Sommarleir
Fotballfiksing og nostalgi – ein stemningsrapport frå Unge Venstre sin sommarleir
Korleis er det eigentleg å vere på ein politisk sommarleir? Framtida.no har sin første stemningsrapport frå dei som er tidlegast ute i år: Unge Venstre.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
Fredag 4. juli besøker Framtida.no Unge Venstre sin sommarleir på Hove utanfor Arendal. Etter nokre timar i bil kryssar journalisten over Tromøybrua til sørlandsidyll med klassisk norsk sommarvêr.
Fotballturnering dominerer første del av dagen. Det vekslar mellom regn og sol, og eit roterande utval kommentatorar gøymer seg under ein paraply medan dei tullar med laga som knivar om finaleplass:
– Viss valkomiteen høyrer dette, blir det oppfordra til å innstille nokon som kan spele fotball neste år.
Kommentaren blir møtt med latter og rop, sidan sentralstyret ikkje er det mest populære laget.
– Vi må alltid prøve å slå dei, seier Jonathan Bruun.
Han er leiar i Unge Venstre Trøndelag, og sjølv om han ikkje spelar, heiar han høgt på laget sitt: Agder og Trøndelags Sosialliberale forum. Fylkeslaget til Agder hadde ikkje nok spelarar til å danne eit eige lag, så dei fekk henge seg på trønderane.
– Men vi vann førre gong, så då kan vi vinne att.
Det blir seinare avslørt at sentralstyret har ein tendens til å «fikse» resultata sine frå fotballturneringa i årsrapporten, til stor protest frå medlemane på landsmøtet.
Vanlege ungdommar + politikk
Kvart år arrangerer dei fleste norske ungdomspartia ein sommarleir for medlemane sine. Målet er både å ha ei triveleg og sosial samkome, men også å sørgje for fagleg påfyll og politisk opplæring. På Unge Venstre sin sommarleir vekslar det mellom politikarbesøk, fotball- og volleyballturnering, debattskulering, talentkonkurranse og faglege føredrag.
På mange måtar liknar det andre sommarleirar der unge folk samlast. Dei forskjellige fylkeslaga søv i kvar sine hytter, det er bading, formaningar om at alle skal plukke opp søppel etter seg sjølve, og informasjon frå forskjellige stand som besøker leiren.
Oslo og Viken er godt representerte med medlemar, i tillegg til Innlandet og Trøndelag. Færre kjem frå utanfor dei største byane, og når Framtida-journalisten spør rundt etter folk frå Nordland, Troms eller Finnmark, får ho høyre at det berre var éin som meldte seg på frå nord.
Han skal visstnok eigentleg ha høyrd til Innlandet, men klikka feil i påmeldingsskjemaet.
Dårlege tal frå nord til trass: det er fleire enn berre Unge Venstre-ungdom på besøk. Systerpartia frå Sverige og Danmark er sjølvsagt inviterte.
– Det er sjovt. Det er første gong eg er her, og ja, det er riktig hyggeleg.
22 år gamle Leonardo K. Holberg frå København heiar på laget Kalmarunionen, der danske og svenske gjestar kjempar tappert mot nordmenn på heimebane. Han er invitert med systerpartiet Radikal Ungdom, ungdomspartiet til Radikale Venstre i Danmark.
– Er det annleis frå heime?
– Eg trur folk er litt yngre her enn i Danmark. Kva elles?
Han snur seg til naboen Maja Sivebæk Aarup (22), som også er frå København.
– Vi har også ei fotballturnering på denne måten med lokale lag som spelar mot kvarandre, så det liknar verkeleg.
Ho har møtt mange frå Unge Venstre før, men synest det er fint å bli kjent utanom politikken. Samstundes kjem ein ikkje utanom politikken i eit valår i Noreg.
– Det er fint å bli litt brifa på norsk politikk og kva som skjer. Mykje av deira politikk er jo det same som i vårt parti, med målet om å kome inn i EU som eit spennande punkt.
EU og god mat
Om ein har følgt med litt i norsk politikk, er det ikkje overraskande kor mange EU-flagg ein finn på Unge Venstre sin sommarleir. Europeisk Ungdom har sett opp ein stand under tak, saman med eit par andre organisasjonar, og i løpet av fotballturneringa får dei hanka inn fleire nye medlemar.
– Hugs å setje meg som vervar, seier ein av dei som har rekruttert fleire.
Etter litt småprat med dei som er på stand, er det tydeleg at Unge Venstre sin sommarleir er ein av stadene dei får best velkomst.
Medlemskap i EU er hjartesaka til fleire av medlemane Framtida pratar med på leiren. Ei av dei er Victoria Michelle Wang (17) frå Oslo, som er medlem av Europeisk Ungdom.

Jonathan Bruun, Kristian Birkeland, Sondre Undheim Lokøy og Victoria Michelle Wang har klare tankar om kva som er dei viktigaste sakene i det komande stortingsvalet.
– Eg var eigentleg ikkje så veldig begeistra for leir, men så kom eg hit, og det er veldig godt opplegg.
Wang har vore medlem av Unge Venstre i to år, men i år er fyrste gong ho er på sommarleiren. Fotballturneringa var eitt av høgdepunkta hennar, fram til oslolaget Grundes Gærninger (oppkalla etter stortingsrepresentant Grunde K. Almeland frå Oslo), tapte to-null mot Trøndelag.
– Elles har det eigentleg vore dei forskjellige føredraga. Vi har hatt Trine Skei Grande på besøk, som hadde eit utruleg føredrag der eg vart veldig rørt.
Det faglege påfyllet fall også i smak hjå Kristian Birkeland (24), som er leiar i Unge Venstre Bergen. Framtida pratar med han etter eit klimaføredrag frå tidlegare Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.
– Eg vil ha mykje strengare klimatiltak. Som vi no akkurat høyrde på det siste foredraget, så er klima vår tids største utfordring, og då kan vi ikkje ha ei regjering som gjer absolutt ingenting for klima.
Det er andre gongen han er på sommarleir, og han kan avsløre at han likar maten betre denne gongen, samanlikna med i fjor:
– Førre gong var det fylkeslaget som laga maten, no er det ikkje lenger fylkeslaget, vi har catering frå leirsenteret, så då blir det litt betre.
Barnsbein på Tromøya
Som leiar i Unge Venstre fram til 2021, er Sondre Hansmark veteran på sommarleir, sjølv om det er nokre år sidan han var her sist.
I tillegg til føredrag, er han der for å gi unge stortingskandidatar ekstra opplæring før valet … og litt for å mimre tilbake til si eiga sommarleirtid:
– Eg har jo gått mine barnsbein her og flørta med jenter og kost meg i mange år, så det er stas å vere tilbake.
Hansmark synest ikkje så mykje har endra seg. Tromøya er den faste staden, fotballturneringa har den same rivaliseringa, og Unge Venstre-medlemar er framleis glade i quiz.
– Alt er som før, eg kom nettopp og gler meg til å sjå innslaga i kveld og vere med på festlegheitene.