FpU-formann: – Ikkje norsk politikk verdig

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er norsk politikk som ein barnehage?

Det er sikkert ulike uttrykk ein kan bruke om norsk politikk dei siste vekene. Diskusjonen har i alle fall ikkje vore norsk politikk verdig, det trur eg vi kan vere samde om. Det har vore mykje skitkasting, og ord og uttrykk som eg håpar vi kan legge bak oss. Framover må vi snakke om politikk framfor retorikk.

Kva har hendt med norsk debattkultur?

Eg vil ikkje seie det har hendt noko med kulturen som heilskap, men det har vore nokre veker der vi har diskutert retorikk framfor politikk. Det kjem vi ikkje så langt med. Sylvi Listhaug har beklaga bildebruken, men det var ikkje godt nok for opposisjonen, og dei brukte situasjonen til å føreslå mistillit. Det er ein utruleg lei situasjon. Debatten burde i staden ha handla om kva verkemiddel Norge skal ha i kampen mot framandkrigarar og terror.

Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

Tonen er veldig god, eg har ikkje eit vondt ord å seie om kollegaene mine. I skuledebattar kan det gå ei kule varmt, men når det skjer så snakkar leiarane saman og ordnar opp. Det gjorde vi sist under førre valkamp. Mellom oss leiarane er spelereglane enkle. Vi diskuterer på eit sakleg og godt nivå. Vi unnar kvarandre godt, og sjølv om vi er usamde kan vi skryte av kvarandre og seie «der tok du meg».

Eit godt døme er Arendalsveka i fjor. Etter ungdomspartileiardebatten fekk eg ein telefon frå faren min. Han sa «bra jobba, men ho der frå KrFU var veldig god.» «Jau, takk skal du ha pappa», sa eg, før eg gjekk og fortalte Ida Lindtveit, som då var KrFU leiar, kva han hadde sagt.

Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

He he, ja. Det kan dei sikkert. Ein start kan vere å ikkje alltid tolke ting i verste meining.

Må ein vere venner med alle?

Nei, det må ein ikkje. Så lenge ein har ein grunnleggande respekt.

Korleis bør ein løyse konfliktar?

Ein kan snakke saman. Det går an å ta ein telefon til kvarandre for å seie kva ein tenker og meiner. Og så kan ein kanskje ta ei unnskyldning for unnskyldning, i staden for å tolke den som at den ikkje har eit innhald.

Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme?

Nei, det er lov å bruke utestemme i Stortingssalen også, men det er ein fordel om det handlar om konkrete politiske forslag.

Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen og andre stader?

Nei.

Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

Den går der grunnlova går. Det er ytringsfridommen som gjeld. Grunnlova er ganske tydeleg, og etter mi meining er ytringsfridommen alle menneskerettars mor. Lova set grenser ved oppfordring til vald og truslar, og det er det ingen i norsk politikk som driv med. Eg kunne tenkt eit større rom for ytringar, og meiner at enkelte mekanismar i Norge gjer det rommet mindre. For meg er det eit minimum at retten ikkje blir svekt, men eg meiner ein skal halde seg til reglane.

Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

Eg trur, eller håpar, at alle norske politikarar prøver å søke sanninga. Fordelen med ytringsfridom er at om ein meiner at noko ikkje er sant, så kan ein svare med si sanning, så får ein eit ordskifte om det.

Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho no etterlyser?

Mitt beste råd er eigentleg at ein ikkje prøver å tolke kvarandre i verste meining. Det er ein fordel å lytte til kvarandre.