AUF med størst medlemsvekst i 2025
Alle ungdomsparti auka medlemstalet i valåret. AUF er tilbake på topp når det kjem til medlemsvekst, medan FpU rykkjer forbi Unge Høgre på borgarleg side.
– Det er eit uttrykk for at veldig mange unge i Noreg ikkje går med på den individualistiske høgrebølgja som har ridd landet sidan koronatida.
Det seier Gaute B. Skjervø, leiar i AUF på telefon til Framtida.no. Han kan glede seg over at partiet hadde den største auken av medlemar blant ungdomspartia i 2025.
– Det viser ei sterk rettferdskjensle, som eg trur handlar mykje om Gaza og bekymring for Trump, samstundes som det viser at unge har tru på fellesskap framfor individualisme.
Det er ei heilomvending frå 2023 til 2024, då dei mista medlemar.
Medlemsvekst hjå alle i valåret
Framtida.no har spurt alle ungdomspartia med moderparti på Stortinget om medlemstala deira frå dei to siste åra, utanom støttemedlemskap. Vi har fått svar frå alle utanom Raud Ungdom.
Valåret har sett tydelege spor, for absolutt alle partia hadde medlemsvekst:

Dei forskjellige partia har varierande aldersgrenser, til dømes AUF og Unge Høgre med ei øvre aldersgrense på 35 år, og Grøn Ungdom på 28 år. Framtida.no har difor også spurt om medlemar under 26 år:

Om tala
Vi har spurt alle ungdomsparti med moderparti på Stortinget om kor mange betalande medlemar dei hadde i utgangen av 2025 og 2024.
Tala ekskluderer støttemedlemskap.
For eldre tal har vi brukt tidlegare saker frå Framtida.no, som også har henta tal direkte frå ungdomspartia.
Dei forskjellige partia har forskjellig maksalder på medlemar, frå 28 til 35 år, og vi har difor også spurt om kor mange medlemar som er under 26 år, for å ha direkte samanliknbare tal.
Alle utanom Raud Ungdom har svart oss. Grøn Ungdom har endra registeret sitt, og kunne difor berre gi tala for 2025, men inkluderte at medlemsauken deira var på cirka 250 medlemar frå 2024.
Størst vekst blant dei unge
– 2025 var eit heilt spesielt ungdomspolitisk år. Enormt fokus i media, sosiale medium, og det kjenner ungdomspartia på, og då er det for vår del godt å sjå at AUF framleis held stand som det suverent største ungdomspartiet, seier Skjervø.
AUF fekk over 5300 fleire medlemar i 2025, som er ein auke på over 80 prosent. Nesten alle desse var under 26 år, som vil seie at dei hadde ein auke på over 90 prosent blant dei yngste i partiet.

AUF var godt representert på skuledebattar rundt om i landet. Her frå Vinstra Vidaregåande Skule i 2025. Foto: Åshild Slåen
– Vi har jo vore til stades på så godt som alle vidaregåande skular i landet og er veldig aktive i å møte unge der dei er. Vi trur ikkje det held å møte dei på sosiale medium, fortel Skjervø.
Han viser til veldig aktive lokallag rundt om i heile landet som stod på for verving, og at dei hadde den største sommarleiren på Utøya på ti år, der dei hadde 1300 deltakarar.

