I India betalar «ingen» skatt

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor betalar «ingen» i India skatt

I 2016 betalte 19 millionar av statsborgarane i India skatt. I dei fleste land ville dette vore mykje, men sidan India er ein stat som har meir enn 1.324 millionar registrerte statsborgarar, utgjer dette under 1,5 prosent.

Dette er eit stort problem, ettersom landet har store problem med å skaffe nok pengar til mellom anna bygging og vedlikehald av vegar, sjukehus og skular. Berre små auker i skatteinntektene vil gjere dette langt lettare. Det vanlege økonomiske argumentet er òg at di meir staten brukar på å investere i desse tinga, di kjappare vil økonomien vekse og skape fleire jobbar til alle.

Av desse står om lag 220.000, 1,1 prosent av skattebetalarane, for totalt 45 prosent av heile inntektsskattinntekta til den indiske staten.

Kvifor så få skattebetalarar?

Årsaka til dette er at nesten 93 prosent av indarane tener mindre enn 250.000 rupi, 32.000 norske kroner, noko som gjev dei fritak frå skatt på inntekt. Enkelte yrkesgrupper, som bønder, er òg automatisk friteke frå inntektsskatt. Frå 2003 til 2015 gjekk faktisk talet på skattebetalarar ned, frå 27 til 19 millionar.

Finansminister Arun Jaitley, India. Foto: Pranshu Rathi/Flickr/CC-lisens.

Mange, både skattebetalarar og andre, rapporterer ikkje frå om store summar dei har tilgjengeleg heime i kontantar. Ni av ti betalingar blir gjorde med kontantar, og ein reknar med at den svarte økonomien er stor.

– At kontantar dominerer så totalt i økonomien gjer det mogleg for folk å unngå å betale skatten sin, sa finansminister Arun Jaitley i budsjettalen i parlamentet tidlegare i år.

Vil ha 100 millionar

Berre litt over 37 millionar leverer sjølvmelding, så det kan vere mogleg å auke dette. Statsminister Modi gjorde sedlar av høg verdi (500 rupi eller meir) verdilause på dagen i november 2016, noko som auka talet på sjølvmeldinger med nesten 10 millionar. Staten har som mål å registrere 100 millionar borgarar med sjølvmeldinger, og jobbar med tiltak for å få til dette.

Det viktigaste tiltaket for å nå målet er å lage eit fungerande identifikasjonsprogram som gjer det naudsynt å få ein verifisert digital ID for å kunne opprette bankkonto, ha mobilabonnement eller få støtte frå velferdsprogram frå staten. Eit anna tiltak er ein ny nasjonal salsskatt, GST, på opp mot 28 prosent.

– Det snakkast om at India kan bli like stort som Kina, men utviklinga heng etter. Denne reforma er eit viktig steg, sa strateg i Nordea Wealth Management, Sigrid Wilter Slørstad, til E24.