FpU med stor medlemsvekst i fjor – ser aukande trend i 2025

Samstundes slit Senterungdommen med å halde på medlemar.

Åshild Slåen
Publisert

– Dette er eit resultat av godt rekrutteringsarbeid og auka engasjement for vår politikk. Vi ser at ungdom i større grad bryr seg om politikk og deltek oftare i samfunnsdebatten – noko som er veldig positivt.

Det skriv Maia Søe Paulsen, generalsekretær i FpU, til Framtida.no på e-post.

Framtida.no har spurt alle ungdomspartia med moderparti på Stortinget om medlemstala deira frå dei to siste åra. FpU er det ungdomspartiet med størst medlemsvekst frå 2023 til 2024.

Maia Søe Paulsen er generalsekretær i FpU. Ho er optimistisk før størtingsvalet i år. | Foto: FpU

Totalt auka partiet med 482 betalande medlemar frå 2023 til 2024, og dei har no 2393 medlemar. Det er ein oppgang på 25,22 prosent.

Det er ei heilomvending frå nedgangen under koronapandemien, då medlemane fall frå 1550 i 2020 til 1219 i 2021.

FpU har maksimal aldersgrense på 30 år.

Etter totalt medlemstal var FpU i 2024 det tredje største ungdomspartiet i Noreg, etter AUF og Unge Høgre.

Framtida.no har etterspurt medlemstal frå Grøn Ungdom og Raud Ungdom, men har ikkje fått det.

Tydeleg strategi og dyktige medlemar

For Paulsen er det ikkje eit mysterium korleis dei har fått så gode tal:

– Vi har satsa på skulebesøk og sosiale medium dei siste åra, samstundes som vi skulerer og vidareutviklar våre aktive medlemar. Med god politikk, tydeleg strategi og dyktige medlemar kjem ein langt, skriv Paulsen.

Mykje tyder på at dagens unge vender seg meir mot høgresida i politikken. I november kunne FrP vise til ei måling der dei var det tredje største partiet blant studentar, med 17,8 prosent oppslutning.

Partiet ligg også an til eit godt val på nylege målingar, som det største partiet på borgarleg side ifølgje Altinget og ABC Nyheter sine mai-undersøkingar. Då er det særleg tidlegare Høgre-veljarar og dei som ikkje stemte under 2021-valet som lener seg mot FrP. Dette inkluderer førstegongsveljarar.

– Så langt i 2025 ser vi ein framleis aukande trend, og vi har stor tru på vidare vekst.

– Kva vil de fokusere på i valkampen fram mot hausten?

– I valkampen vil vi løfte fram bodskapen om meir fridom for unge, samtidig som vi byggjer vidare på det solide arbeidet vi har lagt ned dei siste åra.

Innhenta tal

Dei forskjellige ungdomspartia har forskjellige aldersspenn, med ei maksimal aldersgrense som varierer frå 28 til 35 år.

Når Framtida.no har spurt om medlemstal frå dei siste to åra, har vi også spurt om medlemstal for dei under 26 år, for meir direkte samanliknbare tal, som synest i grafane der vi har fått talet. Når vi skriv om auke og nedgang, både i konkrete medlemstal og i prosent, brukar vi likevel dei totale medlemstala.

Tala for 2020–2022 vart samla inn for to år sidan, og du kan lese korleis pandemien påverka partia i denne artikkelen frå 2023:

Få parti med vekst

Utanom FpU er det berre to ungdomsparti som har gått opp i medlemstal: KrFU og Sosialistisk Ungdom.

Sosialistisk Ungdom

Oppgangen til SU er ikkje dramatisk, med 8 fleire medlemar frå 2023 til 2024, ein oppgang på 0,62 prosent:

Dei hadde totalt 1297 medlemar i 2024.

SU har maksimal aldersgrense på 30 år.

KrFU

KrFU kan skryte av 107 fleire medlemar frå 2023 til 2024, ein oppgang på 8,51 prosent:

Totalt hadde dei 1365 medlemar i 2024.

