– Det som har skjedd no er ikkje representativt for det som føregår i norsk politikk

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 28.03.2018 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

– Er norsk politikk som ein barnehage?

Nei, det synest eg ikkje. Mesteparten av tida i norsk politikk går med til å snakke om dei keisame små detaljane. På Stortinget er det det som tek plass. Ein stor del av politikken er veldig sakleg og tørr. Og enkelte gongar får vi utspel som tek stor plass og som ikkje er bra. Men det er ikkje represententativt for kva som foregår i norsk politikk.

Politisk barnehage?

– Norsk politikk er som ein barnehage, sa Sylvi Listhaug då ho gjekk av. Vi spør leiarane i ungdomspartia korleis dei vil rydde opp etter dei vaksne.

– Kva har hendt med norsk debattkultur?

Eg er usikker på om debatten har vorte så mykje verre. Ein har gjennom alle tider hatt enkelte politikarar som har kome med utspel som ikkje har vore bra og som har bidratt til å stemple grupper. Størsteparten av befolkninga reagerer på dette. I det siste har vi både vore vitne til utspelet frå Listhaug og hetsen mot Sumaya Jirde Ali. Men samstundes har andre delar av norsk politikk og norsk debatt gått føre seg som vanleg andre stader. Det er òg oppløftande å sjå at folk verkeleg støttar AP og tar deira parti når Listhaug kjem med terrorist-skuldingar. Det var òg fint å sjå all støtta til Sumaya.

– Korleis er tonen mellom ungdomspolitikarane?

Den synest eg er veldig god. Vi er flinke til å samlast på tvers av partigrenser. Vi kan ha det hyggeleg og samtidig vere ueininge. Vi kan òg vere spissformulerte, men da handlar det om politikk, og ikkje om personkarakteristikkar. Alt frå ytste høgre til ytste venstre har respekt for kvarandre og ønsker å ha eit debattklima som gjer at alle tør uttale seg og delta i politikken.

– Kan dei vaksne lære noko av dei unge? Kva då?

Ja, eg synst dei kan lære litt av oss. Vi er flinke til å vere direkte på kva vi meiner, utan at vi er opptatte av å stemple andre parti som det eine eller andre. Vi er opptatte av at alle skal få plass i debatten. Det er eit problem om det blir vanskelegare å uttale seg i den politiske debatten om du er ein minoritet enn om du er etnisk norsk og mann. Det skal vere plass til alle uansett bakgrunn. Det kan moderpartia vere flinkare til å sette søkelyset på.

– Må ein vere venner med alle?

Nei, ein må ikkje det. Det trur eg er vanskeleg å be politikarar om å vere. Nokre gonger er ein kraftig ueining i korleis ein skal løyse ting. Det kan bli eit oppheita debattklima. Men ein skal ha respekt for andre sine meiningar, utan å tenke at andre parti ønsker samfunnet noko vondt. Om ein meiner andre parti støttar terrorisme, så motarbeidar ein at andre parti jobbar for at Noreg skal bli ein bra plass å bu. Ein skal tolke kvarandre i beste meining, og ha respekt for at ein ønsker å føre forskjellig politikk.

– Korleis bør ein løyse konfliktar?

Eg synst barnehagen er flinkare til å løyse problem enn vi er i politikken. Det må vere plass for dei keisame debattane. Trine Skei Grande sa nyleg på landsstyremøtet at ein må stå opp for dei keisame debattane. At ein må våge å gå inn i materien i dei forskjellige problemstillingane. Eg trur ikkje norsk politikk handlar mest om å krangle og vere ueinige. Debatten er veldig god, og skil seg frå andre land som til dømes USA, der ein prøver å stille grupper mot kvarandre. Vi må heile tida tørre å sjå på kva som er best for alle, heller enn å hevde at dei andre partia er meir opptatte av å beskytte terroristar enn nasjonal sikkerheit.

– Må ein ut på Stortingsplenen for å bruke utestemme? 

Nei. Det er lov å vere engasjert og rope høgt og kjempe for det ein står for inne på Stortinget og rundt om i kommunestyra. Det er ingenting i vegen for å halde brennande talar frå talarstolen. Vi skal ha ein engasjert politisk debatt. Men det er forskjell på det og å gå til angrep på andre personar frå talarstolen. Då debatten om ACER gjekk nyleg på Stortinget, var det ingen som gjekk til direkte angrep på andre og kalla dei landssvikarar. Folk var saklege og engasjerte, og opptatte av å skape ei best mogleg framtid for Noreg. Det går an å bruke høg stemme, men det handlar om måten å gjere det på.

– Bør det vere reglar for kva som er lov til å skrive på veggen?

Eg meiner at det er den som eig ei facebook-side som er ansvarleg for det som står på veggen. På lik linje med at pressa ikkje er så detaljregulert i lovverket, men har klart å regulere seg sjølv via ver varsam-plakaten, så meiner eg at eigaren av ei facebook-side har ansvar for at det som står på veggen toler dagslys og at ikkje enkeltindivid eller grupper blir uthengde. Det som står der skal vere fritt for rasisme og sjikane. Eg meiner at det ikkje skal regulerast gjennom lovar og forskrifter, men at ein sjølv må skjønne at det er eit ansvar å ha ei facebook-side.

– Kor går grensa for kva ein kan seie om andre?

Det enklaste skiljet er det som står i lova. At ein ikkje kan oppfordre til vald eller true andre menneske. Det er ein bra start. Folkevalde politikarar har eit særskilt ansvar for ein sakleg debatt. Dei skal opptre som forbilde for resten av debattkulturen i Noreg. Ein skal heller ikkje nøre opp under haldningar som konspirasjonsteoriar som går utover enkelte personar eller politiske parti. Framandfrykt, hat og rasisme som øydelegg samfunnsdebatten. Det innskrenkar ytringsfridommen til dei som treng det mest. Og politikarar har ansvar for at dei ikkje får ein tilhengarskare som har skylappar og som trur at alle andre vil landet vondt.

– Kva krav bør vi stille til at det ein seier er sant?

Vi bør stille høge krav til redelegheit. Men det er vanskeleg å regulere gjennom forskrifter. Ein kan ikkje lyge for stortinget utan at det får parlamentariske konsekvensar. Men alle politikarar har eit ansvar for å føre ein sakleg debatt og ikkje lyge. Det finst mange gråsoner, til dømes forsking ein viser til, som viser forskjellige resultat. At ein har verdiar i botn som framhevar noko meir enn noko anna. Ein må vere klar på kva verdiar som ligg til grunn som viser kvifor ein seier som ein gjer. Så må ein samtidig ha respekt for at ein har forskjellige verdiar i botn som peikar mot forskjellige løysingar for samfunnet vårt.

– Korleis kan Erna Solberg få den saklege debatten ho etterlyser?

Eg synest ho er eit erkeeksempel på ein politikar som er glad i den tørre og saklege debatten. Om ho vil at det skal gjelde resten av regjeringa, så må ho vere krystallklar på at ho ikkje kan ha politikarar som bevisst bidreg til å spele folk opp mot kvarandre.

Det er lov å vere spissformulert i politikk, men alle partia må sørge for ein god partikultur og oppføre seg greitt mot andre politikarar som har andre løysingar.

Les fleire artiklar i serien vår om norsk debattkultur og politisk barnehage her!