Frp størst i heile landet, utanom to plassar: Sjekk skulevalresultatet i ditt fylke

Det borgarlege partiet gjer det desidert best i Møre og Romsdal, men fell bakpå i både Oslo og Finnmark.

Åshild Slåen
Publisert

Dersom skulevalet var stortingsvalet, ville Frp ha sikra ei fleirtalsregjering åleine. Dei har størst oppslutning i Møre og Romsdal, med 39,9 prosent av stemmene, og kjem sigrande ut i 13 av 15 fylke.

Oslo og Finnmark er dei som skil seg ut frå resten av Noreg.

Vel ditt fylke i nedtrekksmenyen for å sjå resultata der:

SV størst i Oslo

SV har hoppa fram i hovudstaden, og vart det største partiet i skulevalet med 22,3 prosent oppslutning. Det er ein oppgang på 2,8 prosentpoeng frå skulevalet i 2021.

På andreplass i hovudstaden kjem Arbeidarpartiet på 18,3 prosent, så vidt framfor Høgre med sine 18,2 prosent.

Oslo er også staden der Frp gjer sitt dårlegaste skuleval, med 15,1 prosent oppslutning.

● Les også: SV vann skulevalet i Oslo

Arbeidarpartiet størst i Finnmark

Lengst mot nord er det Arbeidarpartiet som står sterkast, med 27 prosent oppslutning, mot Frp sine 25,7 prosent.

Framstegspartiet har også der klatra oppover dei siste åra, med 3,5 prosentpoeng meir i år enn i 2021. I same tidsperiode har Arbeidarpartiet gått ned 0,5 prosentpoeng i skulevalet i Finnmark.