– Må respektere kvarandre sitt syn og tole å tape saker

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 02.04.2018 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

– Er norsk politikk som ein barnehage?

– Nei, det kjenner eg meg ikkje igjen i.

– Kva har hendt med norsk debattkultur?

– Stort sett opplever eg debattkulturen som god, men det er sjølvsagt unntak. Akkurat no er det dei som sjølve bidrar til ein lågare kvalitet på debatten, som ropar høgast om at det er ein ukultur. Dei blir kanskje òg dessverre høyrde av flest. Det finst heilt klart politikarar som bør gå i seg sjølve og tenke på korleis dei bidreg i debattklimaet, men det er unntaka og ikkje majoriteten.

– Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

– Vi er gode venner og respekterer at vi har ulike meiningar og tankar om politiske spørsmål. Sjølv om ein ikkje alltid er einige, kan ein likevel vere venner og respektere kvarandre. Vi tek kvarandre seriøst.

– Må ein vere venner med alle?

– Nei, ein må ikkje det. Men å ha eit godt forhold til alle, også motstandarane sine, gjer det å drive politikk morsommare. Sjølv om ein ikkje er venner med alle, driv alle med politikk for å skape eit betre samfunn, så ein bør bry seg om alle. I politikken må ein òg vere flink på å skilje person og meiningar. Eg kan vere veldig gode venner med ein eg er heilt ueinig med.

– Korleis bør ein løyse konfliktar?

– Ved å snakke saman. I politikken er ein er ueinige om ting, men det betyr ikkje at det treng å bli ein konflikt. Om to partar er uenige må dei respektere kvarandre sitt syn og tole å tape saker, utan at det skal føre til konfliktar.

– Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

– Som politikarar har vi ein unik posisjon til å vere med å påverke og bestemme. Du kan fint gjere det frå andre stader enn stortingsplenen, og ein bør kunne gjere det utan å rope.

– Bør det vere reglar for kva som er lov å skrive på veggen?

– Nei, det bør folk sjølve kunne forstå grensene for. Som vaksen har ein ansvar for eigne handlingar og for kva ein postar på veggen sin. Du må kunne stå for alt som blir sagt der.

– Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

– Ein bør alltid vurdere orda sine.

– Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

– Som politikarar bør vi strebe etter at alt vi seier er sant. Vi er menneske folk skal kunne stole på, og vi lever av at folk har tillit til oss. Da må vi vise oss den tilliten verdig.

– Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

– Ho må først og fremst vere ein god leiar og sette grenser for ministrane sine, og så må alle vi andre hjelpe til. Eg er glad vi har ein statsminister som prøver å få til gode, saklege debattar, og synest òg at ho gjer ein god jobb i å halde seg til dette sjølv. Men det er òg kvar enkelt sitt ansvar, og eit ansvar ein sjølv må vere bevisst på. Eg trur fleirtalet av norske politikarar ønsker ein sakleg, god og respektfull debatt, og at dei bidreg til dette. Det er ikkje ein jobb statsministeren kan gjere åleine, men eg er glad ho går foran med eit godt eksempel.

Politisk barnehage?

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.