Nærskule, nærskule og nærskule – dette er hjartesakene til Senterungdommen

– Skulenedleggingane har råka lokalsamfunn på ein aggressiv måte, seier Anna Olea Bakken (22) frå Innlandet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg kjem frå Innlandet, og der har det vore veldig trasig det siste året, med nedleggingar av mange skular.

Det seier Anna Olea Bakken (22) frå Lesja, når Framtida intervjuar henne. Senterungdommen er på sommarleir på Senja, og no er deltakarane på utflukt til bedrifta SalMar ASA på Finnsnes.

Bakken fortel at utdanning, og då særleg vidaregåande skule, er hjartesaka hennar.

– Nedleggingane har prega både fylket og små lokalsamfunn, spesielt i utkantane, på ein aggressiv måte. Eg ønsker heller at dei som veks opp skal få skape positive minne til heimbygda si, i staden for at 16- til 18-åringar vert sende til ei bygd på andre sida av fylket.

Ho trur ikkje at siste ordet er sagt i skulesaka i Innlandet, men spår at det kjem til å verte ei viktig sak i valkampen.

Bakken fortel at det var bakgrunnen hennar frå gard som gjorde at ho enda opp i politikken, og konkret i Senterungdommen.

Anna Olea Bakken (22) meiner skulenedleggingane i innlandet har vore brutale mot lokalsamfunna som er råka. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg er oppvaksen med sau, og vi var hardt prega av rovdyr, særleg jerv. Det medførte ein generell irritasjon i heimen, men også eit engasjement for rovdyrpolitikken, seier ho.

Kort skuleveg

Også Isak Nygaard Takle (16) frå Salangen i Troms har skule som hjartesaka si.

– Eg vil at alle elevar kan få ha ein god skule nært seg, seier han.

Han fortel at han sjølv har vore heldig nok til å ha skulen ein kort køyretur unna heimen, sjølv om han er frå bygda.

– Sånn vil eg at det skal halde fram med å vere.

Takle fortel at han enda opp i Senterungdommen nettopp fordi det er viktig for han å halde liv i heile Noreg.

– Eg brenn for byda. Eg meiner bygda er viktigare enn byen, seier han.

Han rettar ei oppmoding til Senterpartiet om å lytte godt til Senterungdommen i saker som gjeld skulegang.

Isak Nygaard Takle (16) frå Salangen er kortreist senterungdom på leir. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Mange i Senterungdommen har gått på skule mykje meir nyleg enn dei i Sp. Dei bør spørje oss om råd, seier han.

Idrettslag og politi

Victoria Helene Gjelsvik Høydalsvik (15) frå Akershus fortel at heile familien hennar er interessert i politikk, og med ein far frå Sp som sit på Stortinget og har vore minister (Sigbjørn Gjelsvik), var det naturleg at ho fann vegen til Senterungdommen. Det har ho ikkje angra på.

– Mi hjartesak er at det skal vere tenester nær folk, mellom anna idrettslag, skular og politistasjonar, seier ho.

Nei til narkotika og lokal politistasjon vert viktige saker for henne i årets val.

Ytre og indre konflikt

Det er ingen tvil om at gode tenester – og særleg skule – i distrikta er høgt på prioriteringslista til dei fleste medlemmane i Senterungdommen. Det er difor eit friskt pust når Framtida kjem i snakk med Akayla Sivananthan (18) frå Akershus.

– Mine hjartesaker er utanrikspolitikk og psykisk helse, seier ho.

– Psykisk helse er noko som påverkar alle, uansett. Det er noko du lever med, det er helsa di! seier ho.

I utanrikspolitikken er det særleg to konfliktar ho engasjerer seg for:

– Eg brenner for Gaza og Ukraina. Eg synest det er heilt forferdeleg, seier ho.

Også Sivananthan fann vegen inn i politikken gjennom familien. Mor hennar sit i fylkestinget i Akershus.

Akalya Sivananthan (18) vart inspirert av mora si til å engasjere seg i politikken. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Ho er så dyktig, og då blir eg veldig inspirert. Ho er heilt fantastisk, seier Sivananthan.

– Vanskeleg å finne seg sjølv

Mats Storseth (25) frå Skaun i Trøndelag fortel at han engasjerte seg i Senterungdommen etter ein skuletur til Stortinget på vidaregåande. Dei spelte eit brettspel med handling frå Stortinget, og Storseth vart hekta. Han melde seg straks inn i det partiet han var mest einig med.

Den viktigaste saka hans var då å kjempe for den lokale skulen sin. Jåren-Råbygda skule, som var den siste nynorske skulen i Trøndelag, vart redda av Sp i den runden, men han har vorte lagt ned i seinare tid.

I dag er det derimot ei anna sak som ligg nærast hjartet hans:

– Det viktigaste for meg er psykisk helse, at vi har nære tilbod, at det ikkje skal gå lang tid frå du går til legen til du får hjelp. Du må sleppe å gå gjennom eit tungt system, men bør bli teke opp raskt. Det skal vere lett å få psykisk helsehjelp, seier han.

Storseth påpeikar at det er eit aukande problem med psykiske vanskar.

– Det er litt vanskeleg å finne seg sjølv i denne verda. Då må vi ha ei lett tilgjengeleg teneste som gjer det enkelt å få den hjelpa ein treng, seier han.

– Like gode tenester som i byen

Mats Storseth frå Skaun i Trøndelag melde seg inn i Senterpartiet etter ein klassetur til Stortinget. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Marianne Rossevatn (22) frå Hægebostad i Agder har òg teke ei familiær rute inn i politikken: Faren hennar sat i kommunestyret for Sp då ho vaks opp. Ho kjente sjølv tidleg på eit indre engasjement for politikken Sp førte.

– Hjartesaka mi er at vi skal kunne leve gode liv, uansett kor det er, anten du bur i ei lita bygd eller i byen, seier ho.

– Vi skal ha like gode tenester på bygda som i byen, det vere seg helsetenester eller skule og utdanning, seier ho.

Rossevatn, som er organisatorisk nestleiar i Senterungdommen, har ei oppmoding til moderpartiet sitt.

– Eg synest at vi i Senterungdommen kan pushe Senterpartiet meir på å jobbe for førebygging framfor reparering. Det gjeld på fleire område, i både ruspolitikk, helse og psykisk helse, seier ho.

Hege Wetås (f.v.), Anton Andreassen, Nina Fjellstad, Charlie Meurer-Lunde og Atle Måseide var på SU sin sommarleir på Utøya.