Sommarleir:
EU, klima og ruspolitikk – dette er hjartesakene til Unge Venstre
Framtida.no sin turné på dei forskjellige sommarleirane til ungdomspartia startar med Unge Venstre, og eit enkelt spørsmål til medlemane deira: Kva er hjartesaka di?

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
– Det er veldig enkelt. Det er klima som er mi hjartesak nummer éin, men det er òg delt med EU.
Det seier Kristian Birkeland (24) når Framtida.no besøker Unge Venstre sin sommarleir på Hove, like utanfor Arendal. Medlemmane til ungdomspartiet var samla der frå 2. til 6. juli, for politisk og sosialt påfyll.
Framtida.no greip sjansen for å finne ut kva dei forskjellige medlemane brenn for.
Birkeland meiner klima er den største saka i dag. Samstundes gjer krig i Europa og Trump som president i USA, at eit norsk EU-medlemskap er viktig for han.
– Eg synest vi bør stå saman med dei vi delar verdiar med, ikkje Russland, og ikkje med USA så mykje som vi gjer i dag, men stå saman med dei vi faktisk delar verdiar med. Det er også viktig å seie at EU er mykje betre i dag enn i 1994 på til dømes arbeidsrettar og på klima.
Han vil ha ei regjering som fører strengare klimapolitikk enn i dag.
Ein meir human ruspolitikk
– Den viktigaste saka for meg er ruspolitikken.
Jonathan Bruun (18) er leiar i Unge Venstre Trøndelag, og ein fargerik hatt vitnar om at han er trivselsvakt på leiren.
Framtida.no pratar med han under fotballturneringa til ungdomspartiet. Like ved fotballbana er det eit stort skilt med teksten «Bry deg – si nei til narkotika». Bruun er ikkje imponert over ruspolitikken til Noreg.
– Vi må få ein meir human ruspolitikk. Eg synest det er kjempeviktig, og at det burde vere ei sjølvfølgje at alle blir behandla som menneske og ikkje som kriminelle, berre fordi dei er rusavhengige.
Noreg inn i EU
– Den viktigaste saka er vel eigentleg at Noreg skal inn i EU. Ja til eit EU-medlemskap.
Victoria Michelle Wang (17) frå Oslo er bekymra for at Noreg ikkje har ei stor nok stemme ute i Europa.
– Det er veldig viktig med eit internasjonalt samarbeid. Vi er jo uansett ein del av Europa, så det er ikkje noko poeng å stå utanfor og ikkje samarbeide på det fullaste nivået.
Wang er ein av fleire på leiren som også er medlem i Europeisk Ungdom.
– Det er jo litt fint å vere der i Brussel og ha noko å seie, i staden for å stå utanfor.
Valfridom i skulen
– Det som er viktigast for meg er meir fridom i skulen, seier Sondre Undheim Lokøy (22).
I tillegg til å vere i sentralstyret til Unge Venstre, studerer han for å bli lektor. Difor er utdanning ei av dei viktigaste sakene for Lokøy.
– Å sikre at elevar får bestemme over eigen skulekvardag, både i forhold til valfag og i forhold til skuleval. I tillegg så må ein tenke litt nytt innan skuleverket i og med at vi har eit stort fråfall av lærarar, og gjere det lettare å vere lærar.
Lokøy vil at lærarar skal ha meir tid til å vere lærarar.
– Slik at ein kan følgje opp kvar enkelt elev framfor å måtte løyse andre oppgåver som vi kan hente inn andre yrkesgrupper til.