Kristina Leganger Iversen svarer i dette lesarinnlegget på Trude Mostue si rasing over den "helvetes nynorsken".

Kristina Leganger Iversen
Kristina Leganger Iversen

Hei Trude!

Eg beklagar at du og mange andre sleit med å lære å skrive nynorsk.

Samstundes synst eg faktisk meir synd i dei nynorske elevane, som ikkje får sjå hovudmålet sitt brukt i norsk riksaviser, reklamar eller magasin, for ikkje å snakke om alle journalistar som ikkje får skrive på språket sitt, fordi mange aviser har forbod mot nynorsk, eller fordi det er fordommar mot nynorsk, at det blir sett på som "dumt" og "bondsk". Altså, at haldningar slik som dine eigne dominerer.

Både i innlegget ditt og i kommentarane dine syner du også ei kunnskapsløyse, som du i tillegg verkar å vere stolt over. Nynorsk er ikkje eit "konstruert" språk, men eit skriftspråk som bygger på fellestrekka i det norske språket. Det er altså ikkje meir eller mindre konstruert enn norsk elles.

På den tida Ivar Aasen gjekk omkring i Noreg og samla inn dialektar, hadde vi berre eit skriftspråk i Noreg, nemlig det danske. Når bokmålsfolk synst det er vanskeleg å lære nynorsk i dag, kan ein berre sjå føre seg korleis det var for nordmenn flest på 1800 å måtte lære seg å lese og skrive dansk – særksilt på ei tid der forskjellen mellom norsk talemål og dansk var større enn det er i dag.

Til grunn for dette arbeidet ligger det altså både eit sosialt aspekt og eit demokratisk aspekt: Folk fortente eit norsk skriftspråk. Nynorsken var aldri eit elitespråk, men eit språk for folk flest. At det i dag er vanskeleg å lære, har mest av alt med at folk sjelden ser det: At kinofilmar ikkje blir teksta på nynorsk, slik streama serier ikkje blir det, slik riksavisene har redaksjonelt forbod, osb.

Du spør i ein kommentar kvifor folk tar dette personleg. Men som innlegget ditt sjølv syner, så påverker språk og språkkunnskap folk sine liv, Trude. Språka er måten vi kan knytte oss til andre menneske, og morsmåla våre, dei måtane vi har lært å snakke og etterkvart skrive, vil alltid bety mykje for oss.

Når vi må lære oss framande språk for å oppnå draumane våre, så opplevast dette som vanskeleg – særskilt når det eine språket bli usynleggjort og latterleggjort. Slik som du opplevde det eit par år, har mange nynorskbrukarar det heile livet.

Alt godt, 

Kristina Leganger Iversen

Les om Trude Mostue sitt innlegg her, der ho skriv om den "helvetes nynorsken".

LES OGSÅ: Nynorsk er faktisk det beste valet på alle måtar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE