Norsk ungdom deltar i europeisk ungdomsstreik
Youth International Strike mobiliserer ungdom i 24 europeiske land til internasjonal ungdomsstreik mot krig, klimakrise og dårlege levekår. Raud Ungdom og fleire ungdomsorganisasjonar deltar.

Youth International Strike vil mobilisere ungdommar over heile Europa på fredag. Foto: Skjermdump / Instagram
– Ungdom vil ha eit skulesystem som strekker til, dei vil ikkje døy i krig, og dei vil ha ei leveleg framtid, seier Alexandra Joy Messel Øhrn Fredwall til Framtida på telefon.
Leiaren i Raud Ungdom (RU) seier at partiet vil slutte seg til den internasjonale ungdomsstreiken fordi dei meiner det rørsla står for, er viktig.
– Eg trur ungdomsrørsler verda over inspirerer kvarandre til å stå opp mot urettferd og for ei leveleg framtid.
Internasjonal streik
Fredag 20. november arrangerer RU ungdomsstreik.
Streiken er knytt til den europeiske rørsla Youth International Strike. På nettsidene sine varslar dei streik i 24 land på fredag.

Raud Ungdom håpar at mange vil møte opp på den norske streiken på fredag. Foto: Skjermdump / Instagram
I ei pressemelding skriv Youth International Strike at unge menneske i Europa skal samle seg for å krevje ei betre framtid, blant anna på grunn av utdannings- og bustadkrise, militarisering, aukande levekostnadar og klimakrise.
RU er ansvarlege for organiseringa i Noreg, og opplyser på nettsidene sine at blant anna Antirasistisk Senter, Oslo Sosialistisk Ungdom, LO-studentene i Oslo, Stor-Oslo Humanistisk Ungdom og Natur og Ungdom har slutta seg til arrangementet.
RU arrangerer streik i Bergen, Oslo sentrum og på Universitetet i Oslo.
Ungdomsrørsler i heile Europa
Dei siste månadane har det vore omfattande ungdomsdemonstrasjonar i store delar av Europa, blant anna i Frankrike, Italia og Spania.
Forskarar peiker på høge levekostnadar og ei oppleving av å ha det verre enn tidlegare generasjonar som motivasjon for ungdommane.
Du kan lese meir om ungdomsrørslene her:
Vil mobilisere så mange som mogleg
No vil RU at Noreg skal slenge seg på demonstrasjonsrørsla.
– Me meiner at streiken er veldig viktig. Me har vore på skulebesøk opp mot streiken, og då seier fleire unge seg einige i at streiken er naudsynt.
Fredwall meiner at unge føler seg svikta av politikarane.
– Me har mange krav, nokre meir konkrete og nokre meir generelle.
Det er fordi dei ynskjer at så mange organisasjonar som mogleg vil stille seg bak demonstrasjonen.
RUs hovudkrav handlar om klimatiltak, forbod mot atomvåpeninvesteringar i Oljefondet, meir satsing på utdanning, mindre militær opprusting og solidaritet med Palestina.
– Målet er å mobilisere så mange som mogleg. Me vil vise norsk ungdom at det er mogleg med ei anna verd, og at me berre kan få det til saman.
Dei håpar mange kjem på streiken, men dei veit ikkje noko om kor mange som kjem til å kome.
– Ein treng ikkje vere einig i alt for å delta. Det viktigaste er å dukke opp og vise politikarane at me vil bli tatt på alvor.