AUF har ikkje hatt så høge tal sidan før pandemien.
Tidlegare har Noregs største ungdomsparti fått kritikk for måten dei har rekruttert inn dei yngste medlemmane sine, og lova ein oppvask i ververutinane sine. Sidan 2024 endra dei 10-kronarsmedlemskapen for dei yngste det første året, til 20-kronarsmedlemskap, fortel Skjervø. Etter det første året går dei over til eit medlemskap som kostar 50 kroner, dersom dei er under 26 år.
Skjervø er også tydeleg på at partiet vervar aktivt, og at dei er klar over at AUF-medlemskap ikkje er for livet.
– Einar Gerhardsen sa i 1961 at det vakre med AUF er at kvart landsmøte, som er annakvart år, så blir cirka ein tredjedel av medlemane bytte ut, seier Skjervø.
– AUF er noko du gjer ein kort periode i ungdomstida di, og så kjem eksamen og studietida og kjærastar og tek over fokuset, og det er bra, legg han til.
Leiaren fortel at dei mange nye medlemmane som kjem kvart år, sikrar eit høgt engasjement.
Minst vekst hjå Unge Høgre
Partiet med lågast vekst er Unge Høgre. Totalt fekk dei i underkant av 140 fleire medlemar i fjor, og 95 av desse var under 26 år.
Det er ein auke på like under 5 prosent totalt, eller like over 4 prosent for dei under 26 år. Med stor vekst blant fleire andre parti gjer det at Unge Høgre rykkjer ned til å vere det tredje største ungdomspartiet.

Best på høgresida
På høgresida er det FpU som gjer det best, og dei hamnar på andreplass totalt i medlemsauke, både i reine tal og prosent.
Dei fekk like under 1300 fleire medlemar i fjor, og litt under 920 av desse var under 26 år. Det er ein auke på over 54 og 51 prosent, og betre vekst enn året før, då dei hadde størst vekst blant alle ungdomspartia.

Med dette har FpU teke Unge Høgre sin plass som det nest største ungdomspartiet i Noreg.
Fjerde størst totalt
Det var mykje spenning knytt til KrF i valet, der dei så vidt kom seg over sperregrensa. KrFU gjorde også god figur med ein prosentvis medlemsvekst på over 41 prosent totalt, og 44 prosent blant dei under 26 år. Dei fekk like over 560 fleire medlemar i fjor, og like under 470 av desse var under 26 år. KrFU var det fjerde største ungdomspartiet når det kjem til totale medlemar.

Fjerde størst blant dei under 26 år
På venstresida gjer Sosialistisk Ungdom det godt, med ein auke på like under 440 fleire medlemar i fjor. Av desse var like under 430 under 26 år.
Det gir høvesvis ein prosentauke på over 33 og 37 prosent. SU kjem på fjerdeplass når det kjem til medlemar under 26 år, med Unge Høgre, FpU og AUF framfor seg.

Lågaste veksten i medlemstal
Venstre hamna under sperregrensa i stortingsvalet, og sjølv om det var medlemsvekst i ungdomspartiet, var det den minste i reine medlemstal.
Partiet auka med 110 medlemar i 2025, og 84 av desse var under 26 år. Det er ein auke på over 11 og 12 prosent.

Kjem tilbake etter dårlege år
Senterungdommen hadde eit dårleg år i 2024 samanlikna med dei andre partia, men har klart å snu det til ein viss grad i 2025.
Dei er ikkje tilbake til medlemstala før pandemien, men hadde ein auke på like over 120 medlemar, ein auke på 10 prosent. 94 av desse under 26 år, ein auke på over 10 prosent.
– Det er gledeleg at fleire opnar auga for Senterungdommen sin politikk. No skal vi brette opp erma for vidare medlemsvekst i 2026, legg partileiar Nils Forren til i e-posten om medlemstal.

God vekst for grøn Ungdom – men usikre tal frå tidlegare år
I fjor kunne Grøn Ungdom glede seg over at 19-åringen Frøya Skjold Sjursæther vart vald inn på Stortinget for MDG. Dei hadde også truleg ein solid medlemsvekst, men har endra registeret sitt, og kunne ikkje gi Framtida nøyaktige medlemstal frå før 2025.
Dei hadde totalt 842 medlemar i 2025, og 675 av desse var under 26 år. Dei kan opplyse om at dei fekk cirka 250 fleire medlemar i løpet av 2025, som gir ein cirka medlemsvekst på totalt 42 prosent. Med utgangspunkt i dei tala blir Grøn Ungdom ungdomspartiet med tredje størst prosentvis medlemsvekst, og dei slår både Unge Høgre, Unge Venstre og Senterungdommen når det kjem til vekst i reine medlemstal.








