Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mista motivasjonen på skulen – så møtte ho nokon som endra alt

– På ungdomsskulen mista eg fullstendig motivasjonen. Eg var i grunn ikkje med på noko, og karakterane gjekk rett ned. Eg hadde mange merknadar, og sleit med fråvær og orden også. Berre det å finna motivasjon til å komma meg opp av senga om morgonen var vanskeleg. Så eg låg av og til heime og gjorde ingenting, fortel Ingeborg Tofte Grønseth (16).

Våren 2016 kom tida for arbeidsveke, og ho tenkte at det var noko ho kunne prøva å bli med på. Sidan det ikkje var på skulen.

– Læraren skulle hjelpa oss å finna ein stad eg kunne vera, men det var ikkje lett. Så, eg sendte melding til Linda Røyrøy på snøggbåten Tranen.

Ingeborg visste kven Linda var, sidan dei begge kjem frå Halsnøy.

– Linda sette seg alltid ned med oss på båten, og snakka med familien min. Eg likte ho svært godt, så sprudlande og kjekk, fortel ho.

Gav Ingeborg ein sjanse

Linda var på jobb og tenkte på heilt andre ting då meldinga frå Ingeborg tikka inn. Hennar første reaksjon var å seia nei, då det ikkje var vanleg å ta inn skuleelevar.

– Eg starta å skriva ei negativ melding, men så stoppa eg opp. Eg tenkte det kanskje kunne vera bra for oss å få inn eit friskt pust, fortel Røyrøy som tok saka opp med Jarle Møllerhaug, Kjetil Føyen og Rune Kvernenes som er kaptein, styrmann, maskinist og på Tranen.

Ingeborg sat heime og fekk svar: Ho kunne få komma på arbeidsveke!

– Det var så gøy! Eg fekk vera med på sundagen også – på tur til Bergen. I løpet av denne tida våga eg å opna meg om mangel på motivasjon på skulen. Eg hadde gode samtalar med Linda, fortel Ingeborg.

Linda og Jarle engasjerte seg i Ingeborg si utfordring, og snakka med foreldra, skulen, PPT og reiarlaget Norled om å få til ei ordning der Ingeborg kunne vera med dei på jobb kvar tredje tysdag. Som ein alternativ læringsarena. Så vart det slik, og alle var positive.

For å kome inn på skuleskipet var attesten frå Tranen svært viktig for Ingeborg. Foto: Janne Nerheim

– Det var framleis vanskeleg på skulen, for eg var så langt nede, men då Jarle starta å snakke om skuleskipet Gann, endra det noko i meg, seier Ingeborg.

 

Berre det å finne motivasjon til å komme meg opp av senga om morgonen var vanskeleg

 

Endra sjølvbilete

Etter nokre månader opplevde Linda og Jarle at Ingeborg vart tryggare i seg sjølv, at sjølvbilete vart betre og betre. Det gjorde foreldra hennar på heimebane også, så alt såg lysare ut. Ein dag fekk ho reise med skulen for å sjå på Gann som låg i hamna på Stord. Det er slik Gann rekrutterer elevar.

– Eg hugsar eg sa «her skal eg gå» då eg gjekk av båten. Men visste at eg måtte ta meg saman og få opp karakterane mine.

Tysdagane på Tranen gjekk praten om motivasjon, og Linda hjelpte ho.

– Eg blir gjerne litt for engasjert i samtalar, og bryt gjerne inn. I timane fekk eg merknader for dette, og Linda hjelpte meg å stoppa opp. Kvar gong eg merka eg berre måtte seia noko, skulle eg setja ein strek på penalet mitt, fortel ho.

Ingeborg fekk ein heil haug med strekar, og færre og færre merknader.

Nedturen

Alt såg lysare ut, men det skulle ikkje vare. Ingeborg sine foreldre fekk innkalling til samtale med rektor og lærar på skulen.

– Mamma og pappa følgde meg opp på aller beste vis, og dei sendte meldingar til skulen, var ofte på samtalar, og styrte på i hytt og pine. Dei engasjerte seg veldig – men opplevde nok avmakt, fortel Ingeborg.

Etter møtet var over sa rektoren at det ikkje var lov med ei slik ordning. Det var slutt på tysdagar på Tranen.

– Det var liksom det, og me gjekk heim. Det var vondt, fortel Ingeborg.

Det vart mange tårer og mange frustrerande tankar som kom den kvelden.

– Me fekk plutseleg ein telefon frå skulen og tilsendt eit rundskriv. Dette skrivet frå Utdanningsdirektoratet førte til at skulen måtte avslutta praksisen umiddelbart, fortel Linda.

– Me grein heile gjengen her, for dette var vondt. Me såg kor godt det var for Ingeborg å vera her, og me såg at karakterane henner vart betre, at hennar orden og åtferd var strålande, og at alt gjekk så bra med sjølvbiletet, seier Linda.

Ulik praksis

Kaptein Jarle Møllerhaug kunne ikkje slå seg til ro med beskjeden og tok kontakt med Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen som kunne opplysa om at rundskrivet skulle hindra skulen å misbruke høvet til å senda elevar til alternative opplæringsarenaer. Reglane var altså meint til å verna om  det beste for eleven, men måtte gjelda for alle.

– Eg opplever at dette er ein regel som vert tolka ulikt. Nokon stader tillet alternativ læringsarena slik me i Norled hadde lagt det opp med skulen, foreldra og PPT, medan andre ikkje gjer det, seier Jarle.