KrFU har maksimal aldersgrense på 33 år

Størst nedgang for Senterungdommen

Den mest dramatiske nedgangen har vore hjå Senterungdommen.

I 2024 hadde partiet 1245 medlemar, ein nedgang på 305 medlemar, eller 19,68 prosent sidan året før.

– Denne nedgangen er lei. Vi veit at det trengst ein sterk Senterungdom og Senterparti om vi skal ha gode tenester i heile landet og for å halde Noreg utanfor EU, skriv ungdomspartileiar Nils Forren til Framtida.no på e-post.

Han trur nedgangen kjem av at 2024 var eit mellomvalsår, og dei veit at færre er engasjert i politikk då. Fleire av dei Framtida.no har vore i kontakt med seier valår ofte er gode rekrutteringsår.

– I tillegg er færre av dagens unge engasjerte i organisasjonsarbeid.

Under pandemien var det færre unge som melde seg inn i organisasjonar, viser ein rapport frå LNU frå 2023.

Nils Forren er leiar i Senterungdommen. | Foto: Senterungdommen

Skal fokusere på EU og narkotika

Éin ting tala ikkje viser er dei store omveltingane som har skjedd for Senterpartiet dei siste månadane, då dei gjekk ut av regjering.

– Vi har merka meir positiv merksemd, noko som teiknar godt for stortingsvalet!

Partiet arbeider med å få opp tala, og Forren har trua på at både valkamp og fokus på viktige politiske saker vil få gode utslag.

– Vi kjem til å fokusere på nei til EU, nei til narkotika og ja til gode tenester i heile landet.

Senterungdommen har maksimal aldersgrense på 30 år. Dei har ikkje kome med tal for dei under 26 år.

AUF er framleis størst

AUF, Unge Venstre og Unge Høgre sine medlemstal har også gått ned.

AUF

AUF er framleis det desidert største ungdomspartiet, med sine 6576 medlemar i 2024. Dette er likevel ein nedgang på 496 medlemar, eller 7,01 prosent, frå 7072 medlemar i 2023.

Det tyder ikkje at det går dårleg for AUF, for generalsekretær Halvor Endrerud kunne melde om 1000 nye medlemar i 2025 allereie i mars.

– Eg opplever at dette dreiar seg om at veldig mange unge no i ei uroleg verd ser til Arbeidarpartiet og AUF for svar, der dei tidlegare var meir skeptiske, skriv Endrerud til Framtida.no i ein e-post.

– Det er fantastisk spennande å vere ein del av. Det dukkar opp nye lokallag kvar einaste veke, og det er no ein vanvitig giv i laget. Dersom dette er ein indikasjon på resten av året så kan det bli eit ordentleg comeback!

Arbeidarpartiet opplevde generelt betre målingar etter Senterpartiet gjekk ut av regjering i februar, då dei henta inn både nye og kjente fjes til statsrådpostane.

AUF har ei maksimal aldersgrense på 35 år. Partiet ville ikkje skilje ut medlemstal på dei under 26 år, sidan alle har dei same demokratiske rettane i organisasjonen.

Unge Venstre

Med 160 færre medlemar i 2024 enn året før, eller ein nedgang på 14,36 prosent, får Unge Venstre verkeleg merke det.

Dei hadde 1114 medlemar i 2023, og 954 i 2024. Etter Senterungdommen har dei hatt den største nedgangen i prosent.

Den maksimale aldersgrensa til partiet er 30 år.

Unge Høgre

Etter AUF er Unge Høgre dei som har den største nedgangen i reine medlemstal. Partiet hadde 424 færre medlemar i 2024 samanlikna med året før, ein nedgang på 12,49 prosent.

I 2024 hadde dei 2972 medlemar, samanlikna med 3396 medlemar i 2023.

Den maksimale aldersgrensa til partiet er 30 år.