Listhaug sår i jord der det gror mykje rart, og nører opp under hatefulle ytringar.

– Må ein vere venner med alle?

– Nei, ein må ikkje det, men ein må ha ein anstendig tone med alle ein diskuterer med. Og ein må behandle meiningsmotstandarane som meiningsmotstandarar, og ikkje fiendar.

– Korleis bør ein løyse konfliktar?

– Vi skal vidareføre tradisjonen med å sette oss saman rundt same bord og komme til gode kompromiss. Men vi skal ikkje kompromisse med dei grunnleggande verdiane vi har. Trua på at forskjellige menneske kan leve godt saman i same samfunn, og at vi kan ha eit inkluderande menneskesyn. Listhaug og delar av Frp representerer det motsette. Der skulle det vore sett ei grense før dei kom i regjering.

– Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

– Alle politikarar kan sjølvsagt komme med bastante utsegn. Grensa går ved å nøre opp under haldningar som er hatefulle  eller som strir med det liberale demokratiet. Vi klarer heilt klart å sette ei grense ved kva som er greit og ikkje greit.

– Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen? (sosiale medium)

– Det er jo reglar allereie. Det er ikkje lov å true. Men fleire politikarar får jo mykje hets, og korleis ein skal handtere det er eit vanskeleg spørsmål. Om det skal vere regelendringar eller haldningsendringar har eg ikkje noko godt svar på. Eg har generelt lite tru på å forby ytringar vi ikkje liker. Eg synst heller ein skal argumentere mot dei og sørge for at dei ikkje blir inviterte inn i regjeringskontora. Og så må vi alle vere flinke til å anmelde hets og truslar om vi ser det i kommentarfelta.

– Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

– Kvar enkelt person må definere kva som opplevast støytande for ein sjølv. Og så må andre prøve å respektere det. Vi kan ha skarpe debattar, men grensa går der nokon føler seg trua, eller der vi nører opp under hat.

– Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

– Der bør vi stille ganske strenge krav. Eg synst det er bra at media har sida faktisk.no der ein sjekkar fakta frå politiske debattar. I debatten om ACER har vi til dømes sett usanne og halvsanne utsagn. Politikarane må vere betre på på ikkje komme med halvsanne påstandar til inntekt for eigen ideologi. Om ein manglar faktapåstandar, så må ein argumentere ideologisk. Og det går heilt fint å gjere.

– Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

– Ho må slutte å invitere høgrepopulistar inn i regjering. Det er ikkje alle i Frp som er høgrepopulistiske, og det er mange anstendige politikarar i Frp. Men det er nokre der som representerer haldningar som ikkje passar inn i ei regjering. Eg meiner at Høgre heilt klart må avslutte flørten med høgrepopulismen som dei held på med.