Ja, det går an å få betre enn 6 som karakter på eksamen. Lone Kathinka Elisabeth Vik, Eirin Alvilde Nordeide og Karen Helset har greidd det.

mm
Faktaboks

► Fridthiov Oos’ legat er grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.
► Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.
► Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser og fleire forfattarar og politikarar.

Les intervju og fleire eksamenssvar frå tidlegare vinnarar!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er utruleg kjekt, og ikkje minst uventa! Telefonen ringte medan eg satt og las til eksamen, og eg vart såpass sett ut at det vart vanskeleg å fokusere på lesing resten av dagen, fortel Eirin Alvilde Nordeide, som gjekk siste året på Hafstad vidaregåande i fjor.

Ho er ein av tre vinnarar av Fridtjov Oos’ legat 2016.

Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen for Fridtjov Oos’ legat.

Juryen vel ut tre vinnarar kvart år, og no har Karen Helset, Lone Kathinka Elisabeth Vik og Eirin Alvilde Nordeide fått legatet på 5000 kroner for stilane dei leverte i fjor vår.

– Viktig å velje oppgåva som gir meg mest
I den prisløna eksamensoppgåva si tolka Nordeide novella «Viss det er sant» av Jakob Arvola.

– Eg les alltid gjennom alle oppgåvene før eg skal begynne å skrive, og så skriv eg ned dei første tankane eg gjer meg til kvar oppgåve. Eg vel så den oppgåva som gir meg mest. Denne gongen var det novelleanalysen. Eg fall for novella med ein gong eg las ho. Det var så mange moment å ta tak i, og novella har i mi meining ein utruleg viktig bodskap.

Juryen meiner teksten er velkomponert og løftar fram at Noreide dokumenterer at ho kan bruke kunnskap om novellesjangeren funksjonelt.

– Eg kan godt tenkje meg å anten bli politijurist eller jobbe i utanrikstenesta. Som jurist kan ein gjere mykje forskjellig, og eg har heldigvis nokre år til på studiet før eg må velje retning! seier Eirin Alvilde Nordeide. Foto: David Aasen

Oppmodar alle til å halda på nynorsken
Eirin Alvilde Nordeide studerer no jus på Universitetet i Bergen, og oppmodar alle som studerer jus og andre fag til å halde på nynorsken.

– Mange legg om til bokmål fordi det er «lettare» slik, sidan flesteparten av dei andre studentane skriv bokmål og alle lærebøkene er på bokmål, seier Nordeide.

For ho har aldri målforma vore noko problem.

– Det er nesten ein fordel at ein må leite litt ekstra for å finne ut kva eit ord eller uttrykk er på nynorsk, fordi ein får eit mykje meir aktivt forhold til stoffet heller enn å berre passivt skrive av det som står i ei bok eller på ein powerpoint under ei førelesning.

Les langsvaroppgåva til Eirin her!

Les kortsvaroppgåva til Eirin her!

Vil satsa på sjukepleie
Oppgåva med novelletolking fanga også interessa til Lone Kathinka Elisabeth Vik (bildet).

Juryen skriv at ho demonstrerer  kvalifisert kunnskap om novellesjangeren og innsikt og forståing av  bruken av verkemiddel.

Vinnaren gjekk siste året på Volda vidaregåande i fjor, etter to år på Stryn vidaregåande.

No går ho på 1. året på grunnskulelærarutdanning 5-10 i Kristiansand, men til hausten skal ho byrje på sjukepleiarutdanninga.

– I framtida vil eg jobbe som sjukepleiar og vere til hjelp for folk, og kanskje seinare ta vidareutdanning som helsesøster.

Les langsvaroppgåva til Lone her!

Les kortsvaroppgåva til Lone her!

Då Karen Helset frå Bjørkedalen i Volda leverte eksamenen, var magefølelsen heller dårleg. Foto: David Aasen

Hadde ei dårleg magekjensle
– Det at den teksten skulle halde til både toppkarakter og pris for Noregs beste nynorskeksamen, hadde eg aldri trudd då eg gjekk ut av eksamenslokalet for eit år sidan! Skriving er noko eg likar å halde på med, og det er sjølvsagt veldig kjekt å få så god respons på det eg skriv! seier Helset.

Det tok ganske kort tid for Karen Helset å finne ut kva for ei oppgåve ho ville svare på. I den eine oppgåva kunne ein nemleg skrive ein kreativ tekst.

– Essaysjangeren passar meg godt, sidan eg utfordre lesaren, kome med eigne tankar og meiningar, samt leike meg med språklege verkemiddel. Det er nettopp dette som gjer skriving så kjekt! seier Karen Helset.

I grunngjevinga til juryen heiter det at eksamensteksten hennar berører sterkt, både i innhald og uttrykk.

LES OGSÅ: Her er seksar-Torstein sine beste eksamenstips

Går på folkehøgskule
Etter Volda vidaregåande byrja Karen Helset på Høgtun folkehøgskule på Nordmøre.

– No er eg snart ferdig med eit fantastisk år. På hovudlinja mi har vi vore borti eit stort mangfald av aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv.  I november var nokre av oss på studietur til Kenya. Der vart vi vitne til store kontrastar, ekstrem fattigdom og ei enorm takksemd vi her heime kan lære mykje av. Det har vore eit svært givande og lærerikt år! Planen var eigentleg å starte på studiar rett etter vidaregåande, men no er eg glad for at eg venta eit år.

Sjølv har ho budd på hybel sidan ho var 15 år, saman med medelevar frå Bjørkedalen som sleit med dårleg bussamband.

Farmasi på topp
Framtidsplanane til Karen Helset er langt i frå spikra.

– Kva eg har lyst til, varierer frå dag til dag. Eg veit at eg vil jobbe med menneske, gjerne innanfor helse. På søknadslista mi til hausten, har eg alt frå medisin til lærar og psykologi. Førebels er det farmasi i Bergen som står øvst på lista. Eg tek det litt som det kjem – brått opnar det seg moglegheiter eg aldri hadde tenkt på før. 

Les fleire gode eksamenssvar her!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE