Eg fryktar at Høgre i regjering har blitt farleg

Geir Egil Eiksund
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg seier det rett ut: Eg fryktar at Høgre i regjering har blitt farleg. Farleg for retninga ordskiftet i landet vårt tek. Eg blir ikkje lenger sjokkert over kva integreringsministeren finn på av veljarsmisk, men at Høgre sit like stille i båten, same kva – det sjokkerer.

Det komande valet blir det viktigaste valet på lange tider, skriv Geir Egil Eiksund. Foto: Privat

Eg var av dei som hadde både tru og von om at Høgre skulle klare å gjere regjeringsdebutanten meir akseptabel i regjering, men at det i staden skulle ende opp med ein stilltiande aksept for retorikk som verkeleg ikkje høyrer heime i eit demokrati, det hadde eg aldri trudd.

Det komande valet blir viktig i ei tid der polariseringa er sterkare enn på mange tiår. Der hatet får legimitet til å vekse gjennom førebilete i vår eiga regjering. Gjennom ein statsminister som ikkje ser ut til å ha kontroll over sine eigne statsrådar.

Det handlar om å velje tillit og respekt framføre hat og polarisering

Det komande valet blir det viktigaste valet på lange tider. Og då tenkjer eg ikkje på arbeidsløyse, skattelette eller lærarløft. Det er grunnsteinen i samfunnet eg er redd for. Tilliten vi har hatt til kvarandre. Respekten vi har hatt for kvarandre. Kva skjer med han om vi får fire nye år med frie tøylar rundt om i departementa i Regjeringskvartalet?

Dette valet er langt viktigare enn valet mellom å fjerne eigedomsskatt eller velferdsprofitørar. Det handlar om å velje tillit og respekt framføre hat og polarisering. Og der har diverre Høgre, stilltiande, landa på det siste.

Godt val.

Innlegget var først publisert av forfattaren på Facebook.