Marie (85) rører tusenvis på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Diktet til Marie (85) delt tusen gonger

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

– Ein som skreiv til meg sa at det var det sterkaste diktet han hadde lest, seier Marie Lovise Widnes til Vikebladet Vestposten.

85-åringen har gjennom eit langt liv dikta, skrive bøker, kåsert, vore landskjend songar og stortingsrepresentant for Sosialistik Venstreparti.

Laurdag la Marie Lovise Widnes ut eitt av sine tallause dikt på sin eigen Facebook-profil, eit dikt som verkeleg har rørt ved noko i sjela til fleire hundre, ja, kanskje fleire tusen menneske. Til no har innlegget med diktet blitt delt over tusen gonger.

– Eg la det ut på laurdag, og fram til søndag ettermiddag hadde eg fått så mange tilbakemeldingar i form av meldingar og epostar at eg nesten ikkje har ord. Eg blir nesten fortulla av alle tilbakemeldingane, men det er ei kjempeglede for meg, seier Widnes.

LES OGSÅ: «Ettertida vil dømme oss hardt»

– Håpar det verkar på folk
Widnes fortel at ho skreiv dette diktet for nokre år sidan, men at ho følte det var på tide å hente det fram, og publisere det no.

– Eg har skrive mange dikt gjennom livet mitt om krig og vold, og min motstand mot begge deler. Det er så kjekt for meg å vite at mange får sjå det, og deler det. Eg håper berre det verkar på folk, seier Widnes og legg til:

– Om eg får folk til å tenkje over sine meiningar kring til dømes situasjonen som no utspeler seg, med flyktningkrisa, krigsherjingar og terrorisme, så har eg lukkast.

Her er det sterke diktet i si heilheit:

Du vesle vakre jente.

Du vesle vakre jente, du vart berre fire år,
for ei bombe råka huset og tok livet ditt i går.
Vi fekk sjå ein haug ruiner, der du var då bomba fall, 
og den barneglade låtten din, han tagna då det small.

Slik går det, vesle jente, når dei hjernevaska menn,
ser på krig som lovleg handling, og når hat og makthug brenn,
Når dei sender landets ungdom ut i blod og skrik og gru,
og uskuldige lyt ofrast, men det visste ikkje du.

Du var vel kanskje heldig, når vi veit at far og mor,
måtte fylgje deg i døden, men du har ein liten bror
som fekk begge beina krasa. Alt var berre blod og skrik,
då dei grov han fram frå røysa mellom krusebrot og lik.

Du skulle hatt ei framtid, dansa glad og sorglaust fram,
men i staden vart du utpeikt som eit uskulds offerlam.
For det finst så mange bomber, og på sterke makters vis,
ser dei magre, svoltne ungar, som ein bra og naudsynt pris.

Det korte vesle livet og kvar draum du skulle drøymt,
dei vart borte liksom støvet, og for alltid gøymt og gløymt.
Utan makt er våre tårer, sorga grenselaus og sår.
Vi vert fattige, når barneblod skal dogge jorda vår.

Å vesle, døde jente, om det finst ein himmel til, 
med ein Allah eller Jahve, som på rett og rangt ser skil,
må du bede for dei styrande i alle verdens land,
at dei byter våre våpen i mot kjærleik og forstand.

Marie Lovise Widnes