Linda snakka med skulen som sa dei kunne utarbeide eit pedagogisk opplegg, om det var det som var utfordringa. Men det hjelpte ikkje.

Skuleverket er for firkanta, det er ikkje rom for gode løysingar

 

– No er eg endeleg her på Gann! Foto: Janne Nerheim

Fastlåst

Så sto dei fast, og kom ingen veg. Avgjersla var endeleg. Linda ga seg ikkje med dette, så ho fann ut at ho skulle foreslå at Ingeborg kunne jobbe hos dei kvar tredje sundag i staden, sjølv om dette ville vera enormt tungt å kombinera med å gjennomføra 10. klasse.

– Plutseleg fekk eg ein telefon av Linda som sa «me taper kampen mot systemet, men me kan vinne likevel – du kan vera med oss på sundagar om du vil». Det gjorde eg, fortel Ingeborg.

Ho møtte på kaien i eitt år.

– Ho kunne faktisk velja å vera på kortare skift, men ho kom, og var med oss så lenge som mogeleg. Det var ikkje eitt einaste unntak, fortel Linda som tok på seg ansvaret med å følga opp.

Likar seg på skulen

Etter iherdig innsats i 10. klasse valde Ingeborg å søka på skuleskipet Gann. Ho gjekk opp ein heil karakter i snitt, og fekk fråværet ned, og orden på plass. Den siste dråpen på vekta, var ein attest frå Tranen – eit bevis på at ho hadde elska livet på sjøen så høgt at ho brukte helger og feriar på å jobba.

Så, denne hausten, eitt år etter den nedslåande meldinga, går Ingeborg på Gann og har funne sin veg. Ho trivst på skulen, og er glad ho ikkje slutta.

– Skuleverket er for firkanta, det er ikkje rom for gode løysingar. Og når ikkje systemet ser den enkelte eleven, er det godt foreldra og me andre som er rundt kan sjå, seier Linda. Ho utfordrar Fylkesmannen og kommunen til å våga å sjå den enkelte eleven.

– Me kan ikkje behandla alle elevar likt. Sjå for deg eit høgt gjerde. Tre gutar står og vil sjå det som er på andre sida, men dei må sjå over. Ein er høg, ein er middels høg og ein er låg. Om du gir alle ein bruskasse å stå på, vil framleis ikkje den lågaste sjå over gjerdet. Men, om du gir ein bruskasse til den mellomste, og to til den lågaste, ser alle. Det er slik det må vera, at dei som treng det, vert sett og får verktøya dei treng til å klara seg i skulen, seier Jarle.

– Me vil takke for at Ingeborg fekk denne sjansen. Linda og resten av mannskapet hjalp Ingeborg til å få tilbake trua på seg sjølv, seier Vivian Tofte. Ho er Ingeborg si mor, og er saman med far, Knut Grøseth, svært glade for at alt har ordna seg for Ingeborg.

 

Fylkesmannen: – Bekymra for elevar som ikkje får opplæringa dei har krav på

Me kontakta Kvinnherad kommune og Fylkesmannen i Hordaland for å høyre kvifor regelverket er slik det er.

– Me har ikkje hatt denne konkrete saka her hos Fylkesmannen, men fekk ein telefon frå Norled med spørsmål om tolking av regelverket, seier Hanne Melander, seniorrådgjevar ved utdanningsavdelinga.

Ho kjenner ikkje alle fakta i saka som var bakgrunnen for telefonen.

Skal beskytte elevane

– Me kommenterte at det er kommunen som må avgjera bruken av alternative opplæringsarenaer, og eg viste til rundskrivet frå 2010. Utdanningsdirektoratet har i dette gjort ei presisering av regelverket for å sikra at kommunane følger opplæringsplikta si ovanfor den enkelte eleven, seier Melander.

Ho fortel at bekymring for at elevar ikkje får den opplæringa dei har rett på, er bakgrunnen for at skrivet vart sendt ut.

– Me veit at det er elevar som ikkje får opplæringa dei har krav på, fortel ho.

Melander presiserer at elevar ikkje har rett til å få opplæring på ein alternativ arena, men at kommunen kan legga til rette for dette.

– Det er ikkje noko eleven kan kreva, seier ho.

Eit stort ansvar

Kvinnherad kommune, som Fylkesmannen viser til, har dette å seia om reglane:

– Det står i lovverket at det skal vera ein godkjent opplæringsarena, og det skal vera eit pedagogisk opplegg knytt til skulen, seier Anne Fosse som er skulefagleg rådgivar i Kvinnherad kommune.

Ho kan ikkje uttala seg om Ingeborg si sak, men fortel på generelt grunnlag at eleven som har alternativ opplæring skal få oppgåver som heng saman med det dei andre elevane i klassen gjer på skulen.

– Det er eit stort ansvar, og skulen må sikra oppfølging av eleven. Den som er ansvarleg for den alternative opplæringsarenaen må også ha politiattest. Det er slutt på den tida elevar vart sendt ut til all slags arbeidsplassar, og Utdanningsdirektoratet og kommunen stiller krav til opplæringsarenaen, seier Fosse.

Vanleg før i tida

Kvinnherad kommune har ein alternativ arena for dei elevane som treng det i kommunen.

– Det er klare retningslinjer for kva som skal skje på ein opplæringsarena. PPT er ikkje alltid klar over alle krav kommunen må stille til ein opplæringsarena. Det var som sagt meir vanleg med andre bedrifter før. Kommunen har ansvar for eleven uansett kva dei får opplæring, også forsikringsansvar, seier ho.