Anything you can do, AI can do better.

Kunstige intelligensar (AI) tek stadig nye steg, og vi vekslar mellom å grue oss og å glede oss over dei stadige gjennombrota. Nokre gongar er vi heller ikkje heilt sikre på om dei er vener eller fiendar.

Men kvar går grensa for AI-ane? Kan dei lære kreativitet og historieforteljing?

Å fortelje ei god historie vert rekna som ein særeigen menneskeleg eigenskap. Historieforteljing rundt leirbålet for 300 000 år sidan var sentralt i utvikling av språk, samfunn og kultur for det moderne mennesket, og store litterære verk har prega millionar av menneske over tusenvis av år.

Big Data om litteratur og kunst?
Ein openberr fordel for kunstig intelligens er evna til å handtere store mengder data (Big Data). Ein robot kan lese og hugse langt fleire enn ei bok i månaden, og kan (når den får beskjed om det) kartlegge innhaldet på nye og interessante måtar.

Forskarane ved Google fortel at dei har fått ein av AI-ane sine til å lese nesten 3000 kioskromanar om solbrune kjekkasar og barmfagre kvinner i nød.

Prosjektleiar Andrew Dai fortalte til BuzzFeed at målet var å gjere samtale-eigenskapane til AI-en betre. Dei håpa at AI-en, som skulle brukast i andre av Google sine produkt, skulle få ein meir naturleg samtalestil etter å ha lese bøkene.

AI-en kan teoretisk sett også nytte kioskromanane som eit utgangspunkt for å skrive ein heil kioskroman på eigenhand, trur Dai ifølgje The Next Web.

LES OGSÅ: Vil definere robotar som personar

Analyserer mønster
AI-ar kan også trekke ut og analysere mønster, plot, karakterar, samspel og typiske setningar frå ein eller fleire bøker. Dette liknar arbeidet til litteraturvitarar, og AI-ar er ofte ein styrke i arbeidet, meiner data- og språkforskar Inderjeet Mani.

– Utan hjelp frå algoritmane ville forskarar hatt store vanskar med å kome fram til så spennande funn, skriv han om AI-en si analyse av Gustave Flauberts roman «Madame Bovary» frå 1857 på Aeon.co.

Tolking av store mengder data ligg også bak AI-ane sine måleeigenskapar. Nederlandske forskarar og kunsthistorikarar nytta i fjor vår ein AI til å komponere, planlegge og 3D-printe eit nytt Rembrandt-måleri. Resultatet vart overraskande overtydande:

Eit anna eksempel på kreativitet hjå AI-ar er IBM sin Watson, mest kjend for å hjelpe legar og kreftpasientar finne rett behandling, som i 2012 starta eksperimentere med å lage eigne matoppskrifter basert på analysar av talrike kokebøker.

LES OGSÅ: Sjølvstyrande bilar: Kven må døy?

Eigne tolkingar av verda
Ikkje berre må AI-ane lære kreativitet. Dei må også trenast opp til å observere verda slik vi menneske gjer. Utan observasjon, kan dei ikkje skrive og fortelje med eit språk som vi menneske identifiserer oss med.

Som ein test på dette, let Canadiske forskarar ein AI sjå på eit bilete av eit juletre med gåver under, eit klassisk julemotiv. Dei bad deretter AI-en om å synge ein julesong basert på biletet.

«Neural karaoke» kallar dei teknologien, og resultatet vart ei påminning om at robotane ser verda annleis enn det vi gjer.

Kan ein robot skrive ei bok?
Ja, i alle fall delar av ein roman. Kvaliteten er førebels så som så.

«Dagen ei datamaskin skriv ein roman» er tittelen på romanen del-forfatta av ein japansk AI, ein roman som nesten vann ein litterær pris i fjor.

Boka vart sendt inn til Hoshi Shinichi Literary Award, der 11 av dei 1450 bidraga var delvis forfatta av AI-ar.

Prosjektet med «Dagen ei datamaskin skriv ein roman» vart leia av Hitoshi Matsubara, professor ved Future University Hakodate. Han og teamet hjelpte AI-en med plottet til romanen, samt nokre detaljar om karakterane. Menneska bidrog også med eit lite utval setningar som AI-en nytta til å skrive romanen, om lag som ein svært lang og omfattande «autocorrect».

– I framtida vil eg utvide AI-en sitt potensiale slik at den liknar menneskeleg kreativitet, sa Matsubara i eit intervju.

LES OGSÅ: Robot går på skulen for Emma (10)

NaNoGenMo
November kvart år set tusenvis av hobbyforfattarar seg ved skriveborda sine med mål om å skrive ein roman på 30 dagar.

Også hobbyprogrammerarar nyttar November til eit liknande kreative prosjekt: å skrive ein kode som lagar romanen for dei. Prosjektet vart starta av Darius Kazemi via Twitter i 2013.

 

Definisjonen av ein roman på 50 000 ord er nokså fleksibel, men etter reglane skal deltakarane poste resultatet og kodesnuttane sine til GitHub. I 2015 vart det laga 500 slike «romanar». Eitt av bidraga frå 2014 var ordet «meow» repetert 50 000 gongar.

Menneskeliknande kreativitet
Til BBC opplyser Kazemi at ein av favorittane blant dei programmerte romanane er The Seeker, forfatta av thricedotted. Ironisk nok er forteljarstemma i romanen ein robot som leitar seg gjennom WikiHow for å lære å bli meir menneskeleg.

Felles for mange av desse prosjekta er målet om å få ein AI til å skrive slik som eit menneske. Erfaringane sålangt viser at AI-ane strevar med å forstå mangfaldet i språket vårt, kriteria for ei god historie og korleis ord skapar mentale bilete hos lesaren. Det er altså eit stykke att før AI-ane vinn skrivekonkurransar der vi menneske er juryen. Kanskje kan ei løysing vere å be AI-ane skrive for kioskromanar for kvarandre?

Om du har ein forfattardraum i magen kan du truleg ta det heilt med ro – enn så lenge.

LES OGSÅ: I Westworld er alt lov, er det greitt?

Oppdatert: tysdag 20. juni 2017 18.18

Kommentarar

ANNONSE