Britisk toppolitikar sa Arina Aamir (20) aldri kunne bli ei god mor i politikken

Høgre-politikaren opplevde at den eldre politikaren flørta, kommenterte utsjånad og ikkje ville la ho forlate kontoret hans.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.

– Han sa «Du kan aldri bli ei god mor». På den tida var eg 19 år, og han sa at det er alderen då ein skal gifte seg og sånn. Det viktigaste er å få barn og familie, og politikken er eit hinder for det.

20 år gamle Arina Aamir Sheikh er Oslos yngste bystyrerepresentant, og står på liste for Oslo Høgre til haustens stortingsval. I eit telefonintervju med Framtida.no fortel ho om ei ubehageleg hending ho opplevde i fjor sommar.

Møtte britisk politikar

Aamir var i Manchester for å lære om ungdomskriminalitet og integrering. I samband med besøket, møtte ho eit høgtståande britisk parlamentsmedlem. Politikaren har tidlegare sete i EU-parlamentet og har vore såkalla «shadow minister», og er i dag medlem av det britiske parlamentet.

Noko av det første politikaren i 60-åra spurde om, var kva som er ulempene med å vere ung i politikken, eit spørsmål Aamir har fått mange gonger.

– Eg tenkte ikkje så mykje over det, og svara noko om at du må jobbe dobbelt så hardt for å få den same respekten som ein eldre politikar ville fått.

Men den britiske politikaren såg andre hinder. Han meinte ifølgje Aamir at ho aldri kunne gjere ein like god jobb som nokon som er eldre enn ho, fordi ho ikkje har erfaring, og at ho ikkje kom til å prioritere mann og barn, som ville bli ein andre- og tredjeprioritet for ho.

Kombinere familie og politikk

Aamir deler om møtet med den britiske politikaren i podkasten Rett på, som ho har saman med Christian Ringnes. I podkasten namngir ho mannen.

Framtida.no har forsøkt å få ein kommentar frå den britiske politikaren, men har ikkje fått svar.

I episoden er Venstre-politikar Abid Raja med som gjest. Dei to ho deler historia med, er begge sjokkerte over det 20-åringen fortel. Raja har òg møtt den aktuelle politikaren frå Storbritannia over videosamtale.

Til Framtida.no forklarar Aamir at ho forsøkte å setje politikaren litt på plass, og utfordra han på haldningane hans.

– Eg spurde han om det same. «Men du er jo i politikken, har du ikkje barn og familie?» Han sa at det tar kona mi seg av. 

Ho er uenig i at det ikkje går an å kombinere det å vere mor med å vere politikar.

Ubehageleg møte

Aamir seier i podkasten at mannen var hyggeleg, men skildrar møtet som det raraste ho har vore med på. Ho seier til Framtida.no at møtet vart veldig ubehageleg for ho.

Då politikaren skulle vise ho rundt, opplevde ho at han flørta med ho.

– Han seier at han vil invitere meg på middag, og så byrjar han å ta litt på meg medan han viser meg ulike stader og blunkar med eitt auge til meg. Det var veldig rart. Og så driv han og seier «You are so beautiful, I am not as beautiful as you».

Medan vi snakkar i telefonen, går Aamir gjennom notata sine for å sjekke at ho har fått med alt. Etter møtet noterte ho ned kva som hadde skjedd.

Fekk ikkje gå derfrå

20-åringen opplevde at han ikkje brydde seg om kven ho var eller kva ho står for, og heller ikkje at ho er ein folkevald politikar i eit anna land.

– Det einaste han såg, var på ein måte ei pen, ung jente.

Aamir forsøkte å dra derfrå fleire gonger, men opplevde at han ikkje ville la ho dra, før han til slutt fekk andre gjestar.

Høgre-politikaren møtte han heilt aleine. Det gjorde det hakket eklare, seier ho. I Noreg hadde ho aldri vore redd for å bli utsett for noko slikt.

– I møte med andre politikarar så stressar ein i alle fall ikkje! I Noreg kan eg til og med dra der eg kunne tenkt at det var nokon som var imot meg eller veit det var folk som hadde hetsa meg.

Augeopnar

Ho skildrar møtet som ein augeopnar for korleis menn i andre samfunn held på. Aamir har pakistansk bakgrunn, og fortel at ho har fått «mykje drit» frå pakistanarar i Noreg.

– Det er mange pakistanske onklar som har meint mykje og har hetsa og truga, det er ikkje det, men når dei møter meg i verkelegheita, så har eg aldri opplevd at dei oppfører seg sånn.

Også den eldre politikaren i Manchester har pakistansk bakgrunn.

Ho trur slike haldningar som ho møtte, er eit større problem enn denne enkelthendinga. Ho peikar på at person speler ei større rolle i Storbritannia, samanlikna med i norske val. Politikaren ho møtte har blitt attvald fleire gonger.

– Det viser at i det valdistriktet han kjem frå, så er det kvinner og menn som stemmer på han, med den same tankegangen som han. For folk stemmer jo ikkje på noko anna enn den dei føler representerer dei og deira syn på ting.

Ho synest vi har lukkast godt med integreringa i Noreg samanlikna med Storbritannia.

Unge trekker seg

Trass i sin unge alder, har Aamir seks år erfaring frå politikken.

– Men viss eg var heilt ny i politikken, og møtte ein sånn person … Eg trur ikkje eg hadde tolt det. Eg veit ikkje korleis eg skulle reagert.

Ho trur slike opplevingar kan vere ein grunn til at unge trekker seg ut av politikken.

– Ein veit jo at mange trekker seg ut med ein gong dei får hets og trugslar, eller dei tør ikkje engasjere seg fordi dei ser at andre får hets og trugslar. Det har eg fått mange kommentarar om, at det er mange på min alder som ønsker å engasjere seg, men så ser dei mellom anna kor mykje eg har fått, som ung med minoritetsbakgrunn og som kvinne i politikken. Og kor mykje andre kvinner i politikken får. Og det er grunnen til at dei ikkje vil engasjere seg. Dei orkar ikkje å stå i det.

Vil belyse problem

– Kvifor ønsker du å dele denne opplevinga? 

– Eg har vore veldig forsiktig med å dele noko som helst med metoo og sånne type ting. Sjølv om dette ikkje heilt går inn i metoo, men det handlar litt om korleis det er å vere ung jente i politikken. Og så har eg langt verre historier å fortelje, men eg har valt å ikkje fortelje dei, fordi eg ønskjer ikkje å bli sett i ein offerposisjon. Det ønskjer eg ikkje no heller, men eg synest samstundes det er viktig å belyse korleis tankegangen til veldig mange, sjølv i 2025, er.

Høgre-politikaren spør seg korleis ein kan ha sete i EU-parlamentet, vore skuggeminister og sitje i det britiske i parlamentet, og likevel ha denne typen tankegang.

– At ein av dei fremste folkevalde politikarane i ei av Europas største stormakter held på sånn. Eg tenkte at denne historia må ut. Det viser litt kva slags politikarar som leiar ein av dei viktigaste allierte vi har etter USA. Det er jo synd.

Ho har ikkje vore i kontakt med den britiske politikaren i etterkant av møtet.