Ber Solberg seie «takk for no» til Frp i regjering

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

Er norsk politikk som ein barnehage?

Ja, tidvis. Og i den barnehagen er vel Sylvi Listhaug bølla. Men eg er heilt einig i at det kan vere dårleg oppførsel frå samtlege politikarar. Det er ikkje rart at folk blir skremte bort frå debatten når det er sånn. Men Listhaug har vore den framste pådrivaren for eit sånt debattklima.

Kva har hendt med norsk debattkultur?

Den har blitt styggare. Internett er ein av dei største årsakene til at klimaet har vorte verre, samt at det har vorte ei enorm polarisering av asyl- og innvandringspolitikken. Internett har opna ei ny verd der ein ikkje har like mykje kontroll over kva som blir sagt. Folk sit bak skjermane sine og ser ikkje den dei sit og diskuterer med. Det blir lågare terskel for hets og stygge personkarakteristikkar. Det er òg fort gjort å pålegge meininsmotstandarande styggare hensikter enn det dei har. På Facebook har det vorte eit heilt anna og styggare nivå enn før. Når ein debatterer ansikt til ansikt eller skriv innlegg i avisene har ein meir kontroll.

Internett har komme for å bli, men vi må sjå på moglegheiter for koss ein skal få eit betre diskusjonsklima. Det har aldri hendt før at ein minister har fått mistillitsforslag på grunn av noko vedkommande har uttalt på Facebook, så det er ei ny tid vi har gått inn i. Det er viktig å hugse at eit innlegg på Facebook kan reknast som ei offisiell ytring på linje med ei ytring i ei avis eller på ein talarstol.

Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

Den er betydeleg betre enn blant vaksenpolitikarane. Det er ikkje sånn at FpU skriv at vi i Raud Ungdom støttar terrorisme, i motsetnad til det moderpartiet har gjort. Tonen er mykje finare enn blant dei vaksne.

Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

Ja, dei kan lære veldig mykje. Først og fremst å ikkje oppføre seg som i ein barnehage. Vi i ungdomspartia er engasjerte fordi vi ønsker å forandre samfunnet, og vi legg ikkje stygge hensikter til kvarandre sjølv om vi har forskjellige meiningar. Fordi vi veit at alle ungdomspolitikarane ivrar for å endre samfunnet mot den retninga dei sjølve trur på.

Må ein vere venner med alle?

Nei, ein må ikkje det. Men ein må respektere alle. Vi skal ikkje ha ein klubb og vere bestevenner. Men ein kan ikkje ha den tonen som Listhaug er eit eksempel på.

Korleis bør ein løyse konfliktar?

Det er klart at nokre burde henta Listhaug frå barnehagen litt tidlegare enn det som er gjort no. Men i utgangspunktet må svaret vere å halde debatten på sakleg nivå. Norsk politikk er prega av mange konfliktar. By mot land, miljø opp mot forureining, skal vi ha meir eller mindre ulikheit. Dei konfliktane er viktige, og ein må anerkjenne at folk ønsker ulike retningar. Men samtidig som det er konfliktar, så må debattane gå føre seg på eit sakleg og respektabelt nivå.

Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

Både ja og nei. Raudt har ei litt anna rolle enn dei andre partia på Stortinget. Vi synest kanskje det er for lite bråk der, og prøver så godt vi kan å skape engasjement. Eg har fått inntrykk av at dei aller fleste debattane i Stortingssalen utspelar seg på ein god måte. Det verste eksempelet i norsk politikk trur eg har vist seg dei siste dagane.

Det er mange, spesielt ungdom som ikkje er spesielt engasjerte i politikk. Så politikarane si rolle er òg å engasjere og bruke store ord for å skape engasjement. Det skal vere lov å bråke. Det synest eg at Bjørnar Moxness gjer på ein god måte. Eg synst han er ein snill rebell.

Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

Eg synst det er skummelt å gå inn og bestemme kva folk kan seie og ikkje seie som privatpersonar, så lenge det ikkje er snakk om trakassering eller truslar om drap. Men som minister har ein eit særleg ansvar for å drive debatten på ein god måte og ikkje til dømes beskylde motparten for terrorisme.

Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

Om ein nører opp under underliggande hat mot ei gruppe, så synst eg det er veldig skummelt. Om det handlar om nasjonalitet, hudfarge, legning eller kjønn.  Det er det eg meiner Listhaug her har gjort. På bakgrunn av religion og opphav, så mistenkeleggjer ho folk som ikkje er norske. Ho bruker det som ei brekkstang for å sei at alle muslimar er ei potensiell fare, og er potensielle terroristar.

Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

Det bør vere eit mål for alle å snakke sant heile tida. Det er normal folkeskikk. Men politikarar er ekspertar på å ljuge. Det bør vere eit krav, spesielt til ministarane at dei skal kunne politikken sin så godt at dei ikkje slenger ut løgner for å få folket med seg. Der er ikkje Listhaug aleine. Å bevisst halde tilbake informasjon for å vinne med sine påstandar er ikkje noko nytt i politikken.

Eg synst jo at Listhaug er Noreg sitt svar på Donald Trump. Ho er det nærmaste vi kjem. Problemet er at ho er mykje smartare og verkar meir gjennomtenkt i det ho gjer. Men ho speler på ein høgrepopulistisk straum i samfunnet.

Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

Høgresida har jo ikkje vore anstendige sidan dei kom i posisjon i 2013. Det er ein illusjon at dei har vore anstendige fram til Listhaug tok av no. Eg trur at om ho ikkje har FrP i regjering, så har ho gjort mykje. Det oppfordrar eg henne til å gjere slutt på. Det er jo oftast blant FrP-politikarar det blir bråk i Solberg sine rekker. Ho har ikkje styr på barnehagebarna sine.

Eg skulle helst sett at vi hadde ei heilt anna regjering. Om ho sa «takk for no, her skiljast våre vegar», det kunne vore interessant.